søndag 21. mai 2017

Alt lyset du ikke ser

"Så​ ​hvordan​ ​kan​ ​hjernen,​ ​som​ ​lever​ ​uten​ ​et​ ​eneste​ ​lysglimt,​ ​skape​ ​en​ ​verden​ ​full​ ​av​ ​lys, barn?"
Kort før 17.mai fekk eg eit besøk som hadde med seg to ting. Den eine gåva var ei bok. “Denne har eg lese, no er ho di. Send ho gjerne vidare.” 634 sider. ALT LYSET VI IKKE SER av Anthony Doerr. Den andre gåva var til oss begge og livet der og då.
Boka bygg opp mot øydelegginga av Saint-Malo i august 1944. Sakte dag for dag i august. Og heile tida tilbakeblikk til det som har skjedd før det. Heile tida er Helge Torvund sine ord i hjernen min: Alt lyset du treng, finst.
Eg blir godt kjent med ei ung blind pariserjente og faren hennar, låsesmeden. Og ein stein. Eg blir godt kjent med ein ung gutt frå ein barneheim i Tyskland. Guten er glad i elektronikk.
Og krigen nærmar seg.
Det er ondskap i boka. Men det ho er full av, er lyset vi treng. Særleg for eit menneske som trur på ordet, musikken, kunsten. At det er sterkare enn det vonde. Trass alt.
Etter ein periode med asiatisk litteratur, oppleves denne boka som lettare på foten. Ho har ondskapen og kjærleiken, Men stikk ikkje så djupt som “Levende og døde” som eg skreiv om i påsken. Men treng ho gjere det? Eg levde med på kvar side. Eg likte at kapitla var korte, så eg kunne puste litt og helse på livet rundt meg innimellom. Eg likte å vere i ei forteljing. Og i lyset.
"Så egentlig, barn, matematisk sett, er alt lys usynlig."
(bilete er frå Normandie, eige foto)

Ingen kommentarer: