søndag 29. august 2010

Når det meiningslause skjer

På fredag var eg med på den siste reisa til Vegar på 6 år. Det var trist, det var sterkt, det var.... vondt. Det oppleves så meiningslaust at eit barn på 6 år skal døy. Og heldigvis leita heller ikkje presten etter meininga i det meiningslause. Han tok utgangspunkt i han som venta ved porten til sommarlandet.
Vegar var blitt så glad i boka "Sommerlandet" av E. Skeie. Eg har ikkje lese fortellinga, men skal få gjort det snarast.

I går opplevde familien noko heilt uventa: Maakeberget, supporterklubben til fotballklubben Haugesund (FKH) hadde laga banner til ære for Vegar. FKH spelte mot Tromsø i ein kamp som blei sendt på NRK. Eg såg den ikkje, men har fått rapportert at Arne Scheie (NRK reportar) hadde sagt nokre ord om markeringa til Maakeberget før kampen. Det Maakeberget gjorde i tillegg til banneret, var å ha 1 minutt stilla då kampen byrja og deretter song dei: Tir'na Noir.
Eg må seie eg er imponert over slike supportarar. Fekk utvida mitt syn på fotballfolk ;). Her er lenkje til kvifor Maakeberget var så engasjert.
Dette skreiv dei på sida si:
" For oss i Maakeberget e der i tillegg ein markering for lille Vegar, ein tapper liten FKH-fan som måtte gi tapt for sjukdom.For oss alle har han gitt oss ein tankevekkar om å leva livet nå, stå sammen og ta vare på kverandre! Her e link te historien som har rørt det indra hos mange av oss. Våre varmaste tankar og medfølelse går te familien som me håpe sette pris på markeringen vår!



Hvil i fred, Vegar!"

---
Kven var så Vegar? Jo, for eit år sidan var han ein sjarmerande gut på 5 år. Han var farmor sin vesle helt og som søster til farmor fekk vi med oss gløden og gleda dei hadde saman. I august 2009 fekk han leukemi. Det viste seg å vere ein hissig variant. Det var lange periodar på sjukehus med oppturar og nedturar. Foreldre som fekk knalltøffe dagar der jubel over livet (Vegar blei storebror utpå hausten) skulle blandast sterkt med sorg over sjukdom.

Gjennom dette året fekk foreldra og erfare det norske helsevesen på godt og vondt. Alle ville dei vel. Men det finnes medikamenter, behandlingar osb som er utprøvd i andre land og som Noreg ikkje tar i bruk. Om det er økonomi som til sjuande og sist ligg bak, kan ein kanskje ikkje seie sikkert. Men skremmande er det om ikkje alt blir sett i verk for å redde ein i startgropa på livet.

Då legane gav opp, gav ikkje foreldra opp. Far stod på for å få tak i det som kunne hjelpe og begge foreldra sloss som løver for guten sin. Ikkje gav han opp sjølv heller. Han var tydeleg på ka han ønskte å få gjort om han skulle døy (legane meinte i løpet av mai). Han skulle til farmor og farfar og han ville treffe heltane sine i FKH. Begge deler og mykje meir rakk han. Han viste ein klokskap og gjorde eit sterkt inntrykk på menneska han møtte det siste året. Det kom i gang ei bønegruppe for han på facebook (Be for Vegar) som fekk nærmare 15.000 medlemmar.

Eg håper at far til Vegar ein dag greier å skrive om opplevingane og erfaringane deira. Han har ein klok penn.

Avsluttar med Vegar sin onkel Ingvar sine ord: "Tapet knuser meg. Minnene limer meg sammen".

Kvil  i fred, Vegar! Og send nokre glade tankar til mamma, far, Sondre, farmor, farfar, onkel Ingvar og alle andre når dei saknar deg som mest.



2 kommentarer:

Leif sa...

Takk for at du delte dette!

Gro sa...

Uff, her kommer tårene når jeg leser dette. Sterkt!!!
Så utrolig meningsløst og urettferdig....... : (