fredag 20. november 2009

Færre små grunnskolar - fleire større.

Eg les SSB (Statistisk sentralbyrå) sine analyser for utdanning 2009. Boka heiter: Utdanning 2009 - læringsutbytte og kompetanse.
Statistisk materiale er ikkje alltid like interessant, men dette syns eg har mange sider eg må gruble over.


Til dømes viser dei til at det blir færre små grunnskolar i landet. Det vil seie at det dei siste 10 åra har minka med 218 grunnskolar. Antalet med det grunnskolar med 300 elevar eller meir har auka. Dvs at fleire av dei små er spist opp av større slik at dei er blitt endå litt større.
I Sandnes har det vore store debattar om små skolar kontra store. Det har vore politisk umogeleg å legge ned små skolar. I staden har vi i økonomisk trange tider fått ein merkeleg mellomting. Ein rektor som er på to stader... Erfaringen med det er blanda. Rektorane gjev tilbakemelding om utfordringar i fht det å vere ein synleg leiar, bygge kultur for at dei er eit personale osb.
Eg må innrømme at eg ikkje greier å sjå det store i idyllen med dei små skolane. Forsking viser at blir ein først utestengt her, så blir ein det grundig. Å vere annleis er ikkje lett. Men sjølvsagt er skolen viktig for lokalmiljøet, men kan andre ting vere det? Skal ein oppretthalde noko fordi det alltid har vore sånn?

På den andre sida er eg jo spent på koss dei store skolane blir opplevd. Syns at eit elevtal mellom 3-400 er omtrent perfekt. Då får ein såpass store trinn at det er ressursar nok til å kunne drive diverse tilpasningstiltak. Dvs at ein lett kan lage grupper og utnytte ressursen godt. Men eg seier ikkje at vi har nok ressursar bare vi blir store nok. Nei, eg opplever at det er altfor stramt. Det er såpass mange elevar som vi kunne hjelpt betre, men som vi ikkje rekk. Tar vi den gruppa som mange likar å dra fram for tida, dei fagleg flinke, så er det vanskeleg å gje dei utfordringar når det er elevar som treng så mykje for i det heile å kome i gang. Vi har lyst til å hjelpe begge vidare. Så kor blir handlingane etter dei fine politske orda?

I Sandnes skal vi skjere ned med nærmare 50 stillingar og auke elevtalet i kommunen på same tid. Det politiske målet er at vi har dei beste skulane i landet.... Trur ikkje eg seier meir om den saka akkurat no.

Trykker du på overskrifta kjem du til det SSB har skrive på nettet om saka.

Ingen kommentarer: