onsdag 24. februar 2010

Frukt, fysisk aktivitet, fri leksehjelp - kunnskapsløft?

For ei stund sidan høyrte eg ein kommentator seie at SV hadde stort truverde i skolepolitikken. Hm. Det var for meg ein kommentar som sa meir om kommentatoren sin skolekunnskap enn om SV. For kva har dei gjort i denne perioden dei har hatt statsråden?

Først var det frukt til ungdomar, så fysisk aktivitet med assistentar for 5-7.trinn og no fri leksehjelp med assistentar for dei minste. I tillegg har det auka på med nasjonale testar og rapporteringar. Er dette satsing på skolen?
Skulle dei først satse på litt sunn kost, kva med ”ola-matpakka” til alle? Då er vi sikra at alle har fått eit godt måltid midt på dagen. Var det ikkje det dei ville?

Fysisk aktivitet 76 timar pr år for 5-7.trinn. At nokre barn i dag er mindre fysisk aktive enn før, medan andre er veldig aktive er nok sant. Men kvifor laga til ein kvasimodell med dei assistentane vi tilfeldigvis har på huset? Skal det bli eit godt opplegg for elevane, må det pedagogisk tenking inn. Dette blir bare ein måte å la foreldre sleppe ansvaret for å vere aktive saman med barna sine. Endå ein ting som samfunnet skal ta seg av. For ikkje å seie ei ny oppgåve for rektor å organisere.

Vil vi ha heildagsskole med fysisk aktivitet som avbrekk, så bør det gjerast skikkeleg. Dei skulane eg har sett at har fått dette til, har brukt pedagogar i planlegginga av aktivitetane og oppsettet. Altså må skulane velje å bruke av ressursar som høyrer til undervisninga for å ta seg av noko som verkar halvveges gjennomtenkt frå staten si side.

Til hausten skal 1-4.trinn få sin variant av lengre dag. Leksehjelp, frivillig. Med assistentar. Pedagogane hadde kanskje gjort det om til ein ny fagtime, så det er kanskje fornuftig å bruke assistentar her. Eg har lyst til å legge ned forbod mot at leseleksa skal gjerast ferdig på skolen. Mor/ far må ikkje gå glipp av å delta i leseopplæringa. Det er for lite med den hjelpa ein assistent skal gje. Og kva skal 1.trinn med leksehjelp? Dei treng å gjere leksa med 1:1 oppbakking. Kjære foreldre ikkje gje frå dykk alt dette.
Eg har nok meir lyst på fleire timar med pedagogar (utan fleire mål i kunnskapsløftet) og minst muleg lekser.

Eg har ikkje noko i mot heildagsskolen, men den burde vere meir gjennomtenkt. Sett frå mi side er utfordringa rett hjelp, rett metode og tid til å følgje opp enkeltelevar noko som burde kome først. Kvar dag ser eg lærarar og assistentar som grublar og arbeider seint og tidleg for å kunne gje den eine noko ekstra. Samstundes veit eg at dei har dårleg samvit for dei som dei ikkje rekk over. Midt i alt dette kjem den eine avisoverskifta etter den andre med kva dei burde gjort betre. Ganske tøft i blant.

Forresten skal vi få ein undervisningstime til. Lite er sagt om den. Eple, fostringa og lekser er viktigare. Om denne timen står det:
Fra og med skoleåret 2010-11 blir timetallet for 1.–7. trinn økt med en time per uke (i alt 38 timer). Den ekstra timen skal brukes til opplæring i de fagene og på det trinnet skoleeier mener er mest tilrådelig ut fra lokale behov.

Skoleeigaren min har brukt kursdag på fysisk fostring, snakka om at SFO kostar det same om du gjer lekser der eller om du leiker. Men denne timen er det taust om. Kva trinn/ fag det skal bli, er visst kun opp til meg. Vi prøvde oss med at vi i staden for å auke timetalet kunne setje inn ein pedagog til i den timemengden som var. For meg eit godt forslag til tidleg satsing. Men eg får nok gruble litt meir og bestemme meg for kva trinn og fag eg syns denne timen er perfekt.

Ei fin side om fysisk fostring finn du her.

Ingen kommentarer: