søndag 30. januar 2011

Å jubilere

Å vite at ein rundar halvt hundre, fører òg til tankar som skal eg feire  det? reise bort? Stor fest? Liten fest? Jentefest? Og er det nå noko å feire?

Eg bestemte meg tidleg for at feirast skulle det. Livet er trass alt verd både ein og to festar.
Det starta med at alle elevane feira meg. Eg blei oppdressa i antrekk passande for ein 50-åring meinte inspektøren... Elevane var heldigvis ærlege og kom fram og sa at eg var finare før :).

Feiring nr 2 var med søsken. Det å vere nest yngst med mange godt vaksne søsken, gjev jo refleksjonar. Koss vil eg bli? Ka for nokre former vil eg stivne i, ka for redsler vil eg dyrke.... Eg meiner jo eg har val om eg er bevisst. Men blir ein vaksen når ein i dei eldste sitt ordforråd tilhøyrer "småjentene heime"? Kjenner meg vaksen på ein annan måte. Mine vegar gjekk annleis enn deira og det gjorde noko med det å vere vaksen.

På sjølve dagen hadde eg laga eit festbord for spesielt inviterte. Å få spele brettspel med ungdommen, ha pakkeleiken, le og kose meg er akkurat slik eg vil ha det. Og når det heile blir toppa av ein fantastisk tale av to 16-åringar, kunne eg ikkje fått ei betre feiring.

Men 50. Ka er no det? At eg er moden, har eg heilt klart for meg. Håret er grått, rynkene mange, men det er vel det som stemmer med bilete av 50. Tenkjer på ka det er, medan eg spring nedover bakkane med hunden i helane, er hard på gassen eller ligg ut i skogen som figurant. Syns dei "barnslege" sidene er blitt sterkare. Eller skal eg heller kalle dei, dei trygge sidene? Er blitt så trygg på meg sjølv at leiken er nære, at eg spring over plenen og krev retten min om det trengs?

Eg var jo ikkje ferdig med å feire: 22.januar inviterte eg ca 40 vener til fest. Det var ein fryd å få presentere dei for kvarandre og oppdaga at livet mitt hadde gjeve meg mange spennande menneske med på vegen. Mange blir blaff som ein har noko felles med i studietida, jobb ol, men innimellom dukkar det opp diamantar som blir med på reisa vidare. Vi ser kvarandre ikkje så ofte, kanskje, men vi veit om kvarandre og kjenner kor godt det er å vere saman når vi er det. Det er dei menneska ein veit står der og kan ta deg opp igjen om det trengs. Å kjenne styrka frå dei, gjev meg gode røter. Og med gode røter , kan eg fortsetje å strekkje meg framover. Eg bles ikkje av. Røtene er der.
Eg er så heldig at mange ektefeller til veninner òg er blitt gode vener slik at dei ikkje er invitert fordi dei er ektefelle, men fordi vi er vener. Det kjenner eg er ein ekstra rikdom. Ein annan rikdom er at dei er ulike, men med fellestrekket: Ekte vare.

Ein sang måtte vi synge, nemleg "Song for fred" av Garborg: "Ja, lat oss strida og lat oss tru og byggja med tankar ei bivrande bru. Til den heilage høge framtid" Den teksten er sterk og seier vel det meste om ka eg trur på. "Ånd skal vinna på troll til sist". Godt å tenkje på når alle trolla boblar fram. Både i den store og vesle verda.

Mottoet mitt for kvelden, hadde eg henta frå boka til Johannes Møllehave og Benny Andersen: "Det skal merkes at vi lever":
Vi ved ikke hvem af os
der skal blive til ingen
eller noget ufatteligt andet
men i dag kan vi nå hinanden
og høre hinandens latter
Det må vi benytte os af
Drik ud
men langsomt
oppmærksomt
Spar ikke på angst og venlighed
Benny Andersen

Slik er gode møte og slik ønska eg at venene mine skulle møte kvarandre. Og det gjorde dei. Og eg fekk akkurat den kvelden eg ønska meg.

No er eg altså i gang med det 51. året og er varm om hjarta etter alle godord, kloke ord, lattermilde ord som eg fekk på vegen. Takk for at de gjer meg så søkkandes rik!