lørdag 5. februar 2011

Ringer i vann - konferanse 2011 dag 1

24. og 25. januar var eg på Ringer i vann sin konferanse i Oslo. Gleda meg for det plar alltid vere mykje inspirasjon og idear å hente. "Den som sluttar å bli betre, sluttar å vere bra!"
Alt under er det eg oppfatta av det som blei sagt. Det som står i kursiv, er spontantankar undervegs medan eg lyttar til føredraga.

Kristin Halvorsen, kunnskapsminister:
Første kvinne ut var kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV). Ho var, som alltid, glødande engasjert. Veit mykje om skole og har tydeleg snakka med skolefolk og veit ein del om kor skoen trykkjer. Eg greier ikkje heilt å bli overtydd, men det har med dei vala dei har gjort dei siste åra: leksehjelp og fysisk fostring. To ting som kvar for seg er ok, men som dei lagar så krøkete i ressurs at administrasjonen har fått svært mykje arbeid for å få kabalen til å halte vidare. Samstundes skriv dei fine rundskriv om at vi bør ha små grupper for å få dette til. Var planen å tilsette ei mengd med assistentar for nokre timar pr dag? Nei, auk heller skoledagen og kutt leksene.
Ho starta med at det ikkje er olje og gass som reddar oss. Det er bare 10% av realformua. Så nemnte ho nokre til som var låge prosentar. Men den største prosenten var human kapital. Og i skoleverket er vi dei viktigaste formueforvaltarane. Lurar på om Statoiltoppane har forstått det? Eg er einig med Halvorsen i det, men syns det viser lite igjen i satsinga i samfunnet.

Halvorsen var oppteken av at det er for mange som ikkje greier å gjennomføre vidaregåande skole. Desse blir fort ein del av sosialstatistikken og fengselstatistikken. Ungdom som har fullført vidaregåande finnest ikkje som unge sosialklientar, uføre osb. Vi må få dei til å lukkast. Få læringa på deira nivå (No ventar eg spent på neste utspel frå ministeren...)

I 2006 var vi land nr 19 av 29 i lesing, no nr 9 av 33. Det har altså vore ei positiv utvikling hjå oss. Sverige er inne i ein negativ trend. Dei var betre enn oss i 2000. Kvifor? I Sverige har ein opna for privatisering og spesialisering. Det er ikkje kor du bur som gjer at du er på den skolen, men ka foreldra dine ville. Mange med same bakgrunn på same skole. Meiner Halvorsen. Eg opplevde det ikkje heilt slik på dei barneskolane eg har besøkt, men så sjekka eg det ikkje så nøye heller.

Det som  Pisa viser, er at vi har heva dei svakaste, men ikkje strekt dei flinkaste. Det vi såg på dei to siste tekstane i Pisaprøven, var at denne siste testen hadde keisam tekst i fht året før. Det verkar som om dei flinkaste gav seg fortare når teksten ikkje tende dei.

Ka veit vi at vi har gjort riktig?
  • Vi har tydelege vaksne
  • arbeidet er variert
  • oppgåvene tilpassa
Kva ser vi at må arbeidast med:
  • Vurdering/tilbakemeldingskulturen i skolen. Dette gjeld frå topp til botn. Vi har begynt arbeidet med å endre det.
  • Det skal arbeidast meir med skoleleing. Mellom anna skal det gjerast ei samanlikning mellom rektorar og andre like leiarar i andre sektorar. K. Halvorsen var tydeleg i at trengte vi større leiingsprosent så var ho den første til å støtte det. Det blir ikkje meir byråkratisering av å auke leiinga i norsk skole.
  • Ny lærarutdanning er på gang (har dei ikkje halde på med det lenge?) Søknaden til lærarutdanninga har gått opp med 30% på 2 år. Og fleire menn søkjer.
Det er matteskrekk i det norske samfunnet. "I vår familie kan vi ikkje matte" - er altfor vanleg uttrykk i landet. Vi må kome oss vekk frå denne redsla. Vi jobbar meir einsformig med matte her i landet enn i andre land. For monotont (hm. dette var spennande og musikk i mine øyrer. Spent på fortsetjinga)

Forsøket med alternativ opplæring i ungdomsskolen har vore ein suksess. No treng ikkje alle ta eit språkfag i tillegg til engelsk (og pendelen går... skjønar ikkje at det skal vere så vanskeleg å høyre på skolefolk for desse politikarane. Her sviktar alle regjeringar. Den altfor teoretiske skolen er det vel bare politikarar som har ønska seg?)

Kvaliteten på lærarane er det viktigaste i skolen, ikkje talet på elevar i klasserommet. Men det er betre med 20 enn 30. Statsråden vil jobbe for at det skal bli eit makstal pr lærar. Ho trur det er klokast å byrja med ungdomstrinnet fordi dei har dei største klassane.

Ein god lærar= Robin Hood+ Moder Teresa+ Petter Stordalen+ Einstein...........

Vi manglar forventningspress. Elevane har låge forventningar, føresette hugsar altfor godt nederlaga i eigen skoletid og har heller ikkje forventningar. Greier vi å få positive foreldre som forventar noko av barnet sitt, er vi på god veg. Eit godt læringsmiljø påverkar òg spesialundervisninga.

På slutten kom det to spørsmål frå salen:
  • Lærarane og arbeidstidsavtalen? Statsråden viste til at det er kommunane som avgjer arbeidstid og løn.
  • Leksehjelp: Ho ønskjer SFO timar inn i skoledagen, slik at det kunne bli meir heilskapsskole. Det er forsøk som verkar bra, men ho tar dette med seg og vil gjerne ha innspel i fht ny dag i skolen (svaret verka tamt på meg)
---

Vilkår for læring i skolen v/ Terje Manger, UIB.
(Manger er òg medforfattar saman med T. Nordahl)
Han starta med å nemne John Hattie. Han har eg høyrt namnet på ein del gonger no og innser vel at det er på tide å lese litt. John Hattie: Visible Learning. Kanskje i studiepermisjonen? Kort resyme av Hattie si bok finn du i Bedre skole 4/10. Veldig oversiktleg og god

Kva er det ved læraren som fremjer læring?
  • At han kan legge nivået litt over det dei kan frå før
  • at han kan gje elevane rett tilbakemelding. Den gode lærar knyttar tilbakemeldingane til dei små utviklingane i læreprosessen.
  • Lærar og elev kjem presis til timen
  • Den autorative vaksne= ein lærar som skårar høgt på evna til å setje seg inn i elevane sin behov, har omsorg og evne til å styre klassen. Dette er den beste læraren.
Skoleleiar og læring:
  • Skoleleiar må ha klare mål
  • Ha høge forventningar til lærarar og elevar
  • skapar trygt miljø for lærarar til å kritisera, stille spørsmål og støtte kollegaer
Kva ved skulen har lite eller ingenting å seie for læring (her bruker han Hattie)?
  • Klassestorleik har ingenting å seie. Uansett klassestorleik underviser vi på same måte. Det har vore lite fokus på undervisning i små grupper.
  • Læraren  sin fagkompetanse slår ikkje spesielt ut i forskinga. Det kan tenkjast at det er ein indirekte effekt: Fagtyngda kan gjere at dei gjer alt det andre (sjå over) riktig. Fagkompetanse er såpass høg at det vesle forskjellen ikkje viser.
  • Å dele elevar inn i evnegrupper. Dette viser seg å ha effekt i realfag der dei fekk jobbe saman med folk på same nivå og med lærarar som tar dei vidare frå dette nivået.
  • Opne/ tradisjonelle skolar skil seg ikkje frå kvarandre i undersøkjingane
  • Små skolar påverkar ikkje. Det er heller større fare for at elevar kjenner seg utanfor.
  • Aldersblanda grupper
Nasjonale prøvar gjev motstridande signal på om det påverkar læringa

Det som slår negativ ut:
  • å overlesse lærarane med nye emne å undervise i
  • elevmobilitet (einskild elevflytting). Bruk mykje tid på å ta i mot nye elevar. Dei treng nye nettverk for å vere klar for ny læring.
Meistringsopplevingar:
Miljø- åtferd - person.
Miljø: heim, skule, fritid
Åtferd: leseåtferd, matteåtferd, idrettsåtferd, musikkåtferd, uroleg åtfer, høfleg åtferd.....
Person: biologiske, kognitive og affektive forhod

Det viktigaste kognitive forhold er barnet si forventning til å kunne løyse oppgåva. Urolege ungar må lære å lese tidleg, slik at dei får meistringsopplevingar. Det er viktig å knytte sjølvverd til læring, Set konkrete mål på kort sikt. La måla ver litt over det nivået dei er på i dag.
  • Del opp aktivitetane til meistringsmoglege underaktivitetar
  • Identifiser spesielle dugleikar du vil at eleven skal utføre ved slutten av timen/perioden
  • Gje eleven rask tilbakemelding på prestasjonen
  • Hjelp eleven til å setje eigne mål der det er mogleg
Det viktigaste for lærarane å konsentrere seg om:
  • Relasjon
  • læring
  • trivsel
Klasserommet - det viktigaste og det mest lukka rommet.

--
Neste føredragshaldar kan eg sikkert hente noko frå når eg får tenkt meg om, men her er så mykje å hente frå konferansen så Cathrine Filstad og ordrikdommen hennar får kvile i fred i denne omgang.
---
Running All the Red Lights v/ Brenda Clark, USA:
Dette var ei spennande dame. Ho har vore kåra til årets rektor i Florida, har hatt dei fleste rollar mm.

Ho hadde møtt skolar som hadde dårleg læringsmiljø. Det meste var negativt, men personalet var bra. Ved å setje inn sterke leiingsgrupper kunne dei endre.
Start med:
  • Underveissjekk: Ka har elevane lært? Gå så vidare, eller stopp opp: Må eg finne andre måtar å gjere det på.
  • Sjå på resultata. Finn ut ka som ikkje verkar og gjer noko med det!
  • 99% av elevane skal få med seg det du lærer dei. Då har du lukkast. Det er ikkje ungen sin feil at føresette ikkje stiller opp, så ikkje gøym dykk bak det.
  • Veit eg at elevane har lært det eg ville dei skulle lære? Eller byggjer eg på at eg kan undervise i staden for at eg kan lære bort? Lær dei å lære!
  • Å klage på alle andre, fører ingen stad.
Vi må dyrke fellesskapet.
Vi skal alle bli betre for kvar dag - målet i klasserommet!

For å få til ein betre skole/ ein lærande skole:
  • Hugs alle barn kan lære
  • Sett ned få nøkkelprioriteringar
  • Ha tydeleg leiarskap. Stå fast ved det vi er einig om
  • Det må vere disiplin i troppene
  • Strategiane må ha presisjon
  • Hold folk ansvarlege for å gjere rett jobb
  • Med alle meiner ein ALLE:
Spør ungane: Kvifor er du her i dag? Spør kvar dag til dei er så innprenta at dei er her for å lære at det er det dei svarar. Og still dei spørsmålet: Ka har du lært denne timen? I dag?

Bruk data du får inn til å sjå på det som ikkje verkar og fiks det!

Vi vil jo at elevane skal ha suksess (no merkar eg at det er amerikansk. Ville ikke vi sagt at alle elevane skal lukkast?) Ingen vil på jobb for å mislukkast, så gje dei suksess!

Same spørsmål til deg sjølv som lærar: Kvifor er du her? Kvifor er du her for å undervise? Fordi du er glad i barn? Er det nok?
Vi må bygge ein kultur: Kvifor er vi her saman? Ka kan vi skape av læring saman?

Plan- do- study (check) - act. (PDCA). Dette skal du ha i bakhovudet alltid og jobbe etter.

Ka er det viktigaste for barna? Å gå litt i djupna eller overflate? Alt du meiner er slik, skal bevisast. Kom med data.

Ho slo eit slag for klasseromsvandring. Alle skulle bli betre, ikkje bare eleven. Vi må arbeide med det vi har lite data i.
Elevane blei på hennar skule måla kvar månad. Kvar 4.månad av høgare instans. I klasserommet blei dei måla kvar veke
Når du skal planlegge endringar/ undervisning, bør all planlegging starte med data. Ka veit eg om læring, denne type læring, elevane mine... Ver aktivt engsjert i kunnskap om kvart barn.

Eit team må trenast i å vere team. Vi må definere oppgåvene deira.

Ingen kommentarer: