onsdag 14. juni 2017

ØKSA OG ISHAVET


“Øksa og ishavet” av Gaute Heivoll. Tittelen er henta frå eit sitat av Franz Kafka: “En bok må være øksen til det frosne ishavet i oss”. Det er på mange måtar det novellesamlinga handlar om. Bryte opp, kjærleik, kulde, litteratur, møtet, nye horisontar. Vare, stillferdige bilete av mennesket.
Den første novella trefte rett i hjarta. Biskop Peder Hansen møter ein lesande krøpling (dette er byrjinga på 1800-talet) i ei lita bygd og undrar seg over dette mennesket. “Det var som det i denne mand fantes ikke bare een, men et utal menneskeskikkelser, som alle drog gennem hannem medens han sto foran vores øyne” skreiv biskopen etter møtet.
Forfattaren får fram vala personane gjer ved å handle eller la vere å handle. Fortvilinga over ikkje greie å kome seg ut. Motet (og redsla) når ein har greidd det. Desse stillferdige som tar i mot, bit tennene saman og held ut. Og dei andre..
For meg var Gaute Heivoll ein ukjent forfattar. Eg har høyrt mange skryte av bøkene hans, men har til no svinga utanom. Det skal eg ikkje lenger. Han fekk meg til å tenkje og kjenne på det usagte. Personane kraup inn. Kvar novelle var ei sterk fortelling.
Aud Venke Østerhus sitt bilete.

Ingen kommentarer: