mandag 23. august 2010

Kjære Kristin

Eg hadde tenkt å krype tidleg til køys i kveld. Skal på eit heildagsmøte om dei trange tider kommunen eg arbeider i, går i møte. Vi har spart såpass mykje frå før så no er vi gang med ka i kunnskapsløftet vi kan kutte ut. Resten av veka skal eg fortelje foreldre at vi gjer vårt beste for barnet dei er bekymra for. Og det er nettopp det vi gjer: Det beste av det vesle vi kan tilby. Men ikkje det beste for barnet.

Men så var det kvifor eg ikkje kryp til køys. Jo, eg har tenkt på deg i dag. Eg veit du har lytta på lærarane og at du vil skolen vel. I lang tid har eg undra meg på om all denne velviljen, kjem til å gjere skolen vel. Ein time har vi fått ekstra i barneskolen. Takk for den.
Vi prøver å bruke tida så effektivt at det meste går til læring. Kan då bli litt frustrert over fruktordningar, fysisk fostring og leksehjelp. Det er mykje organisering, men treff vi dei du tenkte vi skulle treffe? Dette er jo typiske foreldreoppgåver der nokre foreldre sviktar/ ikkje kan løyse denne oppgåva. Var det ikkje ungane deira vi skulle hjelpe?
For å seie det enkelt: Vi gjer vårt beste, men undrar oss over koffor det var det som blei satsing på skolen? Kven andre enn dei som ikkje har nokon til å lese saman med seg, treng leksehjelp på 1.trinn?

I dag starta eg morgonen med å storkose meg over nyhende om at det skulle bli fleire lærarar pr elev. Såg haukane for meg, der dei hang over den stakkars eleven :).

Eg er etterkvart blitt eit skolemenneske med lang erfaring, både som lærar og leiar. Og eg må nok seie meg einig i forskninga om at det ikkje er elevtalet under 20 som kjem til å avgjere om vi blir den beste skolen i verda. Det er læraren og hennar evner til å få elevane med seg. Og det er ei kjempeutfordring. For mange dyktige lærarar må kreativiteten stoppast litt fordi dei har elevar som ikkje fiksar endringar (sjølv om ein stor del i klassen hadde tent på det). Det sit ein med Downs i klasserommet. Korleis skal dei få han med på laget? Assistenten gjer sitt beste, men får eleven det han ville ha fått viss han hadde gått i spesialskole? Det har han jo rett på. Kontaktlæraren ser einsemda hjå eleven, men kan ikkje tvinge dei andre til å bli vener med han på fritida. Foreldra ønskjer det.
Ein av elevane er så lett å tenne at dei andre sit og tar det meste derifrå fordi dei er redde. Skuldrene er stive hjå fleire av dei. Ei slit med lesinga. Ho hadde trengt at ein person sat ved sida av henne ei stund og hjelpte henne på veg. Osv osv.
Alle desse sit i klasserommet til den dyktige læraren. Og eg er stadig imponert over ka desse dyktige lærarane får til, men eg ser og fortvilinga over at dei ikkje får gitt dei meir. Dei har ein draum om verkeleg få hjelpt alle til å sjå "lyset". Diverre måtte den stille Ole, den flinke Per greie seg sjøl denne timen òg. Dei forstår heldigvis fort ka oppgåva er.

Og det er det eg har tenkt på, Kristin. La det vere over 20 i klasserommet (men ikkje over 30), men hjelp oss å gje desse som treng ein til ein eller som treng andre typar tilbod, ei skikkeleg satsing. Vis at regjeringa meiner alvor når dei satsar på skole. Våg å ta diskusjonen om alle elevar skal gå i den såkalla normalskolen/ nærmiljøskolen. Er dette det beste for ungen, eller det beste for meg? Kan alle skolane få tak i kvalifisert arbeidskraft til alle typar? Er leksehjelp det beste for ungen eller den enklaste for mor og far?  Skal vi våge å seie at dtilbodet er for dei skolen og foreldra blir einige om at treng det? Eller er likskap/ rettferd at alle skal få?

Det var det eg tenkte på i dag.

Ingen kommentarer: