fredag 26. februar 2010

Ka skal eg lese, mon tru...

Eg skulle unngå mammut denne gongen. Har så mykje eg ikkje har lese. Men sånne kjøpesenter er farlege. Dei manglar jo dører og utan å tenkje meg om stod eg midt i bokmylderet. Heldigvis hadde eg dårleg tid så eg greidde å kome meg ut med få, men tjukke bøker.
  • C.J.Sansom: Vinter i Madrid
  • G.D.Roberts: Shantaram
  • C.R.Zafon: Engelens spill
Såg at "La meg synge deg stille sanger" låg der og lokka. Tenkte hardt om det var nokon som trengte denne i fødselsdagsgåve, men kom ikkje på det  i farten. Kanskje eg må ein tur til?

Så no ligg desse 3 tjukke bøkene framfor meg. Og eg som nettopp har begynt på "Min kamp 1". I veska ligg ein rettleiar for spesialundervisning frå Utdanningsdirektoratet. Skulle visst vore lesen denne veka... Hm. Eg får gå ut og leike med hunden i staden. Kanskje hjernen blir så frisk av det at den tar i mot to bøker på ein gong?

Ingen kommentarer: