lørdag 27. mars 2010

To heilt ulike bøker

I det siste har eg levd i to ulike bøker. Den eine underhaldning og den andre til kunnskap. Den eine i bilen og den andre på senga.

DØD G-STRENG av Svein F. Hestvaag er bok nr 5 om reklamemannen og privatdetektiven Rudolf. Han, venene og det vesle samfunnet rundt han blir vi etterkvart godt kjent med. I denne siste boka blir vi nærmare kjent med den sårbare Rudolf. Vi kjem han meir inn på livet syns eg. Boka er vel ein lettbeint kriminalroman på mange måtar, men til fryd for den som liker humor og dei små historiane. Eg satsar på at Svein ikkje har tenkt å gje seg som forfattar for han la igjen nokre lause trådar i slutten av boka.

Den andre boka, AFRIKA - EN VAKKER DAG av Tomm Kristiansen, er full av alvor. Eg lytta til fortellingane i bilen på veg til og frå jobb. Forfattaren les godt og eg blei oppslukt. Så mykje eg ikkje visste om Afrika, så fjernt mykje av det eg hadde høyrt var. Det var nydelege historiar, historiar om menneske som kunne tilgje kvarandre, historiar om menneske som kan drepe på kommando, historia om rike kulturar før kolonistyrene, historia om FN, EU, Norge, USA osb sine feige trekk.
Eg trur eg blei klokare av denne boka.

Nå er det tilbake til Knausgaard....

onsdag 17. mars 2010

Tips til bruk av smartboard/ interaktiv tavle

Mine regler for god bruk av interaktiv tavle « bitjungle Diigo

Eg var på 3 timars kurs i bruk av smartboard i dag. Vi har fått til 2 klasserom. Ein forsiktig start? Eg blei imponert over ka vi kan bruke dette verktyet til. For at det ikkje skal gå heilt i gløymeboka for min del, trur eg at eg må bruke det på fellessamlingane framover.

Forstod enno betre det smarte ved å koble It's learning inn. No er det enkelt å sende undervisningsopplegga til elevar. Den som er ute på reis, har ingen grunn til å slappe av...

Straks eg skreiv på twitter at eg hadde vore på kurs, kom det tips om ei nyttig side/ blogg.  Trykk på tittelen så kjem du fram.

søndag 7. mars 2010

KulturrIKT: Å finne vegen

KulturrIKT: Å finne vegen

Ka bør eg som skoleleiar kunne om den digitale verda? Spennande. Og så lett som ein blir hengande etter. Eg trudde eg avr oppdatert, men forstår at eg har sove litt i timen når det gjeld sosiale media. Får skulde på at eg ikkje jobbar i vidaregåande og dermed ikkje har det rundt meg kvar dag.
Trykk på overskrifta og du kjem til ein interessant artikkel