onsdag 27. oktober 2010

Livet

Onsdag 20.oktober blei ei god veninne 65 år. Same dag fann kjærasten henne død ved PC-en. Hjarta hadde stoppa midt i kvardagens aktivitet.

Det var ikkje til å fatte. Ho hadde nettopp blitt pensjonist. Ho og kjærasten hadde vore ein biltur i deira kjære Tyskland. Så sa det altså stopp. Hjarta ville ikkje meir. Uforståande for oss som var rundt henne. Ho hadde så mykje meir ho ville gjere. Reise, sjå, lese og samtale med menneska ho var glad i.

Då telefonen kom, var alt uverkeleg. Då eg skulle ringe vidare og fekk responsen: "Er det sant?" blei eg i tvil. Kanskje eg hadde høyrt feil, kanskje eg rota litt... Men då eg såg den svarte bilen med ein kvit kross på, stå ved inngangen hennar, visste eg at eg ikkje hadde høyrt feil. Det var sant. Eg tente mange ljos, både inne og ute den kvelden. Måtte bare.

No er dei praktiske tankane innom midt i alt. Ho har nøkkel til heimen min, eg har nøkkel til hennar. Det må vi ordne. Ikkje viktig akkurat no, men noko eg må hugse.

Fredag må vi gjennom det verste. Den augneblink då det byrjar å gå opp for oss. Kista, gravferda, den lange turen til gravplassen. Skjønar godt at ho vil ligge der ho kjem frå og der foreldra er. Det er noko med å høyre til. Ikkje den same kjensla på ein gravplass i ein by ein ikkje kjem frå. Tenkjer av og til det på det sjølv. Har sagt til dei nærmaste kor eg vil ligge. Rart ka ein tenkjer på. 

---
Vi stoppar opp, tenkjer at så brått kan det ta slutt. Det gjeld å leve og ta vare på kvarandre og livet her og no. Så hastar vi vidare. Ka er det vi hastar slik for? Er det for å ta igjen livet? Eller har vi ikkje tid til det?
Eg kjenner at jobben kryp inn i heile meg. Eg er trøytt når arbeidsdagen og dei daglege gjeremål er over. Skulle så gjerne tatt meg tid til vener, oppleve meir kultur osb. Mens eg tenkjer på det, går dagane. Eg blir litt redd av det.
-----

Kjære Torhild. Takk for alt du var!

Torhild saman med gode vener

søndag 26. september 2010

Lukka er mat, vin og reise

Eg er litt forelska i matbøker utan at det viser igjen i den daglege matlaginga... Men fryden over bileta og menyane er stor :).

I ein lengre periode no, har eg hatt Hagerup & Børresen si bok "Lykke i Piemonte" på nattbordet. Eg har kost meg med ho som om det var nattmat eg hadde med meg i senga. Lese litt om gangen, tenkt og kost meg. Her er det seriøse deler med med god informasjon om vingårdar i Piemonte og vintypar. Fakta, rett og slett. Så kjem det gode oppskrifter på italiensk mat. Innimellom alt dette fornuftige, fortel Klaus Hagerup om reisa, møtene, syklinga, maten og vinen på sin måte. Vimsekopp, pessimist, nysgjerrigper og klok. Ja, han er det meste.

Boka var ein fryd. Og eg har fått meirsmak på nattmatbøker (dvs. nattbordbøker om mat). Ikkje blir ein feit av det heller!

Det er så mange spennande bloggar

Då eg starta denne bloggen, tenkte eg at det ville vere ein blogg der skole og litteratur fekk plass. Eg har trass alt ein eigen blogg for hundeliv og hundetrening (http://firbeint.blogspot.com/) og ein for reiseskildringane mine (http://ferdaminne.blogspot.com/) så då var det vel bare skole og litteratur igjen...

Men det var det jo ikkje. Etter at eg fekk meg speilreflekskamera er fryden over fotografering komen tilbake. Det har jo begynt å vise i bloggen.

Det siste halve året har eg blitt oppteken av kosthaldet mitt og helsa mi. Blodtrykket var altfor høgt, kiloane kraup på kroppen sakte, men sikkert. Og med tanke på at eg snart rundar eit halvt hundre og hjartetrøbbel, diabetes, fedme mm ligg i slekta så var det bare å ta tak. Etter ein solid kur, er det å få kosthaldsendringa inn i kvardagsrytmen for godt. Og det er ikkje lett for travle dagar der det enklaste er å kjøpe brød og ost. Ja, og kanskje den der fristande sjokoladen sidan blodsukkeret er på botn akkurat når eg handlar.

På jakt etter gode mattips, dukkar det jo opp bloggar som handlar om livsstil, mat mm. Tenkte ei stund på å ha etikett for livsstil og for foto òg, men har bestemt meg at eg samlar dei på heimesida (http://www.oesterhus.net/)  og heller kommenterer dei her om eg kjenner behov for det.

fredag 17. september 2010

Skoledebattar i media

Dette begynte eg på forrige sundag. Ikkje alltid ein rekk å bli ferdig :)

Sundag føremiddag og eg blar meg gjennom morgonens twittermeldingar. Og jammen var det skole som var på tapetet hjå både den eine og den andre. Trur eg vil samle nokre av lenkjene her og kanskje kommentere litt etterpå.

Aller først Klassekampen og nivådeling i skolen. Det er blitt ei utfordring for oss at dei for å unngå at det blir laga faste nivådelte grupper, lagar lovverk som gjer oss ganske så bundne i noko som skulle vere fleksibelt. Vi ser til dømes at det å ta ut elevar for lesing med lærar 15-20 min kvar dag, ikkje kan gjerast utan at vi skriv enkeltvedtak. Altså blir PPT innblanda og det som kunne vere fleksibelt blir fastlåst. Elevar som boblar opp og som vi set inn hastetiltak, må det skrivast og godkjennast i hytt og ver. I alle fall kjennes det slik. Forstår jo tanken om at elevane skal sikrast sine rettar, men forsvinn ikkje av og til det beste for eleven i paiprmølla? Skolen vår opplevde å få den tillitserklæringa ( i alle fall oppfattar eg det slik)då ein etat sakna ein del papir frå oss på ein elev at ein annan etat sa: "Ja, skolen manglar litt formelle papir og vedtak, men dei har gjort alt det rette og verkeleg gitt denne eleven det han trengte i denne tida". Vi skreiv sjølvsagt det vi måtte i ettertid. Eleven og medelevane må vere i fokus og kome først. Eg vil heller ikkje ha den nivådelinga dei er redd for. Eg vil ha tilpassa opplæring og hjelp til den som treng det.


Så elev i vidaregåande som gjekk frå stryk til 4 etter klage. Bergens Tidende. Treng eg sei meir? Korleis kan dei som er så opptekne av at til og med dei yngste treng karakterer, tru så klippefast på at dette er objektivt?

Om sosiale medier i undervisninga. Sett frå elev i vgs sitt perspektiv. Spennande og utfordrande for oss som skal prøve å henge med og bruke det som er nyttig og utviklande i alt det som fins. Vi har ein lang veg å gå. Det er ein stor prosent av lærarane som ikkje ser poenget med sosiale medier i det heile så kvifor øydelegge undervisninga med det?

Eit slag for læraren. Les og ta det til deg, du dyktige lærar!

Utdanningsrevolusjon?

Eg har fått tilsendt ein filmsnutt til ettertanke. Mislukkar vi i skoleverket? Får vi ikkje fram kreativiteten? Trør vi på draumane til barna? Blir alle middelmådige og ikkje den dei kunne blitt?
Lytt til filmen og tenk. Gje gjerne tilbakemeldingar

 Bring on the learning Education

fredag 10. september 2010

Arbeidsbeskrivelse for lærere

Har fått flere spørsmål om arbeidsbeskrivelsen til kontaktlærerne. Skulle ha lagt den ut på twitter, men strevde litt med å få det til, så jeg gjør det på enkleste måten - kopierer den inn i bloggen :)

Arbeidsbeskrivelse for kontaktlærere


Formål:
Å skape et godt læringsmiljø på trinnet og sikre tilpasset opplæring for den enkelte elev.

Ansvarsområde:
Kontaktlærer skal ha ansvar for de praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjøremål som gjelder eleven, bl.a. kontakt med hjemmet.

Kontaktlærers arbeidsoppgaver:
• Arbeider etter gjeldende læreplan
• Veilede elevene i forhold til læring og utvikling.
• Dokumentere elevenes faglige utvikling.
• Tilpasse elevenes arbeidsplan.
• Holde god kontakt mellom skole og hjem.
• Sammen med trinnkontakter arrangere 2 foreldremøter pr år.
• Høstens møte arrangeres av trinnets kontaktlærere.
• Vårens møte arrangeres av trinn- og FAU-kontakter.
• Gjennomføre elevsamtaler med kontaktelevene.
• Gjennomføre planlagte samtaler med foreldre/foresatte minst 2 ganger årlig.
• Har ansvar for at samtalene dokumenteres og arkiveres.
• Kompetansemålene skal ha fokus i samtalene
• Føre elevenes fravær.
• Følge opp skolens krav til elevenes orden og oppførsel.
• Sørge for god informasjon og kontakt med hjemmet.
• Følge opp kontaktelever med spesielle behov i dialog og samarbeid med spesialpedagog og sosiallærer.
• Skrive IOP og halv/årsrapporter i samarbeid med de involverte parter (foresatte, kollegaer..).
• Ha kontakt med andre etater og instanser som PPT, barnevern, Østerlide, helseforetak, Hjelpemiddelsentralen og BUP. Eventuelt i samarbeid med ledelsen.

søndag 5. september 2010

Kalender i It's learning og på heimesida

Det er spennande med sosiale medier. Eg sendte ut eit spørsmål i verdsrommet og tilbake kom det glupe svar. Her er det eg har gjort for å få til ein kalender i It's learning utan å bruke den innlagte kalenderen.
Google kalender var meir effektiv fann eg fort ut.

Men for å starte. Eg sendte ut spørsmålet på twitter og fekk desse lenkjene:
Takk til @sersdal for kjapp hjelp. Eg imponerte då det var på plass ved skolestart :)

No har eg òg lagt inn kalenderen på heimesida. Men her er det bare det som kan vere av interesse for foresatte. Våre interne kalendermeldingar kjem ikkje her. Se www.minskole.no/austratt Lenkja finn du i venstre marg.

Eg såg etterkvart at det var dumt å legge aktivitetskalenderen under nyhende då den kom lenger og lenger ned på lista i It's learning så eg plasserte den i venstre marg i staden. Fungerer fint der.

Den som fikk plass i It's learning inneholder kalenderane:
  • Austrått skole (samme som den foreldrene ser)
  • Personalet (datoer mm som personalet må huske). Interne møter (AMU, medbestemmelse, plangruppe...) og tema for rektors tid (fellesmøtet)
  • fri personal (her skrives det inne når noen har ferie/permisjon mm) Greit å vite i planlegging
  • SU FAU møter
Vi diskuterer korleis vi skal få til romreservasjon på best muleg måte. Truleg blir det It's learning sin kalender som vil bli brukt for den, men er ikkje sikker. Andre som har gode forslag?

Vi oppdaga òg det smarte med RSS på meldingane frå oss i leiinga. Glimrande å få oversikt over ka som er sendt ut utan å måtta opne It's learning.

søndag 29. august 2010

Når det meiningslause skjer

På fredag var eg med på den siste reisa til Vegar på 6 år. Det var trist, det var sterkt, det var.... vondt. Det oppleves så meiningslaust at eit barn på 6 år skal døy. Og heldigvis leita heller ikkje presten etter meininga i det meiningslause. Han tok utgangspunkt i han som venta ved porten til sommarlandet.
Vegar var blitt så glad i boka "Sommerlandet" av E. Skeie. Eg har ikkje lese fortellinga, men skal få gjort det snarast.

I går opplevde familien noko heilt uventa: Maakeberget, supporterklubben til fotballklubben Haugesund (FKH) hadde laga banner til ære for Vegar. FKH spelte mot Tromsø i ein kamp som blei sendt på NRK. Eg såg den ikkje, men har fått rapportert at Arne Scheie (NRK reportar) hadde sagt nokre ord om markeringa til Maakeberget før kampen. Det Maakeberget gjorde i tillegg til banneret, var å ha 1 minutt stilla då kampen byrja og deretter song dei: Tir'na Noir.
Eg må seie eg er imponert over slike supportarar. Fekk utvida mitt syn på fotballfolk ;). Her er lenkje til kvifor Maakeberget var så engasjert.
Dette skreiv dei på sida si:
" For oss i Maakeberget e der i tillegg ein markering for lille Vegar, ein tapper liten FKH-fan som måtte gi tapt for sjukdom.For oss alle har han gitt oss ein tankevekkar om å leva livet nå, stå sammen og ta vare på kverandre! Her e link te historien som har rørt det indra hos mange av oss. Våre varmaste tankar og medfølelse går te familien som me håpe sette pris på markeringen vår!



Hvil i fred, Vegar!"

---
Kven var så Vegar? Jo, for eit år sidan var han ein sjarmerande gut på 5 år. Han var farmor sin vesle helt og som søster til farmor fekk vi med oss gløden og gleda dei hadde saman. I august 2009 fekk han leukemi. Det viste seg å vere ein hissig variant. Det var lange periodar på sjukehus med oppturar og nedturar. Foreldre som fekk knalltøffe dagar der jubel over livet (Vegar blei storebror utpå hausten) skulle blandast sterkt med sorg over sjukdom.

Gjennom dette året fekk foreldra og erfare det norske helsevesen på godt og vondt. Alle ville dei vel. Men det finnes medikamenter, behandlingar osb som er utprøvd i andre land og som Noreg ikkje tar i bruk. Om det er økonomi som til sjuande og sist ligg bak, kan ein kanskje ikkje seie sikkert. Men skremmande er det om ikkje alt blir sett i verk for å redde ein i startgropa på livet.

Då legane gav opp, gav ikkje foreldra opp. Far stod på for å få tak i det som kunne hjelpe og begge foreldra sloss som løver for guten sin. Ikkje gav han opp sjølv heller. Han var tydeleg på ka han ønskte å få gjort om han skulle døy (legane meinte i løpet av mai). Han skulle til farmor og farfar og han ville treffe heltane sine i FKH. Begge deler og mykje meir rakk han. Han viste ein klokskap og gjorde eit sterkt inntrykk på menneska han møtte det siste året. Det kom i gang ei bønegruppe for han på facebook (Be for Vegar) som fekk nærmare 15.000 medlemmar.

Eg håper at far til Vegar ein dag greier å skrive om opplevingane og erfaringane deira. Han har ein klok penn.

Avsluttar med Vegar sin onkel Ingvar sine ord: "Tapet knuser meg. Minnene limer meg sammen".

Kvil  i fred, Vegar! Og send nokre glade tankar til mamma, far, Sondre, farmor, farfar, onkel Ingvar og alle andre når dei saknar deg som mest.



mandag 23. august 2010

Kjære Kristin

Eg hadde tenkt å krype tidleg til køys i kveld. Skal på eit heildagsmøte om dei trange tider kommunen eg arbeider i, går i møte. Vi har spart såpass mykje frå før så no er vi gang med ka i kunnskapsløftet vi kan kutte ut. Resten av veka skal eg fortelje foreldre at vi gjer vårt beste for barnet dei er bekymra for. Og det er nettopp det vi gjer: Det beste av det vesle vi kan tilby. Men ikkje det beste for barnet.

Men så var det kvifor eg ikkje kryp til køys. Jo, eg har tenkt på deg i dag. Eg veit du har lytta på lærarane og at du vil skolen vel. I lang tid har eg undra meg på om all denne velviljen, kjem til å gjere skolen vel. Ein time har vi fått ekstra i barneskolen. Takk for den.
Vi prøver å bruke tida så effektivt at det meste går til læring. Kan då bli litt frustrert over fruktordningar, fysisk fostring og leksehjelp. Det er mykje organisering, men treff vi dei du tenkte vi skulle treffe? Dette er jo typiske foreldreoppgåver der nokre foreldre sviktar/ ikkje kan løyse denne oppgåva. Var det ikkje ungane deira vi skulle hjelpe?
For å seie det enkelt: Vi gjer vårt beste, men undrar oss over koffor det var det som blei satsing på skolen? Kven andre enn dei som ikkje har nokon til å lese saman med seg, treng leksehjelp på 1.trinn?

