tirsdag 29. mai 2012

Lesing i alle fag

Det er i dag mykje fokus på at elevane må bli betre lesarar. Kunnskapsdepartementet har testar i lesing på 1., 2. og 3.trinn, i tillegg til nasjonal prøve i lesing på 5., 8. og 9.trinn. Altså lesing, ikkje norsk. Det er lagt vekt på at alle lærarane er leselærarar og at lesing er i alle fag. I teorien greit nok, men det blir lett at det er norsklæraren som har ansvaret. Korleis skal vi får alle dei andre til å snakke og tenkje på same språket? Når norsklæraren snakkar om lesestrategiar, gjev det gjenklang hjå mattelæraren? Vi ser i alle fall at det må ein del felles opplæring til for at vi skal snakke same språk og bruke det.
Her er ein skole som har tatt tak i det, Eggeslevmagle Skole i Danmark. Sjå artikkelen: Sådan skaber vi et fælles sprog om læsning.


Lesesenteret har mange hefter og artiklar om lesing, til dømes:

få oversikt på Lesesenteret, UiS

mandag 14. mai 2012

Læringseffekt og klassestorleik

Når politikarar, foreldre og lekfolk snakkar om lærartettleik, klassestorleik, klassestyrar, klassar osb  opplever eg ofte at vi ikkje snakkar om det same. Difor ei kort forklaring. Med kunnskapsløftet 2006 og endringane i opplæringslova kom det ei stor endring:

Klasse:
I "gamle dagar" dvs før Kristin Clemet (H), utdannings- og forskningsminister (2001-2005) i Bondevik2-regjeringa, hadde vi eit klassedelingstal. Det var ikkje heilt likt i kommunar, men som regel var det 28 eller 30 elevar som var maks før ein skulle dele opp i fleire klassar.
tradisjonelt klasserom
No slutta ein å prate om klassar, men snakka om pedagogisk forsvarlege grupper. Og dei kan ha svært ulike storleik. Så altså klasse er ut. No snakkar ein om storgrupper og kontaktlærargrupper

 Frå opplæringslova:

§ 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper
       I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.
       Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen. (juni 2003)


Kontaktlærargruppe:
Den gruppa kontaktlærar har eit spesielt ansvar for, særleg i forhold til heimen. Storleiken på den, treng ikkje ha noko med storleiken på storgruppene å gjere.

Klassestyrar -kontaktlærar:
Før var det den læraren som hadde hovudansvaret for ein klasse og kontakten med heimen. Dette ordet er borte i dag. Vi har fått kontaktlærar.

Klassestorleik:
eit moderne "klasserom"
Eit fornuftig ord den gongen eit trinn skulle delast om det kom fleire elevar enn 30 på trinnet. I dag må vi snakke om kor stor elevgruppe elevane går i på det jamne. Det blir ulikt på ulike skolar. Har ein skole moderne lokale med førelesingsrom, små grupperom, store arbeidsrom... varierer dei meir på gruppestorleiken i løpet av veka enn på ein gamal skole der alle rom (unntatt nokre små grupperom) er 59-60m2. Då er gruppene maks 30 stort sett heile tida.
Altså vil det i nokre skolar vere heilt uinteressant å snakke om klassestorleik, medan andre syns det er veldig viktig.

Lærartettleik (antall elevar pr lærarårsverk):
Ein time, 30 elevar og 1 lærar. Det gjev ein lærartettleik på 30-1. Men i skolekvardagen hender det jo at det er fleire lærarar inne i nokre timar. Eller at ein lærar har tatt med seg ein eller fleire elevar ut av rommet. Då aukar lærartettleiken.  I tabellar skil ein ofte om det er to lærarar pga spesialpedagogisk hjelp i undervisningsrommet eller om det er styrking.

Vaksentettleik
er eit anna omgrep. Då tel ein kor mange vaksne som er med i timen, ikkje kvifor dei er der. På mange skolar er assistentar og fagarbeidarar ein del av hjelparane på trinnet.

Vi snakkar altså om storgrupper, smågrupper, kontaktlærargrupper..... På eit trinn kan det til dømes vere 3 kontaktlærar på 50 elevar. Desse er ofte i storgrupper på 25. Og er det bare ein lærar inne i kvar undervisningstime i denne storgruppa, er det ein lærar på 25 ("lærartettleik"). Men læraren er kanskje bare kontaktlærar for 10 av elevane i storgruppa og for 7 i naborommet.

----

To ulike forskningsrapportar er svært aktuelle i debatten om læringseffekt og klassestorleik:

Den eine har Utdanningsforbundet trykka til sitt bryst...

Professor John Hattie, Aukland Univercity, New Zealand, har i meir enn 15 år fulgt og analysert skoleforskning i USA, Storbritannia og Australia. Resultatet er det som blir kalla den største oversikt over forskning nokon sinne. 83 millionar elevar er involvert i perioden 1976-2007.
Ut frå dette blei det laga ei liste over kva som verkar best i skolen for eleven si læring og kva som verkar minst.
Størst effekt på læringa har:

  • Lærar med god klasseleiing (struktur, tydeleg)
  • Tilbakemeldinga læraren gjev eleven (positiv, støttande og konstruktiv
  • Positiv og støttande relasjon mellom lærar og elev
  • Kognitive strategiar: dialog, spørsmål, klargjering, repetisjon og oppsummering
Middels effekt:
  • Læringsmiljø med sosialt gode relasjonar mellom elevar og ein elevkultur som støttar læring
  • Foreldre med tydelege og realistiske forventningar og støtte til læring og skolegang.
  • Heimearbeid og lekser
Liten effekt:
  • Skoleleiing
  • Redusert klassestorleik (på grensa til liten effekt..)
Ingen effekt:
  • Nivådifferensiering
  • Baseskolar/opne skolar
  • Aldersblanding
Som dei fleste andre skolefolk reagerte eg på at klassestorleik ikkje hadde særleg effekt. Men det som Hattie fann ut, var at lærarane opererer på same måte om det var 10 eller 30 elevar i ein klasse. Vi må eventuelt kurse lærarane slik at dei kan dra nytte av mindre storleik. Det er i liten grad gjort.

Hattie si oppfordring til foreldre:
Slutt å vere så oppteken av talet på elevar i klassen og kva skole barnet går på. Ver oppteken av kvaliteten på lærarane.
Spør barna om kva slags tilbakemelding dei får frå lærarane i staden for kva dei har lært.

Litt meir info i forskning.no-artikkel

Professor Thomas Nordahl (høgskolen i Hedmark) har vore opptatt av denne studien og har halde føredrag om forskningsresultata i fleire år. Det fins mange lenkjer til føredraga han har halde på nettet. Søk i veg! 
---

Neste forskning er svensk og har gjort Utdanningsforbundet svært lukkeleg. Så lukkeleg at dei brukar denne forskinga i faktaark 8/2012. Les det og legg merke til at det ikkje står ein definisjon av kva mindre klassar er. 
Fredriksson/Oosterbeek/Öckert: Långsiktiga effekter av mindre klasser, (IFAU) har studert den langsiktige effekten av klassestorleikendringar på 4-6.trinn. 
Dei konkluderer med at mindre klassar betrar elevane sine kognitive og ikkje-kognitive sider ved 13-årsalderen, resultat på nasjonale prøvar i svensk, engelsk og matematikk ved 16 års alderen og utdanningsnivå og løn ved 27-42 års alderen.

No kjem tolkinga mi av forskningsrapporten. Les og korriger meg der det trengs.
I Sverige var klassedelingstalet 30. Dei samanliknar med klassar som har 5 færre elevar i klassane. Resultatet viser at kognitiv utvikling (kognitiv förmåga) aukar for både dei som kjem frå heimar med høg og låg inntekt . Ikkje-kognitiv (personlegdomen) utvikling viser sterkt igjen for barn frå heimar med høg inntekt. Prøveresultat ved 16-årsalderen er betre for begge gruppene, men best for dei frå familiar med høg inntekt. Større sjanse for å ha høgskoleeksamen etter at ein er blitt vaksen, er størst for... ja, akkurat, dei frå heimar med høg inntekt. Og vinne på mindre klassar lønnsmessig i livet? Dei same.

Eg blei faktisk litt skuffa over resultatet. Vi snakkar om at det er dei svakaste som tapar på store klassar. Kanskje dei tapar mindre med å vere 25 i staden for 30, men dei tradisjonelle vinnarane blei endå større vinnarar. Slik eg les det.

Når Utdanningsforbundet trykkjer denne til brystet, lurer eg på kva dei tenkjer om store og mindre klassar? Er det 30 kontra 25? Dei skriv om at ein firedel får undervisning i grupper større enn 20. Og det vil dei svakaste tape på. Kvifor akkurat talet 20? Ut frå deira konklusjon har i alle fall 3/4 av norske barn undervisning i grupper som gjev dei det beste læringsmiljø. Seier resultata av nasjonale prøvar og eksamen at dette stemmer? 

----
Er du interessert i skole og utdanning? Følg sida mi på facebook: Aud Venke G Østerhus