onsdag 25. mai 2011

Little Bee - ein nedtur

Eg hadde høyrt så mykje vakkert om denne boka. Og vaskesetelen reklamerte stort. Dette var ei sterk historie om eit viktig emne. Å vere på flukt fordi du har sett. Å ikkje bli trudd at du er i fare fordi den staten du har kome til har bestemt at det er trygt i landet ditt. Jo, dette er historiar vi nok treng å få inn over oss.

Får så Cleave dette til?

Vi møter Little Bee som kjem seg til England 14 år gamal. Ho hamnar på eit interneringssenter og er der i 2 år. Kjem seg ut derfrå på eit lite truverdig vis, men ok. Finn fram til eit ektepar ho har møtt i Nigeria. Og etter det byrjar det jo å skje ein del.
Forfattaren har sterk trong for detaljar, veldig detaljerte til og med. Ôg når det ikkje  er behov for det i det heile. Td. når du leitar fortvila etter eit barn, ville du då tenkt på at den kvinna som sit på teppet der du spring forbi har farga håret og har flisete tuppar??? Kanskje Sarah, men veldig få andre...

Little Bee sine formuleringar og tankar slit eg med å godta som ein 16 åring med sterke traumer. Verkar meir som forfattaren sitt behov for å fortelje kor flink han.

Slutten, nei den skal eg la vere å seie noko om.
---
I starten tenkte eg at det nok er eg som irriterer meg over dei to kvinnene som les. Har dei barnslege røyster, er det den lyse austnorsken? Etter kvart så blei eg meir og meir overtydd om at det ikkje er stemmen til Petronella Barker eller Heidi Gjermundsen Broch som irriterer. Det er språket.

Så altså ikkje ei bok eg vil seie LES om. Finn deg ei anna bok. Eller les og fortell meg ka du opplevde.

søndag 15. mai 2011

Må vi sy puter under armane på dei som ikkje tør å sjå vala sine i augo?

Ser i Aftenposten.no at SV vil ha sambuarlov. Kvinnene er den økonomisk tapande i eit sambuarforhold. Mannen eig heimen og ho betalar maten.. Min første tanke var at vi ikkje trengte ny lov, vi har jo ekteskapslova. Ja, og sjølvsagt sambuaravtalar.

Kvifor vel ein sambuarforhold? Sikkert mange grunnar til det. I min ungdom (no kjente eg at eg byrjar eldast) var det protest med det formelle ekteskapet. Par ville prøve seg fram. Men målet var ekteskapet. Så var det nokre godt vaksne som hadde ekteskap og ungar frå før og syntes denne forma var greiast for då måtte dei ikkje blande familiane så tett.
No møter eg desse variantane:
  • Ungt kjærestepar som syns det er greit at ho flyttar inn til han sidan han har eige husvære og ho bur heime hjå mor og far. Enkelt og romantisk. Han stiller med huset og ho med pynteputene. Så lever dei gode dagar. Ho kjøper stæsj og han betaler husgjelda. Etterkvart (alt frå nokre månader til eit par år) blir det slutt. Ho pakkar stæsjen saman og flyttar heim til mor og far. Og så gjentar ho refrenget ein, to, tre gonger til. Er det desse som treng sambuarlov? Eller treng dei opplysningskampanje? Og føresette som seier stopp.
  • Ungt kjærestepar som har dårleg råd og bur i leigd leilegheit i lag. Her blir dei fleste utgifter jamnt fordelt. Ryk det så står begge likt.
  • Kjærestepar som  flyttar saman og skal etter planen gifte seg på sikt. Det er bare så dyrt og så passar det ikkje akkurat no. Og så kjem barna. Dei kjøper hus, bil osb. Dei går aldri til advokat og ordnar det juridiske slik at det er ryddig, for dei skal jo gifte seg snart....
  • Kjærestepar som flyttar saman og der den andre leiger ut leilegheita si den første perioden. Sånn for å vere på den sikre sida. Etterkvart kjøper ho seg inn i husværet han eig. Dei skriv sambuaravtale som er gyldig. Og ser til at alt er i orden etterkvart som dei kjøper meir og får barn.
  • Vaksne par der ho flyttar inn til han. Han har jo hus og ho leilegheit. Overskotet frå hussalet går til ny bil, nye møbel og ei kjensle av å ha litt pengar ei stund. Så ryk forholdet.... Eller ho tør ikkje la det ryke for alvoret har gått opp for henne.
Skal samfunnet ordne opp for dei som har brukt den fridomen dei har fått til ikkje å tenkje med både hjarte og hjerne? Når eg ikkje gidd å skaffe meg reiseforsikring, må eg ta ansvar for det som skjer om eg blir sjuk. Det er faktisk det same. Tilbodet om avtalar ligg der og er til for å gjere deg trygg, men du vel å ikkje bruke det. At jenter framleis går rundt i rosa, romantisk tåke, kan bare dei nærmaste og livet hjelpe dei ut av. Vi har lovverk som kan brukast og er det så vanskeleg å ta opp slike problemstillingar med han dei vel å leve med, ja då var det kanskje litt for tidleg å gå inn i eit sambuarforhold?

Ja, så fins jo framleis ekteskapskontrakten. Kanskje det er smartare å lure seg til byfogden ein dag i staden for å vandre rundt med den store draumen og bli fattig i mellomtida?

tirsdag 3. mai 2011

Fotokurs med kremkarar.

Vi er blitt ein gjeng fotoglade folk i i Facebookgruppa "Fotoglede". Vi har til og med starta fotogruppa "Fotoglede" med møter 1 kveld i månaden. Og i helga opplevde vi ein skikkeleg "høydare" for fotoglade, nemleg kurs med Eivind Røhne og Stig Schioldborg. Fantastisk inpirerande kurshaldarar! Vi humra og lo, vi blei klokare, vi fekk prøvd oss og vi blei betre kjent.

Eg sit igjen med mange idear, med ny lærdom mm. Eg kjem nok til å skrive meir om det etterkvart, men eg har ikkje heilt greit å samle tankane enno. Det første eg skal fokusere på er lukkartid så det kjem sikkert nokre motiv her der ulike lukkartider har fokus. Så ting og tang i rørsle blir populært. Og eg skal jo jakte på sexy diagonalar, "jævlar" i bilete og levande "fuglar" ....

På praksisdelen blei vi skikkeleg utfordra. Skulle fotografere på Hellestø i steikande sol. Og på slike dagar skal vi eigentleg bare drikke vin og nyte livet i følge kurshaldarane. Men vi skulle altså fotografere. Om det var for å friste oss til å skaffe oss litt meir utstyr eller ei, veit eg ikkje ;-), men lysta på nokre segl dukka opp...

Oppgåva vi fekk var portrett. Her er det eg tok fram då vi skulle velge eit å vise dei andre:
Eg hadde gleda av å ha ei fotogen modell :)
Andre glimt frå timane på Hellestø:


Kursleiarane viftar med solskjerming :) Hjelper i lyssettinga
Fotomodellen vår (konfirmant)

søndag 1. mai 2011

Livlegens besøk

"Livlegens besøk" av Per Olov Enquist var neste bok ut av lydbøkene mine. Spennande bilturar blei det.
"Den 5.april 1768 ble Johann Friedrich Struensee ansatt som den danske kong Christian den syvendes livlege, og fire år senere ble han henrettet"

Dette er starten på romanen. Det fins neppe betre måte å bli kjent med historien på enn å få den i romanform. Her kjem vi på innsida av ei radikal tid i den nordiske historia. Struensee gjorde endringar som ligg føre den franske revolusjonen.

Her møter vi makt, navmakt, revolusjonære idear og galskap. Å bli fødd til ein tittel og å bli brukt i den. Det er spørsmål vi kan undre oss over i dag òg....

Romanen fasinerte meg. Den var spennande, morsom og tankevekkande. Rart å vite korleis det går og samstundes håpe at det ikkje går slik.

Per Olov Enquist fekk forresten fleire prisar for denne boka.