I dag starta eg morgonen med å storkose meg over nyhende om at det skulle bli fleire lærarar pr elev. Såg haukane for meg, der dei hang over den stakkars eleven :).

Eg er etterkvart blitt eit skolemenneske med lang erfaring, både som lærar og leiar. Og eg må nok seie meg einig i forskninga om at det ikkje er elevtalet under 20 som kjem til å avgjere om vi blir den beste skolen i verda. Det er læraren og hennar evner til å få elevane med seg. Og det er ei kjempeutfordring. For mange dyktige lærarar må kreativiteten stoppast litt fordi dei har elevar som ikkje fiksar endringar (sjølv om ein stor del i klassen hadde tent på det). Det sit ein med Downs i klasserommet. Korleis skal dei få han med på laget? Assistenten gjer sitt beste, men får eleven det han ville ha fått viss han hadde gått i spesialskole? Det har han jo rett på. Kontaktlæraren ser einsemda hjå eleven, men kan ikkje tvinge dei andre til å bli vener med han på fritida. Foreldra ønskjer det.
Ein av elevane er så lett å tenne at dei andre sit og tar det meste derifrå fordi dei er redde. Skuldrene er stive hjå fleire av dei. Ei slit med lesinga. Ho hadde trengt at ein person sat ved sida av henne ei stund og hjelpte henne på veg. Osv osv.
Alle desse sit i klasserommet til den dyktige læraren. Og eg er stadig imponert over ka desse dyktige lærarane får til, men eg ser og fortvilinga over at dei ikkje får gitt dei meir. Dei har ein draum om verkeleg få hjelpt alle til å sjå "lyset". Diverre måtte den stille Ole, den flinke Per greie seg sjøl denne timen òg. Dei forstår heldigvis fort ka oppgåva er.

Og det er det eg har tenkt på, Kristin. La det vere over 20 i klasserommet (men ikkje over 30), men hjelp oss å gje desse som treng ein til ein eller som treng andre typar tilbod, ei skikkeleg satsing. Vis at regjeringa meiner alvor når dei satsar på skole. Våg å ta diskusjonen om alle elevar skal gå i den såkalla normalskolen/ nærmiljøskolen. Er dette det beste for ungen, eller det beste for meg? Kan alle skolane få tak i kvalifisert arbeidskraft til alle typar? Er leksehjelp det beste for ungen eller den enklaste for mor og far?  Skal vi våge å seie at dtilbodet er for dei skolen og foreldra blir einige om at treng det? Eller er likskap/ rettferd at alle skal få?

Det var det eg tenkte på i dag.

søndag 8. august 2010

Triveleg sommarlektyre


Når eg er på ferie i utlandet,liker eg å lese engelske bøker. Det hjelper meg i språket, syns eg. No er ikkje engelsken min så god at eg kastar meg uti avansert litteratur, men vel fort lettleste romanar.
The Reading Group av Elisabeth Noble er ein slik. Boka er på ca 550 sider.
Vi møter 5 kvinner som startar lesegruppe. Alle kjenner ikkje kvarandre i starten. I løpet av året blir vi meir kjent med dei og livet deira. Utgangspunktet er boka for den månaden. Her er kanskje eg prega av at dette ikkje er morsmålet mitt for eg greier ikkje alltid å sjå koblinga mellom romanen dei les og livet dei diskuterer. Har ei kjensle for at det er det forfattaren har tenkt. Men kanskje eg tek feil her.

Vi møter:
Clare: jordmor og ulukkeleg barnlaus. Ekteskapet er sterkt prega av dette.
Harriet: Småbarnsmor. Har ein god ektemann, men drøymer om at graset er grønare ein annan stad. Var det verkeleg dette som var livet?
Nicole: Småbarnsmor med ein rundbrennar til mann. Tilgjev heile tida.
Susan: Godt gift, har vaksne barn og ei gamal mor. Her er problematikken rundt det å ha ei mor som etterkvart blir sjuk
Polly: Skilt, har halvvaksne barn. Tør ho gå inn i nytt ekteskap?

Ettersom året går, skjer der ein del i livet til desse kvinnene som gjer at dei må ta nye og alvorlege val. Eg kjente eg likte å følge med i dei ulike livssituasjonane. Ikkje at eg likte alle løysingane, men eg likte å følge med :)

No er det tilbake til bunka med bøker som ligg og ventar på haust og vinter.

onsdag 4. august 2010

Årsplanleggaren

Skolens årsplanlegger
Eit av mine mål dette skoleåret er å få samle og effektivisere informasjon/ planar osb betre enn slik vi har hatt det. Det er mange nye ved skolen og dei kjenner ikkje automatisk til kor vi har lagra planar og nyttige tips.

Første steg er at personalet møter vår eigen ÅRSPLANLEGGER når dei kjem på skolen. Her finn dei personaloversikt, reglement, arbeidsinstruksar, oversikt over skolegården og bygget, satsingsområda ... (sjå eit av bileta). Flest sider tar jo sjølve kalenderen. Ei veke går over 2 A4 sider. Her står det kva som må hugsast på. Tema for div møte, fristar, åremålsdagar. Grunnen til at det ser ut til at vi bare har 4 timar, er at vi bare har det :). Vi har økter på 60 minutt. Årsplanleggaren blei på 128 sider.

Dei to første sidene
Døme på ei av planleggingssidene

Oversikt over innhaldet (med trykkfeil..)



Eg er jo spent på reaksjonane frå personalet. Har brukt ein del timar på dette. Idèen fekk eg frå Aspervika skole, Sandnes.
Eg har kome godt i gang med å få til Googlekalender i It's learning. Skal skrive om det, må bare ha litt hjelp til å legge ein link til kalenderen inn på heimesida. Programmet og eg er ikkje heilt einige om saka. Men eg reknar med at IKT-ansvarleg ordnar slikt :)
Googlekalenderen lagt inn på It's learning

søndag 1. august 2010

Korleis effektivisere møteoversikta?

I mange år har vi laga eit årshjul og kopiert opp til alle. Etter kvart som det har kom endringar, har det kome nye kopiar. Tungvint.

I år skal vi prøve å få alle vekesinformasjon inn på it's learning for å tvinge alle til å bruke dette. Eg tenkte eg skulle bruke kalenderen der til å legge inn møta, men så kjem det tips om google kalender i staden. Hm. Eg bør vel kanskje ikkje bruke min private googleadresse til det? Hm. Eg må tenkje litt der kjenner eg. Men tenkje fort for dette børe vere klart før onsdag.

Altså ka er den enklaste måten å ha oversikt over møta (interne og eksterne), tema og prosjekt som alle tilsette skal kjenne til? Tar med glede i mot innspel og gode tips

tirsdag 27. juli 2010

Sommar, reising, tenking og litt lesing

Er litt trist første arbeidsdag. Gjorde den til heimekontordag. Det er jo ingen på jobb enno, bare meg og overgangen for både den firbeinte og den tobeinte er enklare med heimekontor :). Rart å begynne å tenkje igjen. Eller rettare sagt: Eg har vel tenkt heile ferien, men å konsentrere tenkinga er kanskje litt meir utfordrande?

Ferien gjekk til USA, sjå reisebloggen - Ferdaminne -. Utfordringa i år var å leve sunt i junkfoodens heimland. Har jo vore i USA før og hugsa at det var voldsomt det meste når det galdt mat og kroppar, men når eg hadde gjeve meg ei ekstra utfordring i matvegen blei fokuset sterkare.
Den første veka greidde eg det sånn halvveges. Fann spisestader der eg kunne setje litt saman maten, men etterkvart var det bare å prøve å unngå det verste. Sukkerkartellet må vere sterkt! Til og med All-bran (sunn frukostblanding i Noreg) har her sukker i seg. Ellers kunne eg velje vaflar, muffins...

Sidan vi ofte var på veg til eller frå ein stad rundt lunsjtider (vi var på bilferie). Her var utvalet: Mc Donalds, Wendys, Dennis, McDrive og ka dei heiter alle. Det einaste som er ulikt, er namnet. Det blei mykje Kylling McNugget på meg....

Middagen var enklast for då var vi ofte komne til ein by og der er utvalet betre. Har smakt meg gjennom laks i ulike menyar. Frå tørr til skikkeleg saftig variant. På den eine spurte vi kor den kom frå. Det viste seg at det anten var Chile eller Noreg... (Den var forresten svært god).

Trapper er blitt ei utfordring for den jamne amerikanar. Dei peste som om det var siste etappe av ei lengre fjellklatring dei dreiv på med. Aldri har eg set så mykje vralting som her. Men Macys og andre klesbutikkar la opp til at folk var tynne. Unntaket var Wallmart og andre handlesenter langs vegane. Her var det meir av det store ( og kler som minna meir om Sparkjøp).
Er det nye klasseskiljet slik at dei vellukka er slanke, rike osb og resten feite? For det var skikkeleg eleganse å sjå i bygatene òg.

Vi har litt å tenkje på her heime òg? Bare på dei (uffa meg) 25 åra eg har vore i skolen, har det skjedd noko med maten: Kosetime i 1990 var 0,33l brus og ein liten chipspakke eller kjeks. I 2010 er det minst 0,5l brus og chipspakken er ein del større. Sjokolademengden i lausvektposen òg.... Er det sånn at dei "vellukka" et sunn mat og tenkjer aktivitet og resten tenkjer billigmat/ rask mat og TV-kos?

---
Når eg reiser i utlandet, prøver eg å lese bøker på engelsk: Eg treng litt tid før eg kjem inn i språket så eg starta med lett litteratur:  "Trust Me, I'm a Vet". Sidan eg er hundeelskar, tenkte eg at dette sikkert var lett og greit. Og lett og greit var det, men eg blei bare passe interessert. Lett å legge igjen ein stad i USA :).

Bok nr 2 engasjerte meir og er ein del tjukkare. The Reading Group av E.Noble. Den er eg ikkje ferdig med enno så ka eg vil meine etter å ha lese ho ut, får eg vente med å meine noko om. Men undervegs liker eg å bli kjent med dei ulike kvinnelagnadane. Skal skrive om den seinare.

Ellers så blei det jo mykje lesing på nettet undervegs.

----
No er ferien over og hjernen er kobla på skole, organisering, pedagogikk og personalet. Fekk nesten pustevanskar då eg begynte å planlegge i dag. Så mykje eg vil ha klart før dei kjem... Det er no godt å koble seg på òg :)

mandag 21. juni 2010

På fotosafari


Photo Walk er ei internasjonal gruppe der dei set av faste dagar der ein går ut og fotograferar. Ann Helen og Rafal greidde å tromme saman ein gjeng på 15 som drog avgarde på tur 20. juni. Vi fann ut at 24.juli som er den internasjonale dagen, var ein ganske traurig dag her til lands. Alle er på ferie.

Eg pakka med meg fotoapparatet og drog avgarde til Bryne. Her møtte eg to eg kjente og 12 eg ikkje kjente. I løpet av turen endra det seg :). Sosialt og kjekt. Endeleg nokre å prate detaljar med og som stoppar opp like ofte for å finne motiva.
Gler meg alt til neste tur. Og så må eg gjere alvor av fotokurset eg drøymer om.
Her er nokre glimt:

























mandag 14. juni 2010

Der sjela får ro

Ein treng ikkje store plassen for å skape sitt eige vesle sommarparadis. Her får sjela mi ro. Og plantene trives dei òg. "Å leve er ikke nok. En lille blomst må man have" HC Andersen

Ein varm kveld, ei god bok og eit glas vin - då er dette den beste staden på jord :). Her er nokre glimt. Gjett om eg drøymer om linser som tek detaljane endå betre? Kanskje i sommar....