mandag 23. april 2012

Sosiale medier og jobben

Er vi så redd for å trampe over
at vi lar vere å gå?
Var på førelesing på BI om sosial medier i dag. Svein Tore Mathiesen og Cecilie Staude la glødande fram ka dei meinte om sosial medier. Og var ganske så overbevist om at vi måtte få skolen på banen.

Privat er eg aktiv multitaskar, men opplever vel ikkje at det er typisk for skoleleiarar eller lærarar. Vi held vel heller ein låg profil på området.
I dag foregår kommunikasjonen med foreldre og andre interesserte via heimeside, vekeplanar, It's learning, telefon og epost. Eg har ikkje fått tilbakemeldingar om at det er behov for anna. Så er det eg som lagar behovet? Ikkje i følge foredragshaldarane. Dei hadde ei tru på at behovet var der og at det ville bli større.
Eigentleg er det fascinerande at det var såpass mange skoleleiarar i sin nestbeste alder (yngre enn meg) som ikkje var på facebook privat. Men som mennene sa: "Konene er der...".

Det er mange utfordringar med å ha kontakt med elevar, foreldre, andre i eit så aktiv medium. Det du har skrive står der og kan lesast av mange. Det må ikkje bli for tungvint å drive heller. Er lærarane interessert i å ha ei skoleside på facebook og vere aktive respondentar og brukarar av den? Eller vil leiinga bli sitjande aleine med ansvaret? Sidan eg arbeider i ein barneskole er det ikkje ein debatt om eg skal bli ven med elevane før dei er 13. Eg skal ikkje det. Så lenge facebook har den regelen, held eg meg til den. Så får vi sjå ka framtida kjem med.

Men det eg gjerne skulle hatt respons på no er:

  • Er det nokre av dykk som skil facebook i privatkonto og jobbkonto? Dvs har ei side som er den profesjonelle ved sida av den private. Ka erfaring har du med det?
  • Har de skoleside på facebook? Er den aktiv? Korleis får det til å drifte den? Viss den er passiv - kvifor?
  • Er skolen på twitter? Er du på privat med heile deg, eller bare med privaten/jobben?
  • Ka andre medier brukar de?
  • Har skolen diskutert ulike sider ved sosiale medier med personalet? (eg tar det som sjølvsagt at elevane lærer nettvett). Har de laga reglar for dei vaksne?
  • Har vi behov for å vere på sosiale medier i barneskolen? Er vi ikkje nok på servicesida?
  • Og du som er foreldre: Ka slags behov har du? Er heimesida, vekeplanar epost nok?
Og eg lurar sikkert på mykje meir, men akkurat no - dette. Gje meg gjerne innspel her, eller på twitter: @avoest eller epost 
Eller for dei som las via facebook - det er lov å kommentere der òg.

Kom igjen.

Ingen kommentarer: