Kvifor vel ein sambuarforhold? Sikkert mange grunnar til det. I min ungdom (no kjente eg at eg byrjar eldast) var det protest med det formelle ekteskapet. Par ville prøve seg fram. Men målet var ekteskapet. Så var det nokre godt vaksne som hadde ekteskap og ungar frå før og syntes denne forma var greiast for då måtte dei ikkje blande familiane så tett.
No møter eg desse variantane:
- Ungt kjærestepar som syns det er greit at ho flyttar inn til han sidan han har eige husvære og ho bur heime hjå mor og far. Enkelt og romantisk. Han stiller med huset og ho med pynteputene. Så lever dei gode dagar. Ho kjøper stæsj og han betaler husgjelda. Etterkvart (alt frå nokre månader til eit par år) blir det slutt. Ho pakkar stæsjen saman og flyttar heim til mor og far. Og så gjentar ho refrenget ein, to, tre gonger til. Er det desse som treng sambuarlov? Eller treng dei opplysningskampanje? Og føresette som seier stopp.
- Ungt kjærestepar som har dårleg råd og bur i leigd leilegheit i lag. Her blir dei fleste utgifter jamnt fordelt. Ryk det så står begge likt.
- Kjærestepar som flyttar saman og skal etter planen gifte seg på sikt. Det er bare så dyrt og så passar det ikkje akkurat no. Og så kjem barna. Dei kjøper hus, bil osb. Dei går aldri til advokat og ordnar det juridiske slik at det er ryddig, for dei skal jo gifte seg snart....
- Kjærestepar som flyttar saman og der den andre leiger ut leilegheita si den første perioden. Sånn for å vere på den sikre sida. Etterkvart kjøper ho seg inn i husværet han eig. Dei skriv sambuaravtale som er gyldig. Og ser til at alt er i orden etterkvart som dei kjøper meir og får barn.
- Vaksne par der ho flyttar inn til han. Han har jo hus og ho leilegheit. Overskotet frå hussalet går til ny bil, nye møbel og ei kjensle av å ha litt pengar ei stund. Så ryk forholdet.... Eller ho tør ikkje la det ryke for alvoret har gått opp for henne.
Ja, så fins jo framleis ekteskapskontrakten. Kanskje det er smartare å lure seg til byfogden ein dag i staden for å vandre rundt med den store draumen og bli fattig i mellomtida?
2 kommentarer:
Åh, for eit godt innlegg! Eg er så einig med deg. Dette handlar om å ansvarleggjere folk, så dei forvaltar fridommen sin på ein god måte.
- Og for dei som bare vil prøve seg fram og sjå korleis det går, fordi det er praktisk og fint og uforpliktande, vil ikkje forpliktinga som ligg i å registrere sambuarskapet slik at det blir juridisk riktig, vere minst like skremmande som eit ekteskap?
Fantastisk innlegg. snakk om å treffe den berømte spikeren på hodet. Kunne sagt mye om dette sånn rent privat, men velger bare å si at verste varianten er voksne kvinner som flytter inn til en bemidlet mann. Det vet jeg litt om.
Trine
Legg inn en kommentar