onsdag 27. oktober 2010

Livet

Onsdag 20.oktober blei ei god veninne 65 år. Same dag fann kjærasten henne død ved PC-en. Hjarta hadde stoppa midt i kvardagens aktivitet.

Det var ikkje til å fatte. Ho hadde nettopp blitt pensjonist. Ho og kjærasten hadde vore ein biltur i deira kjære Tyskland. Så sa det altså stopp. Hjarta ville ikkje meir. Uforståande for oss som var rundt henne. Ho hadde så mykje meir ho ville gjere. Reise, sjå, lese og samtale med menneska ho var glad i.

Då telefonen kom, var alt uverkeleg. Då eg skulle ringe vidare og fekk responsen: "Er det sant?" blei eg i tvil. Kanskje eg hadde høyrt feil, kanskje eg rota litt... Men då eg såg den svarte bilen med ein kvit kross på, stå ved inngangen hennar, visste eg at eg ikkje hadde høyrt feil. Det var sant. Eg tente mange ljos, både inne og ute den kvelden. Måtte bare.

No er dei praktiske tankane innom midt i alt. Ho har nøkkel til heimen min, eg har nøkkel til hennar. Det må vi ordne. Ikkje viktig akkurat no, men noko eg må hugse.

Fredag må vi gjennom det verste. Den augneblink då det byrjar å gå opp for oss. Kista, gravferda, den lange turen til gravplassen. Skjønar godt at ho vil ligge der ho kjem frå og der foreldra er. Det er noko med å høyre til. Ikkje den same kjensla på ein gravplass i ein by ein ikkje kjem frå. Tenkjer av og til det på det sjølv. Har sagt til dei nærmaste kor eg vil ligge. Rart ka ein tenkjer på. 

---
Vi stoppar opp, tenkjer at så brått kan det ta slutt. Det gjeld å leve og ta vare på kvarandre og livet her og no. Så hastar vi vidare. Ka er det vi hastar slik for? Er det for å ta igjen livet? Eller har vi ikkje tid til det?
Eg kjenner at jobben kryp inn i heile meg. Eg er trøytt når arbeidsdagen og dei daglege gjeremål er over. Skulle så gjerne tatt meg tid til vener, oppleve meir kultur osb. Mens eg tenkjer på det, går dagane. Eg blir litt redd av det.
-----

Kjære Torhild. Takk for alt du var!

Torhild saman med gode vener