tirsdag 24. november 2009

PISA, TIMSS og PIRLS


For nokre år sidan blei det mykje balluba rundt internasjonale undersøkingar. Vi var visst elendig her på berget. I ettertid har ein sett at det var meir fornuftige ting å lese ut av desse enn dommedagspripaganda over norsk skole. For meg har desse forkortingane vore litt samansausa så eg lagar meg ei kort oversikt her:

PIRLS:
I 1991 var IEA (The International Association for EValuation of Educational Achievement) ansvarleg for den første internasjonale leseundersøkinga som Noreg deltok i. Denne omfatta 9 og 14 åringar i 32 land.
På slutten av 90 talet tok IEA initiativet til ei ny leseundersøking, nemleg PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study). Undersøkinga kartlegg leseforståing blant 10 åringar og blei først gjennomført i 2001, så i 2006. Planen er at PIRLS skal gjennomførast kvart 5. år. Altså blir neste gong i 2011.
I PIRLS blir heile klassar trekt ut til å delta

PISA
(Programme for International Student Assessment) er ein internasjonal komparativ studie i regi av OECD. Den blei første gong gjennført i 2000. Nye data blir henta inn kvart 3.år.
Her er det 15 åringar som blir testa. Fokuset er på kompetanse som ein ser som viktig for å kunne fungere som ein aktiv og reflektert borgar i morgongdagens samfunn. Tre fagområde blir kartlagt: lesing, matematikk og naturfag. Undersøkinga varierer ka for eit av faga som får mest prøvetid. Lesing i 2000, matematikk i 2003 og naturfag i 2006. I 2006 deltok 57 land med hovudvekt på OECD landa. Utvalget blir trekt blant alle 15 åringar ved den enkelte skole, uavhengig av kva klasse eleven går i.
Du kan finne dømer på faglege oppgåver på http://www.pisa.no/

TIMSS
(Trends in International Matematics and Science Study). Denne blir gjennomført i regi av IEA. Studien dekkjer både matematikk og naturfag. Undersøkinga har røter så langt tilbake som til 1970 då den første studien i realfag i regi av IEA blei gjennomført.
Dei faglege prøvane er meir læreplan-nære enn i PUSA. Det er 9 og 13 åringar som blir undersøkt. I den form den har nå (trender) blei den først gjennomført i 2003 og skal takast kvart 4. år.
Det har vore ei TIMSS studie i 1995, men då stod T-en for tredje ikkje trend :)
Her blir òg heile klassar trekt ut til å delta.
Du kan finne oppgåvedømer på http://www.timss.no/

Ka eg les ut av SSB sine tolkingar av resultata av desse studia får kome seinare.

Ingen kommentarer: