Drog til byen for å bli med på minnemarkeringa. Trengte folk. Tok ikkje med fotoapparatet, men hadde heldigvis mobilen. Det var sterkt å vere saman med nærmare 80.000. Roser og faklar.
Skulle tatt av mengden, men måtte bare vere der akkurat då. Desse tok eg etter toget:
| Roser kasta ut på Breiavatnet. |
| Breivatnet. Ut på kvelden var det levande lys langs heile vatnet |
| Domkyrkjeplassen kl 22. |
Eg la ned rosene og fotograferte litt.
| "Kjære Marianne. Hvil i fred. Hilsen farmor" |
Inne i kyrkja blei eg overraska over at det var kø. Ei stille kø. Og vandrande stille rundt i kyrkjerommet for å tenne lys, for å setje seg ned: ungdommar, gamle... Stille.
Å kome ut og sjå at Statsraaden hadde tatt seg ein tur til byen, var kjekt. I morgon startra Tall ships Race festen. Er litt godt det òg.
Det rare er at til og med rundt skipa går folk stillare enn vanleg. Dei snakkar rolegare.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar