onsdag 25. april 2012

Outstandig? Eit lite møte med det engelske skolesystemet

 Eg er for tida student ved BI Stavanger. På den såkalla rektorskolen. Veldig spennande, lærerikt og til tider provoserande. I januar drog vi til London for å lære korleis dei har tatt tak sine dårlege resultat på PISA, PEARLS, TIMSS osb.

Det blei ein lærerik tur.
Sundagskvelden. Like etter at alle var komne, var det førelesing med professor John West-Burnham. Han sette dagsorden ganske fort. Har samfunnet råd til dårlege lærarar? 
Mykje av det han sa, er det same som John Hattie kom fram til i sitt store forskningsprosjekt.  West-Burnham meinte at det kan skilje over eit år i læring med god eller dårleg lærar. Så ser han alvorleg på oss: Skal det verkeleg vere eit tilfeldig spel om ditt barn har flaks eller uflaks i val av lærar? Det har vi ikkje råd til.

Regjeringa har som mål å heve standarden på 23.000 skolar og minke gapet mellom dei dyktige og mindre dyktige lærarane. "Vi har ikkje råd til å la åra gå og elevane tape"
Systemet er bygd rundt eit stort inspeksjonskorps. Alle skolar får besøk av inspektørar frå Ofsted. Inspektørane er plukka blant dei beste skoleleiarane og lærarane. Dei studerer undervisningskvaliteten (teaching), høve til å utvikle seg (achievement), leiing (leadership), atferd og tryggleik (behavior) og til slutt heilskapen (overall effectiveness).
Deretter kjem karakteren. Outstanding? Good? Satisfactory (les: not good enough)? Inadequate?  Får skolen det siste, sit ikkje rektor trygt i stolen særleg lenge.
Skolane får ein periode til å gjere endringar før ny inspeksjon kjem.

I Noreg var tilbakemeldinga frå OECD om å sette fokus på desse områda:

1.Tydeleggjera mål og kriterie for kva som er god kvalitet. Vi manglar klare kriterier for å definere kvalitet i utdanningsssystemet.
2.Fullfør Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) slik at det framstår som eit samanhengande system. Lærarvurdering må inn i NKVS. Det må vere felles kvalitetsstandardar
3.    Halde fram å bygge evaluerings- og vurderingskompetanse blant lærarar, skoleleigarar og skoleeigarar.




Tilbake til London og inspeksjonane deira. Vil du lese om korleis ein inspeksjon foregår, kan du lese "The framework for school inspection"

Vi fekk sjå ei oversikt over ka dei definerte i dei ulike karaktergruppene. Det blei til ettertanke. Kor er eg som skoleleiar, lærarane på skolen, skolen som heilskap? Vi har glimt av outstanding, mykje vil vere i kategorien good, men og satisfactory.
Døme på outstanding:

¡Elever testes og hull tettes raskt
¡Elever utvikler forståelse på tvers av fag
¡Lærerne har høye forventninger til alle elevene
¡Lærerne tilpasser oppgaver, lekser  etter elevens  tidligere ferdigheter
¡Foreldre og elever er positivt innstilt til skolen
¡Ledelsen fokuserer konstant på opprettholdelse og forbedring av den beste undervisningen
¡Mye av undervisningen er fremragende og aldri mindre enn god
¡Elevene er særs godt rustet til videre utdanning.


Vil du vite meir om korleis dei ulike gradene blir definert, kan du finne det i heftet School inspection handbook.

Etter ein del teori, drog vi til skikkeleg London-East. Bonner Primary School. Midt i fattigdom, arbeidsløyse og innvandring låg denne skolen og var definert som Outstanding.
Rektor, Martin Tune, fortalte at skolen hadde 10% etnisk engelske. Arbeidsløyse var eit yrke familiane hadde hatt i generasjonar. Dei fleste elevane budde i blokkene rundt skolen. Fattigdommen var tydeleg. Til dømes møtte vi ein lærar som kom mot oss i gangen. Ho skulle sjekke om det regna for no var det på tide med lunsjpause for elevane. Og dei trengte luft. Vi flirte litt. I Noreg går ungar ut i regn. Etter kvart forstod vi at det faktisk handla om at mange barn hadde ikkje regnty eller klesskift. Skolen hadde ikkje skoleuniform.

For ein del år sidan var dette òg ein skole som ikkje gjorde det så bra. Det kunne alle forstå. Med det elevgrunnlaget og heimane. Men dei bestemte seg: "There is no Excuse!" Vi må ha fokus på det vi kan gjere noko med. Nemleg:
  • kvaliteten på undervisninga
  • tilbakemeldinga til elevane
  • kvaliteten på leksene.
Mange mødre (og fedre) går heime. Dei blei invitert inn i skolen som hjelparar. 


Leiinga fulgte opp lærarane tett. Det var stilt krav til dei og undervisninga. Målet var å få alle lærarane til å vere dei beste lærarane. Rektor hadde vore på skolen i mange år. Vi var litt mållaus over alt han rakk. Han hadde tydeleg kontroll over kvaliteten i  kvart rom. Altså måtte han bruke mykje tid på skolevandring. Jo, det gjorde han. Men koss rekk du alt det dei krev du skal rapportere om? Det var visst meir eit venstrehandsarbeid. Men de veit. Det er ikkje så enkelt å angripe meg for vi lukkast jo med det vi gjer... var svaret.

Rektor sin karakteristikk over ka god undervisning var: 
  • Progress - What progress do the children make in the lesson?
  • Challenge and pace- Is the level of challenge, intellectual and physical (in relation to how much they produce) correct?
  • Differentiation - is each child or group of children doing an appropriate activity for them?
  • Engagement and participation - are alle the children actively involved in learning?
  • Teacher knowledge and confidence - Does the teacher truly know the subject or aspect they are teaching. Are the prepared?
  • Classroom behaviour and management - are there clear systems that ensure the smooth running of the classroom?
Det var meir utfyllande på kvart punkt, men totalt 1 1/2 side.
I tillegg hadde skolen "Key Characteristics of Bonner School". 

Lærarane ved skolen var organisert som eg har sett i fleire engelsktalande land: Dei er trinnekspertar. Dvs 1.trinnslærar, 3.trinnslærar, 4.trinnslærar osb. Og der blei dei spesialistar. Meir uvanleg tanke for oss, der foreldre er svært oppteken av stabiliteten over fleire år. Betre med ein mindre god, bare han er med dei i fleire år? Den engelske professoren ville ha fått gysningar.

Elevane blei testa jamnleg og alle testar blei fulgt opp. Elevane fekk differensierte oppgåver. I eit klasserom fekk eg vite at læraren hadde plassert elevane i grupper slik at dei svakaste satt i gruppene nærmast læraren. Jo flinkare, jo lengre vekk. Ho ville ha kontroll om dei hang med.
Klasseromma er typisk nok fulle av plakater å lære av. Under klokka heng det fleire skilt om tid. "snart" "med ein gong".... 

For dei vaksne på skolen var det viktig at elevane skulle møte folk i ulike yrkesgrupper slik at dei kunna få andre idear enn arbeidsløyse for framtida. Tidlegare elevar som hadde lukkast, blei inviterte til å fortelje om sin veg. Dei hadde i alle fall eit kontor i City som hadde avtale med dei om å kome fast innom for å lese med ungane. Vise ungane at folk var folk, same kven dei var.


Det var fullt i pannebrasken etter besøket. Her var det mykje som gav gjenklang i det vi jobba med, men òg ting å tenkje på. Ser at arbeidet med vurdering for læring, kartleggingsprøvane og etterarbeidet med dei, er midt i gata. Og fokuset på læraren som klasseleiar og læringleiar er jo som å høyre Thomas Nordahl.

Dette var oppsummering slik eg hugsar det akkurat no. Tar med glede i mot innspel (og gjerne korreksjon frå medstudentar).

mandag 23. april 2012

Sosiale medier og jobben

Er vi så redd for å trampe over
at vi lar vere å gå?
Var på førelesing på BI om sosial medier i dag. Svein Tore Mathiesen og Cecilie Staude la glødande fram ka dei meinte om sosial medier. Og var ganske så overbevist om at vi måtte få skolen på banen.

Privat er eg aktiv multitaskar, men opplever vel ikkje at det er typisk for skoleleiarar eller lærarar. Vi held vel heller ein låg profil på området.
I dag foregår kommunikasjonen med foreldre og andre interesserte via heimeside, vekeplanar, It's learning, telefon og epost. Eg har ikkje fått tilbakemeldingar om at det er behov for anna. Så er det eg som lagar behovet? Ikkje i følge foredragshaldarane. Dei hadde ei tru på at behovet var der og at det ville bli større.
Eigentleg er det fascinerande at det var såpass mange skoleleiarar i sin nestbeste alder (yngre enn meg) som ikkje var på facebook privat. Men som mennene sa: "Konene er der...".

Det er mange utfordringar med å ha kontakt med elevar, foreldre, andre i eit så aktiv medium. Det du har skrive står der og kan lesast av mange. Det må ikkje bli for tungvint å drive heller. Er lærarane interessert i å ha ei skoleside på facebook og vere aktive respondentar og brukarar av den? Eller vil leiinga bli sitjande aleine med ansvaret? Sidan eg arbeider i ein barneskole er det ikkje ein debatt om eg skal bli ven med elevane før dei er 13. Eg skal ikkje det. Så lenge facebook har den regelen, held eg meg til den. Så får vi sjå ka framtida kjem med.

Men det eg gjerne skulle hatt respons på no er:

  • Er det nokre av dykk som skil facebook i privatkonto og jobbkonto? Dvs har ei side som er den profesjonelle ved sida av den private. Ka erfaring har du med det?
  • Har de skoleside på facebook? Er den aktiv? Korleis får det til å drifte den? Viss den er passiv - kvifor?
  • Er skolen på twitter? Er du på privat med heile deg, eller bare med privaten/jobben?
  • Ka andre medier brukar de?
  • Har skolen diskutert ulike sider ved sosiale medier med personalet? (eg tar det som sjølvsagt at elevane lærer nettvett). Har de laga reglar for dei vaksne?
  • Har vi behov for å vere på sosiale medier i barneskolen? Er vi ikkje nok på servicesida?
  • Og du som er foreldre: Ka slags behov har du? Er heimesida, vekeplanar epost nok?
Og eg lurar sikkert på mykje meir, men akkurat no - dette. Gje meg gjerne innspel her, eller på twitter: @avoest eller epost 
Eller for dei som las via facebook - det er lov å kommentere der òg.

Kom igjen.