onsdag 8. juni 2011

Sosiale media og kommunen

I dag har eg vore på leiarsamling i Sandnes kommune. Temaet var "Sandnes i Cyperspace".

Vi var på Vågen vgs. Ein ny flott skole. Men utan sjanse til å kome på nett i auditoriet. Sikkert smart overfor elevar, men småfrustrerande for leiarar som er van med å vere på nett det meste av tida. Vi vil jo gjerne svare på ein epost, gje nokre meldingar til dei som er på jobb osb. Ein del av oss er jo i Cyperspace alt.

Rådmannen starta og røpte at han var ganske så jomfrueleg på området, men at han var klar for at kommunen skulle ta steget vidare frå den meir statiske heimesida med einvegs kommunikasjon til tovegs...  Er spent på bloggen han vil prøve seg på.

Neste person ut var Anna Kirah, sosialantropolog og Microsoft tilsett. Interessant å høyre på. Ka vil vi med sosiale medier? Vil vi samhandle med dei vi er til for? Ho harselerte litt over "bestillar" omgrepet som har vore så populært. Kven kjenner seg som det?  Tør vi utvikle med dei som skal bruke det i heile prosessen? Eller tar vi ei spørjeundersøking i starten og lagar noko vi trur liknar?  Kvifor må alle rulatorar vere grå?  Ka gjer det med oss å få direkte kontakt i heile prosessen? Du får eit betre resultat, ikkje automatisk eit dyrare.
Ho sa mykje meir òg, men det har eg gløymt akkurat no.

Etter henne kom Espen Grimmert frå http://www.klokere.no/ : Han gjekk rett inn på dei sosiale mediene. Kor er du? Kor er avdelinga di? Kor medviten er du? Når elevar/føresette er ven med deg på FB, har du ein politikk for det? Går alt du skriv til alle? Ka gjer du med info du får? Er alt ope eller skil du gruppene? Som sjef, skal du vere ven med dine tilsette? Ka med politikarar? Greit å ha det diskutert med seg sjølv og kollegaer før problemstillinga kjem opp. Då kan ein òg vere tydeleg overfor desse gruppene.

Svært få er skaparar på sosiale medier. Dei fleste er pludrarar og kikkarar. Då vi sat i gruppe etterpå, var 3 av 7 på facebook. Resten ville ikkje. Dei hadde ikkje tid å bruke tid på slikt. (Hm lurar på ka dei gjer etter 19 om kvelden? Ser TV.... er det så mykje betre bruk av tid?..). Ein var typisk pludrar, ein kikkar. Den tredje var jo meg.  Eg var den einaste bloggaren og twitraren. 2 av oss hadde aktive heimesider for resultateininga. 2 brukte kommunen sin variant (den brukte skolane før. Elendig). Håpar ikkje kommunen rotar for mykje og fjernar oss frå http://www.minskole.no/ utan å ha eit endå betre tilbod. Vår side www.minskole.no/austratt er svært enkel å handtere og blir mykje brukt. Det er mange treff frå lesarane. Men det er altså ikkje tovegs...

Tilbake til Espen Grimmert. Koffor bør vi ha facebookside for firmaet? Jo, vi får tovegskommunikasjon. Men det krev at vi er tilstades. Ikkje bare legg inn ei side og gløymer den. Hm. Eg har lurt litt på å få skolen på facebook. Vil det vere ein tovegskommunikasjon mellom skole og heim? Korleis skal vi bruke sida? Greier vi å følge den opp?

Linkeldn. Det einaste eg ikkje er på. Har lurt på det lenge, men er usikker på ka eg skal bruke det til. Får sjekke litt ut på twitter. Der er det enkelt å få kjappe tilbakemeldingar, positive og negative.
Grimmert var interessant å lytte til.

Frå kommunen var det kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen som var klar til å setje i gang. Mykje var tydlegvis ganske så nytt for henne òg, men ho har sikkert sett i gang med ei bratt læringskurve som ho kjem til å fikse med glans. Ho presenterte eit forslag til retningsliner for sosiale medier i Sandnes kommune. Punktene som det er laga retningsliner for er:
  • Når enheter tar i bruk sosiale medier
  • Arkiv og saksbehandling
  • Etikk
  • Når du representerer Sandnes kommune i sosiale medier
  • Gode råd for privat bruk av sosiale medier
Eit punkt er "Bruk gjerne sosiale medier i arbeidstiden, hvis det er relevant for jobben din". Det blei diskutert i gruppa vår. Trengte vi oppfordre til det? Eg vil no seie: Hallo, IKT-avdelinga. No opnar de vel for tweetdeck på jobben? Eg saknar det og brukte det i jobben før de stengte det.
---
Ok. Denne dagen sa lite nytt til meg om sosiale medier, men får jo tankar i gang. Koffor er eg ein aktiv brukar. Ein skapar og ikkje bare ein kikkar? Det som kjem øvst, er vel at eg har eit sterkt behov for å uttrykke med skriftleg. Er taletrengt i skriftleg form. Når eg ikkje blei forfattar så får eg bli bloggar ;).

Facebook brukar eg som ein kanal for kontakt med vener og familie for det meste. Syns det er kjekt å skrive litt, få tilbakemelding og kunne gje tilbakemelding direkte. Eg hadde ikkje tenkt at facebook skulle bli ein kanal der eg blei kjent med mine sysken sine barnebarn. Det er ein solid bonus! Brått er min store familie nærmare.
Ei anna side er hobbygrupper eg er med i. Har vore med å stifte ei fotogruppe via facebook. Får inspirasjon om bøker å lese osb.. Kjempekjekt.

Twitter er det eg brukar mest. Her er eg ein sterkare blanding av fagmennesket og privatmennesket. Dette mediet er veldig direkte. Td. Lurte eg på om erfaringar med Linkeldn i ettermiddag. Det gjekk to minutt så begynte eg å få respons. Eg har kommentert skolepolitikk og fått respons frå @SVKristin (Kristin Halvorsen på twitter), eg får spreidd tankane mine frå bloggane og får respons fort. Og i blant er det tøys og tull. Det trengs òg :-)

Blogg har eg 3 av og for å halde dei på plass så har eg ei heimeside der du finn lenkje til dei http://www.oesterhus.net/.
Den bloggen som er eldst er hundetreningsbloggen. Den blir aktivt lese av treningskompisar og folk med hundeinteresse. Firbeintbloggen.
Neste blogg blei ein reiseblogg. Eg måtte bare fortelje om ka eg såg på reisene mine. Det var den taletrengte pedagogen som vakna. Sjekk Ferdaminne før du skal reise. For inspirasjon og tips.

Den siste bloggen kom ut frå behov frå resten av meg. Eg var jo skolemenneske, bokmenneske, hobbyfotograf, politisk interessert osb. Ein eller annan stad måtte eg få det ut. Då blei det bloggen Fritenkjar. Det er denne eg får mest respons på frå heilt ukjente menneske. Får interessante epostar og twittermeldingar. Spennande. Men det er òg den bloggen der eg grublar mest over lojalitet til arbeidsplassen. Har vel konkludert med at eg er så lojal at eg blir tannlaus i fht det som er dagsaktuelt for skoleleiarar i Sandnes. Må arbeide litt med det.

I tillegg er bloggane ein fin stad å lenkje til andre interessante bloggar. Gjennom desse får eg innspel og idear.

Det kjem nok meir om sosiale medier og bruken i Sandnes etter kvart. Får minne Marianne Jørgensen at politiet i Sandnes er på twitter alt...

Velkommen til å kommentere. Du kan registrere deg som open ID eller anonym (men skriv gjerne namnet ditt i meldinga :)).

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å lese om dagen din. Skulle gjerne vore der, men hadde andre oppgåver i dag. Nye 1. Klassingar skulle koma på besøk.
Eg har og lurt på Facebook side for skulen. Trur det kunne vore noko.
Elles opplever eg Facebook som svært nyttig mht kommuniksjon med mange på ein gong. Det som er på veggen er ikkje så personleg, eg nyttar ofte innboksen. Gjerne til mange på ein gong.
Nina