tirsdag 27. juli 2010

Sommar, reising, tenking og litt lesing

Er litt trist første arbeidsdag. Gjorde den til heimekontordag. Det er jo ingen på jobb enno, bare meg og overgangen for både den firbeinte og den tobeinte er enklare med heimekontor :). Rart å begynne å tenkje igjen. Eller rettare sagt: Eg har vel tenkt heile ferien, men å konsentrere tenkinga er kanskje litt meir utfordrande?

Ferien gjekk til USA, sjå reisebloggen - Ferdaminne -. Utfordringa i år var å leve sunt i junkfoodens heimland. Har jo vore i USA før og hugsa at det var voldsomt det meste når det galdt mat og kroppar, men når eg hadde gjeve meg ei ekstra utfordring i matvegen blei fokuset sterkare.
Den første veka greidde eg det sånn halvveges. Fann spisestader der eg kunne setje litt saman maten, men etterkvart var det bare å prøve å unngå det verste. Sukkerkartellet må vere sterkt! Til og med All-bran (sunn frukostblanding i Noreg) har her sukker i seg. Ellers kunne eg velje vaflar, muffins...

Sidan vi ofte var på veg til eller frå ein stad rundt lunsjtider (vi var på bilferie). Her var utvalet: Mc Donalds, Wendys, Dennis, McDrive og ka dei heiter alle. Det einaste som er ulikt, er namnet. Det blei mykje Kylling McNugget på meg....

Middagen var enklast for då var vi ofte komne til ein by og der er utvalet betre. Har smakt meg gjennom laks i ulike menyar. Frå tørr til skikkeleg saftig variant. På den eine spurte vi kor den kom frå. Det viste seg at det anten var Chile eller Noreg... (Den var forresten svært god).

Trapper er blitt ei utfordring for den jamne amerikanar. Dei peste som om det var siste etappe av ei lengre fjellklatring dei dreiv på med. Aldri har eg set så mykje vralting som her. Men Macys og andre klesbutikkar la opp til at folk var tynne. Unntaket var Wallmart og andre handlesenter langs vegane. Her var det meir av det store ( og kler som minna meir om Sparkjøp).
Er det nye klasseskiljet slik at dei vellukka er slanke, rike osb og resten feite? For det var skikkeleg eleganse å sjå i bygatene òg.

Vi har litt å tenkje på her heime òg? Bare på dei (uffa meg) 25 åra eg har vore i skolen, har det skjedd noko med maten: Kosetime i 1990 var 0,33l brus og ein liten chipspakke eller kjeks. I 2010 er det minst 0,5l brus og chipspakken er ein del større. Sjokolademengden i lausvektposen òg.... Er det sånn at dei "vellukka" et sunn mat og tenkjer aktivitet og resten tenkjer billigmat/ rask mat og TV-kos?

---
Når eg reiser i utlandet, prøver eg å lese bøker på engelsk: Eg treng litt tid før eg kjem inn i språket så eg starta med lett litteratur:  "Trust Me, I'm a Vet". Sidan eg er hundeelskar, tenkte eg at dette sikkert var lett og greit. Og lett og greit var det, men eg blei bare passe interessert. Lett å legge igjen ein stad i USA :).

Bok nr 2 engasjerte meir og er ein del tjukkare. The Reading Group av E.Noble. Den er eg ikkje ferdig med enno så ka eg vil meine etter å ha lese ho ut, får eg vente med å meine noko om. Men undervegs liker eg å bli kjent med dei ulike kvinnelagnadane. Skal skrive om den seinare.

Ellers så blei det jo mykje lesing på nettet undervegs.

----
No er ferien over og hjernen er kobla på skole, organisering, pedagogikk og personalet. Fekk nesten pustevanskar då eg begynte å planlegge i dag. Så mykje eg vil ha klart før dei kjem... Det er no godt å koble seg på òg :)

Ingen kommentarer: