tirsdag 11. oktober 2011

"Da sendte gudene ham en kvinne"

..sa Jan Erik Vold om kjærleiken Olav H Hauge opplevde på sine gamle dagar.
Eg har nett lese boka eller brevene, rettare sagt, BREV 1970-1975 av Olav H Hauge og Bodil Cappelen. Same Vold kallar boka det vakraste kjærleiksdiktet som er skrive.

Det startar med at Bodil Cappelen, biletkunstnar, sender eit brev til Olav H Hauge. Ho kjenner han ikkje, men ho kan tenkje seg å vere ven med han. Ho treng eigentleg fleire vener ser ho. Og så fortel ho om seg sjølv.
Han svarar. Einstøingen. Høfleg skriv han heile namnet hennar på kvart brev dei første åra. Og fullt namn under. Her er det ikkje tjo og hei og klapp og klem, nei.

Sakte knyttar dei trådar mot kvarandre. Det er diskusjon om litteratur og politikk. Eg er imponert over Olav H Hauge. Her sit han i ei bygd i Hardanger. Utdanning: Gartnarskulen. Med eit vidsyn som gjer meg mållaus. Han omsett dikt frå fransk, tysk og engelsk. Kastar seg over kinesisk lyrikk (på engelsk). Diskuterer filosofi, er oppteken av kva som skjer ute i verda. Les mykje. Er oppdatert på det meste. Dette kjem i små drypp, medan han diskuterer med Bodil Cappelen, gjev henne tips om litteratur (eg får tips eg òg) og strever med kvardagen blant epletrea.

Etter fire år møtes dei. Ho 44 og han 66. Dette er i ei tid der ikkje alle har telefon i heimen og fleire forsøk på å møtast har ikkje lukkast. Trur OHH sneik seg unna eit par gonger. Kanskje det bare er ei kjensle eg fekk medan eg las.
 Det første møtet i juni 1974 må ha vore viktig for dei. Ho er ikkje lenger Bodil Cappelen, men kjære Bodil. Dei har tydeleg sett kvarandre den korte stunda. Neste møte i Ulvik er så sterkt at ho vel å bryte opp frå ekteskapet og heimen. Denne delen der dei lengtar, er redde og undrande over lukka, er sterk syns eg. Her er det kloke ord om store diktarar i ei setning og du må koma, men bare om du vil, i neste.
"Um kveldane har eg lese i Kongsspegelen. Venteleg for å få litt høvisk framferd til du kjem"

Eg har i det siste vore oppteken av kva som er danningslitteraturen min. Den som var med og gjorde meg til den eg er. Denne boka kom kanskje litt seint i livet, men du og du kor godt ho kom! Ho kjem til å liggja framme. Eg kjem til å bla, sitere og lese sider om att.

Teppet
Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind-
Slik at eg, som beduin, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden,
til eit segl
på min båt!
- Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.
        OHH januar 1975

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eit nydelig dikt, Aud Venke!

Bai sa...

Denne boka likte eg også veldig godt. Eg las ho i vinter, og eg kjenner også at eg kjem til å bla litt tilbake i boka og lese dei essayistiske refleksjonane rundt omsetting og dikt, bokval og kunst om og om igjen.