tirsdag 24. november 2009

PISA, TIMSS og PIRLS


For nokre år sidan blei det mykje balluba rundt internasjonale undersøkingar. Vi var visst elendig her på berget. I ettertid har ein sett at det var meir fornuftige ting å lese ut av desse enn dommedagspripaganda over norsk skole. For meg har desse forkortingane vore litt samansausa så eg lagar meg ei kort oversikt her:

PIRLS:
I 1991 var IEA (The International Association for EValuation of Educational Achievement) ansvarleg for den første internasjonale leseundersøkinga som Noreg deltok i. Denne omfatta 9 og 14 åringar i 32 land.
På slutten av 90 talet tok IEA initiativet til ei ny leseundersøking, nemleg PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study). Undersøkinga kartlegg leseforståing blant 10 åringar og blei først gjennomført i 2001, så i 2006. Planen er at PIRLS skal gjennomførast kvart 5. år. Altså blir neste gong i 2011.
I PIRLS blir heile klassar trekt ut til å delta

PISA
(Programme for International Student Assessment) er ein internasjonal komparativ studie i regi av OECD. Den blei første gong gjennført i 2000. Nye data blir henta inn kvart 3.år.
Her er det 15 åringar som blir testa. Fokuset er på kompetanse som ein ser som viktig for å kunne fungere som ein aktiv og reflektert borgar i morgongdagens samfunn. Tre fagområde blir kartlagt: lesing, matematikk og naturfag. Undersøkinga varierer ka for eit av faga som får mest prøvetid. Lesing i 2000, matematikk i 2003 og naturfag i 2006. I 2006 deltok 57 land med hovudvekt på OECD landa. Utvalget blir trekt blant alle 15 åringar ved den enkelte skole, uavhengig av kva klasse eleven går i.
Du kan finne dømer på faglege oppgåver på http://www.pisa.no/

TIMSS
(Trends in International Matematics and Science Study). Denne blir gjennomført i regi av IEA. Studien dekkjer både matematikk og naturfag. Undersøkinga har røter så langt tilbake som til 1970 då den første studien i realfag i regi av IEA blei gjennomført.
Dei faglege prøvane er meir læreplan-nære enn i PUSA. Det er 9 og 13 åringar som blir undersøkt. I den form den har nå (trender) blei den først gjennomført i 2003 og skal takast kvart 4. år.
Det har vore ei TIMSS studie i 1995, men då stod T-en for tredje ikkje trend :)
Her blir òg heile klassar trekt ut til å delta.
Du kan finne oppgåvedømer på http://www.timss.no/

Ka eg les ut av SSB sine tolkingar av resultata av desse studia får kome seinare.

fredag 20. november 2009

Færre små grunnskolar - fleire større.

Eg les SSB (Statistisk sentralbyrå) sine analyser for utdanning 2009. Boka heiter: Utdanning 2009 - læringsutbytte og kompetanse.
Statistisk materiale er ikkje alltid like interessant, men dette syns eg har mange sider eg må gruble over.


Til dømes viser dei til at det blir færre små grunnskolar i landet. Det vil seie at det dei siste 10 åra har minka med 218 grunnskolar. Antalet med det grunnskolar med 300 elevar eller meir har auka. Dvs at fleire av dei små er spist opp av større slik at dei er blitt endå litt større.
I Sandnes har det vore store debattar om små skolar kontra store. Det har vore politisk umogeleg å legge ned små skolar. I staden har vi i økonomisk trange tider fått ein merkeleg mellomting. Ein rektor som er på to stader... Erfaringen med det er blanda. Rektorane gjev tilbakemelding om utfordringar i fht det å vere ein synleg leiar, bygge kultur for at dei er eit personale osb.
Eg må innrømme at eg ikkje greier å sjå det store i idyllen med dei små skolane. Forsking viser at blir ein først utestengt her, så blir ein det grundig. Å vere annleis er ikkje lett. Men sjølvsagt er skolen viktig for lokalmiljøet, men kan andre ting vere det? Skal ein oppretthalde noko fordi det alltid har vore sånn?

På den andre sida er eg jo spent på koss dei store skolane blir opplevd. Syns at eit elevtal mellom 3-400 er omtrent perfekt. Då får ein såpass store trinn at det er ressursar nok til å kunne drive diverse tilpasningstiltak. Dvs at ein lett kan lage grupper og utnytte ressursen godt. Men eg seier ikkje at vi har nok ressursar bare vi blir store nok. Nei, eg opplever at det er altfor stramt. Det er såpass mange elevar som vi kunne hjelpt betre, men som vi ikkje rekk. Tar vi den gruppa som mange likar å dra fram for tida, dei fagleg flinke, så er det vanskeleg å gje dei utfordringar når det er elevar som treng så mykje for i det heile å kome i gang. Vi har lyst til å hjelpe begge vidare. Så kor blir handlingane etter dei fine politske orda?

I Sandnes skal vi skjere ned med nærmare 50 stillingar og auke elevtalet i kommunen på same tid. Det politiske målet er at vi har dei beste skulane i landet.... Trur ikkje eg seier meir om den saka akkurat no.

Trykker du på overskrifta kjem du til det SSB har skrive på nettet om saka.

onsdag 18. november 2009

Elevvurdering

Sandnes kommune skolerer ei gruppe lærarar i vurdering. Eg har hengt meg på. I dag var det elevvurdering med fokus på undervegsvurdering/ framovervurdering. Til mi store overrasking har ikkje UIS (universitetet i Stavanger) internett-tilbod til folk som er på dagskurs. Du må vere student for å bruke det opne nettverket. Det der er amatørmessig, UIS.

Eg fekk altså ikkje skrive inn notatene direkte i bloggen, men har kopiert dei inn.
----
ELEVVURDERING SAMLING 18.NOVEMBER 2009
Stad: UIS
Førelesarar: Lars Helle og Nina Helgevold.
Tekst i kursiv er eigne tankar undervegs. Altså ikkje noko førelesarane er ansvarleg for.

Mål for dagen: Å bidra til å utvikle en vurderingskultur.

To retningar i det nasjonale prøveprosjektet:
1. Skolar som har prøvd ut vurderingskriteriane som var ferdig laga
2. Skolar som skulle lage eigne kriterier.

Evalueringa seier:
Lærarane treng eit godt verkty for elevvurdering. Fortolking, dømer, rettleiing, praktisering, samarbeid og tilbakemelding.
Det må laga felles kriterier frå øverste hald i skolesystemet.

Vurdering som en del av det store bilete.

Vurdering er å verdsette.

Pedagogisk: Vurdere er å måle kvaliteten av noko i forhold til ein gitt kvalitetsstandard. Men gjer vi det? Kva er kriteria? Er det vi privat som lagar kriteria? Vår standard er i stor grad subjektiv.

Her trur eg LH er inne på noko grunnleggande. Vi er uklare i kriteria på førehand og vi lar våre eigne kjepphestar styre dette. Tydeleg kjem nok dette fram i norskfaget der ein blir prega av kva ein syns er viktig (skrivefeil, skildring, sjanger…). Elevane langt opp i vidaregåande meiner det er viktig å vite kven som skal rette, for dei skriv etter det dei veit den læraren vil ha. Korleis kan vi unngå denne fella?

Coffield mfl 2004(gjort på amerikanske 16 åringar):

Faktorar som har størst effekt?
1. Tilbakemeldingspraksis 1.13
2. Kvalitet på undervisninga/instruksjon 1.04
3. Læringsmiljøet 0.56
4. Samarbeidslæring 0.50
5. Lærarens undervisningsstil 0.42
6. Individualisering
        a. Læringsstilar 0.14

I ein periode der mange har ”Blanke ark” og Dunn og Dunn framfor seg, blir denne eit tankekors. Vi veit ingenting om korleis individualiseringa var og om testen ville vere lik på norske elevar. Kommunar som har gjennomført læringsstilar grundig, jf. Skien mfl har svært gode resultat.

Men spørsmålet er om vi rettar merksemda mot dei rette tinga.

Kva er det motsette av vurdering? Likesæle?

Samanliknar vi oss med eit internasjonalt gjennomsnitt kjem vi dårleg ut i fht lekser. Resultata er frå Timms 8.trinn matematikk

(tala mine er ikkje heilt korrekte, men sånn nokolunde)

Oppgåve                                         Noreg               Internasjonalt gj snitt

Sjekkar lekser                                   20%                    80%

Rettar lekser med tilbakemelding 4%                      55%

Elevane rettar sjølv                       10%                     35%

Diskuterer lekser                           10%                      30%

Lekser tel i karakteren                   20%                      28%


Vi er ein av dei som gjev mest lekser og som gjev minst tilbakemelding på dei. Kan vi gjere det annleis?

--------

Nina :

Alt elevane gjer er tilstand for vurdering i England. Dette regimet har dei hatt lenge og vi er på veg inn i det. ”You don’t fattening a cow by weighting it”.

Stm nr 16 :
”I norsk skole har manglende evalueringskultur ført til utilstrekkelig oppfølging av elevene og redusert deres faglige utviklingsmuligheter. OECD mener at en skolekultur preget av lave forventningar til elevens frremgang er en viktig forklaring på det relativt lave ferdighetsnivået og den sosiale reproduksjonen i det norske systemet” s.77

Ny forskrift til vurdering

1. Eigenvurdering
Tydlegare på at eleven har rett og krav på å få ei vurdering
Nokre viktige prinsipp som alle må ha framfor seg:
  A. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei (tydelege mål og kriterium)
  B. Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen
  C: Elevane skal få råd om korleis dei kan få råd om korleis dei kan forbetre seg
  D. Elevane skal vere involvert i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og eigen fagleg utvikling.

Eleven sin innsats skal ikkje med i den faglege vurderingsgrunnlaget.

2. Undervegsvurdering.
På kva måtar gjev eg undervegsvurdering i klasserommet? Dette kan vere både skriftleg og munnleg. Det står ikkje at det er pålagt skriftleg, men er nok ein fordel.

Undervegsvurderinga skal hjelpe oss i argumentasjonen i arbeidet med om eleven treng spesiell oppfølging.
Samtalen 1-2 gonger i året er ein del av undervegsvurderinga

Eigenvurdering har fått eit eige punkt. Det er stor bruk av eigenvurdering i norsk skole. Mykje skjema. Kan vi gjere det på andre måtar?

3. Halvårsvurdering
Elevane skal ha halvårs vurdering i fag. Kan koplast mot foreldresamtale. Vi kan ta eit stopp der. Kor er eleven no. Korleis vil vi ha det på vår skole? Det står ikkje at halvårsvurderinga skal vere med føresette. Sluttvurdering når ein er ferdig med faget.

Desse tre punkta er viktig å rydde vurderinga i.

Dokumentasjonen ligg i arbeidsbøker, testar mm. Vit at du bruker det i ein eller annan samanheng. Kor finn vi det i dei ulike område? Kva skal vere på strukturnivå, på internt nivå osb.

Her har vi eit ryddearbeid. Resultat ol blir veldig privatisert mellom lærar og elev. Den som overtar har lite skriftleg materiell.

I undervegssamtalen bør det òg vere eit fokus på neste halvår. Tenk nøye på om det er i forbindelse med foreldresamtalen ein skal gjere det. Nordahl: Vaksne har av og til behov for å vere vaksne saman. Skal ungane heile tida vere med på samtalane?

Tankar rundt kva som bør vere i mappene:
• Fråvær
• Skoleplassering
• Resultat av kartlegging og notat til halvårssamtalen.

Kor flinke er vi til å bruke læreplanen og så setje mål for temaet/timen/dagen?

Undervegsvurdering/vurderingsverkty- eit praktisk perspektiv

Det er lite oppsummeringar i klasserommet. Det er òg ein del av undervegsvurdering. Kor er eg? Koss forstår eg dette? Bruk språket. Du må snakke om målet om det som står på planen. Koss får elevane tak i alt vi har tenkt.

Kan vi flytte nokre av samtalane inn i det kollektive rommet? Kan andre lære av det?

Black & Williams: Inside the black box (skolen er den svarte boksen)

Starten og oppsummeringa må henge saman.

Kan vi ha mindre ”gjeringar” og meir oppsummering og forståing.? Oppsummering på tavla som kanskje står til neste dag og kan gjentas då før ein går vidare?

Kva er det viktigaste i faget mitt som dei skal lære denne veka? Dette spørsmålet skal du stille deg kvar veke!

Kvifor vurderer eg?

• For å kontrollere?
• For å skape læring?

 Undervegsvurdering skal informere og motivere

Kven skal vurdere?
• Læraren
• Eleven

Har skjema våre læringseffekt? Undervisning er relasjonelt. I skjema legg vi ofte ansvaret heilt over på eleven. Læraren må utfordre eleven på kva læraren kan gjere for at eleven skal forstå betre.

Målark har lagt ansvar på eleven for det han ikkje veit. Må brukast i samtale med elevane.

Still spørsmål om noe du har behov for få svar på.

Kva gjer at Ringstabekk held koken? Dei har open vurdering: Kva var bra? Kva kan bli betre? Kvifor og korleis?

Vurdering som kontroll og vurdering som læring.

Tankar: Evaluerer vi i klasserommet? Vi gjer lite av det på fellesen. Bør kanskje kjøre eksempel med oppsummering og evaluering av læringsøkter personalgruppa har.

Vi begynner med teori, så fokus på trinnet med ka vi vurderer undervegs pr i dag og ka vi ønskjer å vurdere.

Kva er bra her? Koss kan vi setje dette i system?

Framovermelding (Lars)
Kan bli same ulla men nytt ord. Det er viktig å setje fokus på kva eleven eigentleg bør gjere.
Kva er det som gjer at vi i nokre situasjonar står i det sjølv om det buttar (jmfr IKEA pakke og skriving for Lars)? Veit vi det i forhold til våre elevar?

• Meistring
• Ros
• Konkurranseinstinkt
• Forventningar i miljøet
• Foreldra sin rolle

Meistring. Utfordring kontra tryggleik. Flytsona….

Elevar som finn på masse rart når dei skal gjer oppgåver, kan gjere det i angst for oppgåva og det dei må seie til dei andre i friminuttet. (blyantspissing, rydding av ransel, toalettbesøk)

Ein elev med lite meistringsfokus, kva vil han velje når han kan velje vanskenivå? Per Ravn: Meistringsmotivasjon. 1 fordi då har han ingen utfordring eller 5 då har han ingen nederlag ved å ikkje få det til.

Den mest brukte læringsstrategien i norsk skole er individuell oppgåve besvarelse. Er læraren sitt kritt blitt erstatta av eleven sine gule strekar. Våre elevar har færre læringsstrategiar enn land vi kan samanlikne oss med. Prosessen fram til resultatet er viktig. Knytt tilbakemeldingar opp til noe eleven kan gjere noko med. Kontrollerbare faktorar er viktig.

-------

Nina:

Feedback
Feed forward
Feed up

På alle nivå må kriteria vere kjente.
Kva er mine eigne mål:

To stars and a wish. Set deg to mål og eit ønske. Dette kan du gjere for eleven og eleven gjere for seg sjølv

Ipsativvurdering (lars) kombinere det individorienterte mot det kollektive. ”Eg skal gjere arbeidsoppgåva mi”. Det vi ser spesielt etter. Sjå eleven er òg å sjå læringsutviklinga deira. Kan bruke to stjerner og eit ønske i tilbakemeldinga til eleven.

Skal Sandnes kommune legge krav til kva som skal vere i elevmappa (arkiv)? Eit spørsmål frå kursdeltakarar.

---

Ein interessant dag. Eg ser vi har eit stykke å gå. No skla eg saman med It'learning gruppa mi finn eit område vi vil prøve vurdering på.

tirsdag 17. november 2009

Då har startskotet gått


Eg har ei stund tenkt at eg trengte ein stad å skrive ned tankar/ førelesingsnotat/ kursskriblerier/ tips og alt anna eg har i hovudet når det gjeld skole; pedagogikk, leiing, politikk (her må kanskje ein skoleleiar vere forsiktig(?) osb.

Altså om det spennande, krevjande, utfordrande, utmattande og lærerike livet som arbeidet i skolen er. Alt sett med mine rektoraugo