søndag 29. august 2010

Når det meiningslause skjer

På fredag var eg med på den siste reisa til Vegar på 6 år. Det var trist, det var sterkt, det var.... vondt. Det oppleves så meiningslaust at eit barn på 6 år skal døy. Og heldigvis leita heller ikkje presten etter meininga i det meiningslause. Han tok utgangspunkt i han som venta ved porten til sommarlandet.
Vegar var blitt så glad i boka "Sommerlandet" av E. Skeie. Eg har ikkje lese fortellinga, men skal få gjort det snarast.

I går opplevde familien noko heilt uventa: Maakeberget, supporterklubben til fotballklubben Haugesund (FKH) hadde laga banner til ære for Vegar. FKH spelte mot Tromsø i ein kamp som blei sendt på NRK. Eg såg den ikkje, men har fått rapportert at Arne Scheie (NRK reportar) hadde sagt nokre ord om markeringa til Maakeberget før kampen. Det Maakeberget gjorde i tillegg til banneret, var å ha 1 minutt stilla då kampen byrja og deretter song dei: Tir'na Noir.
Eg må seie eg er imponert over slike supportarar. Fekk utvida mitt syn på fotballfolk ;). Her er lenkje til kvifor Maakeberget var så engasjert.
Dette skreiv dei på sida si:
" For oss i Maakeberget e der i tillegg ein markering for lille Vegar, ein tapper liten FKH-fan som måtte gi tapt for sjukdom.For oss alle har han gitt oss ein tankevekkar om å leva livet nå, stå sammen og ta vare på kverandre! Her e link te historien som har rørt det indra hos mange av oss. Våre varmaste tankar og medfølelse går te familien som me håpe sette pris på markeringen vår!



Hvil i fred, Vegar!"

---
Kven var så Vegar? Jo, for eit år sidan var han ein sjarmerande gut på 5 år. Han var farmor sin vesle helt og som søster til farmor fekk vi med oss gløden og gleda dei hadde saman. I august 2009 fekk han leukemi. Det viste seg å vere ein hissig variant. Det var lange periodar på sjukehus med oppturar og nedturar. Foreldre som fekk knalltøffe dagar der jubel over livet (Vegar blei storebror utpå hausten) skulle blandast sterkt med sorg over sjukdom.

Gjennom dette året fekk foreldra og erfare det norske helsevesen på godt og vondt. Alle ville dei vel. Men det finnes medikamenter, behandlingar osb som er utprøvd i andre land og som Noreg ikkje tar i bruk. Om det er økonomi som til sjuande og sist ligg bak, kan ein kanskje ikkje seie sikkert. Men skremmande er det om ikkje alt blir sett i verk for å redde ein i startgropa på livet.

Då legane gav opp, gav ikkje foreldra opp. Far stod på for å få tak i det som kunne hjelpe og begge foreldra sloss som løver for guten sin. Ikkje gav han opp sjølv heller. Han var tydeleg på ka han ønskte å få gjort om han skulle døy (legane meinte i løpet av mai). Han skulle til farmor og farfar og han ville treffe heltane sine i FKH. Begge deler og mykje meir rakk han. Han viste ein klokskap og gjorde eit sterkt inntrykk på menneska han møtte det siste året. Det kom i gang ei bønegruppe for han på facebook (Be for Vegar) som fekk nærmare 15.000 medlemmar.

Eg håper at far til Vegar ein dag greier å skrive om opplevingane og erfaringane deira. Han har ein klok penn.

Avsluttar med Vegar sin onkel Ingvar sine ord: "Tapet knuser meg. Minnene limer meg sammen".

Kvil  i fred, Vegar! Og send nokre glade tankar til mamma, far, Sondre, farmor, farfar, onkel Ingvar og alle andre når dei saknar deg som mest.



mandag 23. august 2010

Kjære Kristin

Eg hadde tenkt å krype tidleg til køys i kveld. Skal på eit heildagsmøte om dei trange tider kommunen eg arbeider i, går i møte. Vi har spart såpass mykje frå før så no er vi gang med ka i kunnskapsløftet vi kan kutte ut. Resten av veka skal eg fortelje foreldre at vi gjer vårt beste for barnet dei er bekymra for. Og det er nettopp det vi gjer: Det beste av det vesle vi kan tilby. Men ikkje det beste for barnet.

Men så var det kvifor eg ikkje kryp til køys. Jo, eg har tenkt på deg i dag. Eg veit du har lytta på lærarane og at du vil skolen vel. I lang tid har eg undra meg på om all denne velviljen, kjem til å gjere skolen vel. Ein time har vi fått ekstra i barneskolen. Takk for den.
Vi prøver å bruke tida så effektivt at det meste går til læring. Kan då bli litt frustrert over fruktordningar, fysisk fostring og leksehjelp. Det er mykje organisering, men treff vi dei du tenkte vi skulle treffe? Dette er jo typiske foreldreoppgåver der nokre foreldre sviktar/ ikkje kan løyse denne oppgåva. Var det ikkje ungane deira vi skulle hjelpe?
For å seie det enkelt: Vi gjer vårt beste, men undrar oss over koffor det var det som blei satsing på skolen? Kven andre enn dei som ikkje har nokon til å lese saman med seg, treng leksehjelp på 1.trinn?

I dag starta eg morgonen med å storkose meg over nyhende om at det skulle bli fleire lærarar pr elev. Såg haukane for meg, der dei hang over den stakkars eleven :).

Eg er etterkvart blitt eit skolemenneske med lang erfaring, både som lærar og leiar. Og eg må nok seie meg einig i forskninga om at det ikkje er elevtalet under 20 som kjem til å avgjere om vi blir den beste skolen i verda. Det er læraren og hennar evner til å få elevane med seg. Og det er ei kjempeutfordring. For mange dyktige lærarar må kreativiteten stoppast litt fordi dei har elevar som ikkje fiksar endringar (sjølv om ein stor del i klassen hadde tent på det). Det sit ein med Downs i klasserommet. Korleis skal dei få han med på laget? Assistenten gjer sitt beste, men får eleven det han ville ha fått viss han hadde gått i spesialskole? Det har han jo rett på. Kontaktlæraren ser einsemda hjå eleven, men kan ikkje tvinge dei andre til å bli vener med han på fritida. Foreldra ønskjer det.
Ein av elevane er så lett å tenne at dei andre sit og tar det meste derifrå fordi dei er redde. Skuldrene er stive hjå fleire av dei. Ei slit med lesinga. Ho hadde trengt at ein person sat ved sida av henne ei stund og hjelpte henne på veg. Osv osv.
Alle desse sit i klasserommet til den dyktige læraren. Og eg er stadig imponert over ka desse dyktige lærarane får til, men eg ser og fortvilinga over at dei ikkje får gitt dei meir. Dei har ein draum om verkeleg få hjelpt alle til å sjå "lyset". Diverre måtte den stille Ole, den flinke Per greie seg sjøl denne timen òg. Dei forstår heldigvis fort ka oppgåva er.

Og det er det eg har tenkt på, Kristin. La det vere over 20 i klasserommet (men ikkje over 30), men hjelp oss å gje desse som treng ein til ein eller som treng andre typar tilbod, ei skikkeleg satsing. Vis at regjeringa meiner alvor når dei satsar på skole. Våg å ta diskusjonen om alle elevar skal gå i den såkalla normalskolen/ nærmiljøskolen. Er dette det beste for ungen, eller det beste for meg? Kan alle skolane få tak i kvalifisert arbeidskraft til alle typar? Er leksehjelp det beste for ungen eller den enklaste for mor og far?  Skal vi våge å seie at dtilbodet er for dei skolen og foreldra blir einige om at treng det? Eller er likskap/ rettferd at alle skal få?

Det var det eg tenkte på i dag.

søndag 8. august 2010

Triveleg sommarlektyre


Når eg er på ferie i utlandet,liker eg å lese engelske bøker. Det hjelper meg i språket, syns eg. No er ikkje engelsken min så god at eg kastar meg uti avansert litteratur, men vel fort lettleste romanar.
The Reading Group av Elisabeth Noble er ein slik. Boka er på ca 550 sider.
Vi møter 5 kvinner som startar lesegruppe. Alle kjenner ikkje kvarandre i starten. I løpet av året blir vi meir kjent med dei og livet deira. Utgangspunktet er boka for den månaden. Her er kanskje eg prega av at dette ikkje er morsmålet mitt for eg greier ikkje alltid å sjå koblinga mellom romanen dei les og livet dei diskuterer. Har ei kjensle for at det er det forfattaren har tenkt. Men kanskje eg tek feil her.

Vi møter:
Clare: jordmor og ulukkeleg barnlaus. Ekteskapet er sterkt prega av dette.
Harriet: Småbarnsmor. Har ein god ektemann, men drøymer om at graset er grønare ein annan stad. Var det verkeleg dette som var livet?
Nicole: Småbarnsmor med ein rundbrennar til mann. Tilgjev heile tida.
Susan: Godt gift, har vaksne barn og ei gamal mor. Her er problematikken rundt det å ha ei mor som etterkvart blir sjuk
Polly: Skilt, har halvvaksne barn. Tør ho gå inn i nytt ekteskap?

Ettersom året går, skjer der ein del i livet til desse kvinnene som gjer at dei må ta nye og alvorlege val. Eg kjente eg likte å følge med i dei ulike livssituasjonane. Ikkje at eg likte alle løysingane, men eg likte å følge med :)

No er det tilbake til bunka med bøker som ligg og ventar på haust og vinter.

onsdag 4. august 2010

Årsplanleggaren

Skolens årsplanlegger
Eit av mine mål dette skoleåret er å få samle og effektivisere informasjon/ planar osb betre enn slik vi har hatt det. Det er mange nye ved skolen og dei kjenner ikkje automatisk til kor vi har lagra planar og nyttige tips.

Første steg er at personalet møter vår eigen ÅRSPLANLEGGER når dei kjem på skolen. Her finn dei personaloversikt, reglement, arbeidsinstruksar, oversikt over skolegården og bygget, satsingsområda ... (sjå eit av bileta). Flest sider tar jo sjølve kalenderen. Ei veke går over 2 A4 sider. Her står det kva som må hugsast på. Tema for div møte, fristar, åremålsdagar. Grunnen til at det ser ut til at vi bare har 4 timar, er at vi bare har det :). Vi har økter på 60 minutt. Årsplanleggaren blei på 128 sider.

Dei to første sidene
Døme på ei av planleggingssidene

Oversikt over innhaldet (med trykkfeil..)



Eg er jo spent på reaksjonane frå personalet. Har brukt ein del timar på dette. Idèen fekk eg frå Aspervika skole, Sandnes.
Eg har kome godt i gang med å få til Googlekalender i It's learning. Skal skrive om det, må bare ha litt hjelp til å legge ein link til kalenderen inn på heimesida. Programmet og eg er ikkje heilt einige om saka. Men eg reknar med at IKT-ansvarleg ordnar slikt :)
Googlekalenderen lagt inn på It's learning

søndag 1. august 2010

Korleis effektivisere møteoversikta?

I mange år har vi laga eit årshjul og kopiert opp til alle. Etter kvart som det har kom endringar, har det kome nye kopiar. Tungvint.

I år skal vi prøve å få alle vekesinformasjon inn på it's learning for å tvinge alle til å bruke dette. Eg tenkte eg skulle bruke kalenderen der til å legge inn møta, men så kjem det tips om google kalender i staden. Hm. Eg bør vel kanskje ikkje bruke min private googleadresse til det? Hm. Eg må tenkje litt der kjenner eg. Men tenkje fort for dette børe vere klart før onsdag.

Altså ka er den enklaste måten å ha oversikt over møta (interne og eksterne), tema og prosjekt som alle tilsette skal kjenne til? Tar med glede i mot innspel og gode tips