tirsdag 8. november 2011

Bøker som må ut på reise

Eg må rydde i hyllene for å få betre plass. Både for å fjerne eit par hyller og for å få plass til ny litteratur. Derfor sel eg bøkene nedanfor for 10kr stk. Du kan anten avtale med meg for henting eller eg kan sende, men då må du betale porto i tillegg. Ta kontakt på epost, via facebook eller twitter (@avoest)

Rød tekst i kursiv tyder at boka allereie har funne ei ny hylle å bu i.

  1. Hannah Green: Jeg lovet deg aldri en rosenhave (har reist)
  2. Nadine Gordimer: Julis folk
  3. Nadime Gordimer: Burgers datter
  4. Marie Hamsun: Regnbuen (har reist)
  5. Knut Hamsun: Victoria ( har reist)
  6. Knut Hamsun: Sult
  7. Knut Hamsun: Mysterier (har reist)
  8. Robert Ferguson: Gåten Knut Hamsun
  9. Ida Halvorsen: Hard asfalt
  10. Edvard Hoem: Gi meg de brennende hjerter 1og 2
  11. Edvard Hoem: Som grønne musikantar
  12. Frys. Vellykket nedfrysing av herr Moro
  13. Jahn Otto Johansen: Russisk nærkontakt
  14. Aslaug Høydal: Sivskogen
  15. Jahn Otto Johansen: Min jødiske reise
  16. Georg Johannesen: Johannes' bok
  17. Winifred Holtby: Røde Sarah
  18. Arvid Hanssen: Søsken på Guds jord
  19. Ephraim Kishon: Godaften Gomorra
  20. Sigbjørn Hølmebakk: Karjolsteinen
  21. Knut Hauge: Nymåne ved Filefjell
  22. Knut Hauge: Ein Roman Om Kjærleiken Og Om Døden
  23. Edvard Hoem: Frøken Dreyers musikkskole (har reist)
  24. Edvard Hoem: Tid for klage, tid for dans (har reist)
  25. Gerd Schanche: Stritt folk
  26. Levi Henriksen: Snø vil falle over snø som har falt (har reist)
  27. John Irving: Enke for et år
  28. Ebba Haslund: Krise i august
  29. John Irving: En bønn for Owen Meany
  30. Jahn Otto Johansen: Det hendte også her
  31. Jahn Otto Johansen: Min jiddische mamma
  32. Coretta Scott King: Mitt liv med Martin Luther King
  33. Kirsten Thorup: Den ytterste grense 1 og 2
  34. Morris West: Guds klovner
  35. Gunvor A Nygaard: Følgesvennen
  36. Åsne Seierstad: Bokhandleren i Kabul (har reist)
  37. Sigrid Undset: Fortellingen om Viga-Ljot og Vigdis (har reist)
  38. Sigrid Undset: Kristin Lavransdatter: Kransen (har reist)
  39. Sigrid Undset: Kristin Lavransdatter: Husfrue
  40. Sigrid Undset: Kristin Lavransdatter: Korset (har reist)
  41. Sigrid Undset: Romaner og fortellinger fra nutiden (har reist)
  42. Sigrid Undset: Jenny (har reist)
  43. Morris West: Fiskerens sko
  44. Herbjørg Wassmo: Det stumme rommet
  45. Herbjørg Wassmo: Huset med den blinde glassveranda
  46. Jan Kjærstad: Homo Falsus eller det perfekte mord
  47. Gunnar Staalesen: Falne engler (har reist)
  48. Gunnar Staalesen: Bukken til havresekken / Din til døden (har reist)
  49. Gunnar Staalesen: Som i et speil (har reist)
  50. Gunnar Staalesen: Tornerose sov i hundre år (har reist)
  51. Niels Fredrik Dahl: På vei til en venn
  52. Linn Ullmann: Når jeg er hos deg
  53. Sigrid Undset: Fru Marta Oulie /Splinten av trollspeilet (har reist)
  54. Brikt Jensen: Sigurd Hoel om seg selv
  55. Yngvar Ustvedt: Ludvig Holberg om seg selv
  56. Helge Vold: Nordahl Grieg om seg selv (har reist)
  57. Johan Hambro: Liv og drøm
  58. Per Hansson: Det største spillet
  59. Ebba Haslund: Bare et lite sammenbrudd
  60. Per Hansson: -og tok de enn vårt liv
  61. Charles Frazier: Cold mountain
  62. Solveig Falck-Hansen: Kort møte. Skisser fra livet
  63. Sigurd Evensmo: Englandsfarere (har reist)
  64. Kerstin Ekman: Knivkasterens kvinne
  65. Kerstin Ekman: Gjør meg levende igjen
  66. Isabel Allende: Eva Luna forteller
  67. Isabel Allende: Om kjærlighet og skygge
  68. Isabel Allende: En lykkes datter
  69. Isabel Allende: Eva Luna
  70. Isabel Allende: Den endeløse plan
  71. Tracey Chevalier: Pike med perleøredobb
  72. Priscilla Cogan: Winonas visdom
  73. Odd Eidem: Fløyten og orgelet
  74. Peter Egge: Villaen
  75. Tove Ditlevsen: Ansigterne
  76. Tove Ditlevsen: Gift
  77. Tor Edvin Dahl: Guds tjener
  78. Finn Carling: Under aftenhimmelen
  79. Angela Carter: Sirkusnetter
  80. Solveig Christov: Korsvei i jungelen
  81. Camilla Collett: Amtmandens Døtre (har reist)
  82. Andre Brink: En terrorhandling eller krepsen venner seg til det
  83. Andre Brink: Hvit tørketid
  84. Kaj Skagen: Jens Bjørneboe om seg selv
  85. Ellisiv Steen: Camilla Collett om seg selv (har reist)
  86. Gunnar Ulstad: Sirianna
  87. Georges Simenon: Brev til min dommer
  88. Irene Engelstad: Amalie Skram om seg selv (har reist)
  89. Janneken Øverland: Cora Sandel om seg selv
  90. Hans Sande: Sprekk
  91. Åge Rønning: Kolbes reise
  92. Åge Rønning: Husker du Scobie?
  93. Klaus Rifbjerg: Operaelskeren
  94. Katherine Anne Porter: Narrenes skip 1 og 2 (har reist)
  95. Harald Polden: Eg har sett huldra
  96. Alan Paton: Gråt mitt elskede land (har reist)
  97. Amoz Oz: Min Michael
  98. Arild Nyquist: Barndom
  99. Gert Nygårdshaug: Prost Gotvins geometri
  100. Vladimir Nabokov: Lolita
  101. Marilyn French: Det blødende hjerte
  102. Arne Garborg: Bondestudentar (hefta)
  103. Arne Garborg: Læraren /Den burtkomne faderen
  104. Arne Garborg: Bondestudentar (innb) (har reist)
  105. Dea Trier Mørch: Morgengaven
  106. Dea Trier Mørch: Aftenstjernen
  107. Dea Trier Mørch: Vinterbarn
  108. Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna (har reist)
  109. Haruki Murakami: Kafka på stranden (har reist)
  110. Jon Moe: Løypestreng og andre strenger
  111. Aslaug Groven Michaelsen: Mathias Orre som jeg kjente ham
  112. Aslaug Groven Michaelsen: Hvor svalene bor
  113. Aslaug Groven Michaelsen: Bryllupet på "Arken"
  114. Aslaug Groven Michaelsen: Gjør det, mamma
  115. Aslaug Groven Michaelsen: Lektor i tre stadier
  116. Nobelprisen i litteratur 1901-1985 v/ Helmer Lang 
  117. C.S. Lewis: Djevelen dypper pennen
  118. Michael Konupek: I sin tid
  119. Aslaug Groven Michaelsen: Havfruen og hjulet
  120. Yukio Mishima: Sne om våren
  121. Lange/ Mowinkel: Pasta og pizza. italiensk mat for norske munner
  122. Schibsteds kjøkken: Hett & krydret
  123. Joner/ Jacobsen: kakepynting på nye måter (har reist)
  124. Green/ Moine: 10-minutter kjøkkenet. God, sunn mat uten mikrobølgeovn
  125. DESSERT som søt musikk
  126. Gwynn's 30 minute vegetarian
  127. Mitt kjøkken: Fryse, salte, tørke
  128. Dee Brown: Begrav mitt hjerte ved Wounded Knee
  129. Jerzy Andrzejewski: Aske og diamant
  130. T. Dreiser: En amerikansk tragedie 1 og 2 (har reist)
  131. Fania Fenelon: Galgenfrist for kvinneorkesteret
  132. Jo Nesbø: karusellmusikk (har reist)
  133. Jo Nesbø: Flaggermusmannen /Kakerlakkene (har reist)
  134. V.S.Naipaul: Blant de troende
  135. Paulo Coelho: Veronika vil dø (har reist)
  136. Paulo Coelho: Zahir (har reist)
  137. Paulo Coelho: Ved elven Pedra satt jeg og gråt (har reist)
  138. Alice Sebold: Alle mine kjære
  139. Carlos Ruiz Zafon: Engelens spill
  140. Kushu Singh: Indisk mat

tirsdag 1. november 2011

Tre heilt ulike bøker

Eg har reist litt i det siste og då får eg lese litt. Denne gongen er det tre heilt ulike bøker som har vore med på reise.

  • Burning bright av Tracy Chevalier (på norsk: Uskyld)
  • Jupiters Öga av Oline Stig
  • Det glade vanvidd av Elin Ørjasæter
På reise likar eg å lese engelsk og Tracy Chevalier plar vere såpass kjekk å lese at engelsken går fort og greit. Men denne boka starta eg på i sommar og blei ikkje hekta. Tidsbileta frå det gamle London er til tider fascinerande, men personane får lite kjøt og blod. William Blake blir aldri den personen eg trudde han skulle bli. Får ikkje kjøt på seg. Trur ho levandegjer eit dikt av Blake, men eg heng altså ikkje heilt med.
Boka ligg igjen i Monterosso. Håpar nokon får glede av den.

Oline Stig var heilt ukjent for meg. Boka, Jupiters Öga, var ei gåve. Tema: Kva gjorde at farfar blei nazizt under krigen? Kvifor vel vi det vi gjer? Boka er ei blanding av fakta og fiksjon. Skjelettet er farfar og farmor som meldte seg inn i NS i 43. Men personnamn og sjølve historia er oppdikta etter det eg forstod. Eg blei engasjert i historia. Ho fekk tankane i gang. Boka har ingen bastant konklusjon, men sit at med spørsmålet om det var redsle eller eit menneskesyn at akkurat eg er veldig spesiell som gjorde det...
Eg mista boka på heimreisa. Ligg truleg på Gardermoen. Der stressa eg ganske mykje med å kome meg gjennom eit lite kundevenleg system. Tilsette som ikkje har sans for service, men sans for makta dei har. Så eg fekk fram mykje sinne og mista ei bok. Den flyplassen er bare for reiser direkte til Oslo, må unngås for mellomlandingar.

Så var det den siste boka: Det glade vanvidd. Twitterdronninga @orjas får sagt det. Boka er i kåseriform. Ho skriv om familie, karrierejaget, møtet med skolen, idrettslaget, kroppsfikseringa mm på spissen og får meg til å le og til å nikke gjenkjennande. Ei lettlest bok. Eg storkoste meg og nytta høve til å lese både det eine og andre sitatet til dei som var i nærleiken.

tirsdag 11. oktober 2011

"Da sendte gudene ham en kvinne"

..sa Jan Erik Vold om kjærleiken Olav H Hauge opplevde på sine gamle dagar.
Eg har nett lese boka eller brevene, rettare sagt, BREV 1970-1975 av Olav H Hauge og Bodil Cappelen. Same Vold kallar boka det vakraste kjærleiksdiktet som er skrive.

Det startar med at Bodil Cappelen, biletkunstnar, sender eit brev til Olav H Hauge. Ho kjenner han ikkje, men ho kan tenkje seg å vere ven med han. Ho treng eigentleg fleire vener ser ho. Og så fortel ho om seg sjølv.
Han svarar. Einstøingen. Høfleg skriv han heile namnet hennar på kvart brev dei første åra. Og fullt namn under. Her er det ikkje tjo og hei og klapp og klem, nei.

Sakte knyttar dei trådar mot kvarandre. Det er diskusjon om litteratur og politikk. Eg er imponert over Olav H Hauge. Her sit han i ei bygd i Hardanger. Utdanning: Gartnarskulen. Med eit vidsyn som gjer meg mållaus. Han omsett dikt frå fransk, tysk og engelsk. Kastar seg over kinesisk lyrikk (på engelsk). Diskuterer filosofi, er oppteken av kva som skjer ute i verda. Les mykje. Er oppdatert på det meste. Dette kjem i små drypp, medan han diskuterer med Bodil Cappelen, gjev henne tips om litteratur (eg får tips eg òg) og strever med kvardagen blant epletrea.

Etter fire år møtes dei. Ho 44 og han 66. Dette er i ei tid der ikkje alle har telefon i heimen og fleire forsøk på å møtast har ikkje lukkast. Trur OHH sneik seg unna eit par gonger. Kanskje det bare er ei kjensle eg fekk medan eg las.
 Det første møtet i juni 1974 må ha vore viktig for dei. Ho er ikkje lenger Bodil Cappelen, men kjære Bodil. Dei har tydeleg sett kvarandre den korte stunda. Neste møte i Ulvik er så sterkt at ho vel å bryte opp frå ekteskapet og heimen. Denne delen der dei lengtar, er redde og undrande over lukka, er sterk syns eg. Her er det kloke ord om store diktarar i ei setning og du må koma, men bare om du vil, i neste.
"Um kveldane har eg lese i Kongsspegelen. Venteleg for å få litt høvisk framferd til du kjem"

Eg har i det siste vore oppteken av kva som er danningslitteraturen min. Den som var med og gjorde meg til den eg er. Denne boka kom kanskje litt seint i livet, men du og du kor godt ho kom! Ho kjem til å liggja framme. Eg kjem til å bla, sitere og lese sider om att.

Teppet
Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind-
Slik at eg, som beduin, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden,
til eit segl
på min båt!
- Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.
        OHH januar 1975

onsdag 27. juli 2011

Inntrykk dei siste dagane

Det er så mykje som sviv rundt i både hjarta og hjerne i desse dagane. Det er tårer. Det er tankar. det er tomt. Det byrjar å få liv igjen.

Drog til byen for å bli med på minnemarkeringa. Trengte folk. Tok ikkje med fotoapparatet, men hadde heldigvis mobilen. Det var sterkt å vere saman med nærmare 80.000. Roser og faklar.
Skulle tatt av mengden, men måtte bare vere der akkurat då. Desse tok eg etter toget:
Roser kasta ut på Breiavatnet.

Breivatnet. Ut på kvelden var det levande lys langs heile vatnet


Domkyrkjeplassen kl 22.
 I dag drog eg ned igjen. Det var ikkje lett å få tak i roser. Men heldigvis begynte dei å få inn litt. Med 3 røde, vandra eg til domkyrkja. Folk stod stille, kviskra. Av og til eit høgt spørsmål frå eit barn. Kloke spørsmål.
Eg la ned rosene og fotograferte litt.





På veg inn i domkyrkja for å skrive i kondolanseprotokollen, såg eg dette og måtte puste ekstra:

"Kjære Marianne. Hvil i fred. Hilsen farmor"

Inne i kyrkja blei eg overraska over at det var kø. Ei stille kø. Og vandrande stille rundt i kyrkjerommet for å tenne lys, for å setje seg ned: ungdommar, gamle... Stille.

Å kome ut og sjå at Statsraaden hadde tatt seg ein tur til byen, var kjekt. I morgon startra Tall ships Race festen. Er litt godt det òg.
Det rare er at til og med rundt skipa går folk stillare enn vanleg. Dei snakkar rolegare.

lørdag 23. juli 2011

22.07.2011

STRID FOR FRED

Ja lat oss strida,
og lat oss tru,
og byggja med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid!

Me lever midt i
ei villmanns-tid
med blinkande knivar
og nevestrid;
og livet er som ein bloddraum.

Men vita skal me
og vone visst
at ånd må vinna
på troll til sist,
og vit på de varge villskap.

Så lat oss tru
og strida som menn!
For trui er.
som det skrivi stend,
den makt som vinner på verdi
A. Garborg


onsdag 8. juni 2011

Sosiale media og kommunen

I dag har eg vore på leiarsamling i Sandnes kommune. Temaet var "Sandnes i Cyperspace".

Vi var på Vågen vgs. Ein ny flott skole. Men utan sjanse til å kome på nett i auditoriet. Sikkert smart overfor elevar, men småfrustrerande for leiarar som er van med å vere på nett det meste av tida. Vi vil jo gjerne svare på ein epost, gje nokre meldingar til dei som er på jobb osb. Ein del av oss er jo i Cyperspace alt.

Rådmannen starta og røpte at han var ganske så jomfrueleg på området, men at han var klar for at kommunen skulle ta steget vidare frå den meir statiske heimesida med einvegs kommunikasjon til tovegs...  Er spent på bloggen han vil prøve seg på.

Neste person ut var Anna Kirah, sosialantropolog og Microsoft tilsett. Interessant å høyre på. Ka vil vi med sosiale medier? Vil vi samhandle med dei vi er til for? Ho harselerte litt over "bestillar" omgrepet som har vore så populært. Kven kjenner seg som det?  Tør vi utvikle med dei som skal bruke det i heile prosessen? Eller tar vi ei spørjeundersøking i starten og lagar noko vi trur liknar?  Kvifor må alle rulatorar vere grå?  Ka gjer det med oss å få direkte kontakt i heile prosessen? Du får eit betre resultat, ikkje automatisk eit dyrare.
Ho sa mykje meir òg, men det har eg gløymt akkurat no.

Etter henne kom Espen Grimmert frå http://www.klokere.no/ : Han gjekk rett inn på dei sosiale mediene. Kor er du? Kor er avdelinga di? Kor medviten er du? Når elevar/føresette er ven med deg på FB, har du ein politikk for det? Går alt du skriv til alle? Ka gjer du med info du får? Er alt ope eller skil du gruppene? Som sjef, skal du vere ven med dine tilsette? Ka med politikarar? Greit å ha det diskutert med seg sjølv og kollegaer før problemstillinga kjem opp. Då kan ein òg vere tydeleg overfor desse gruppene.

Svært få er skaparar på sosiale medier. Dei fleste er pludrarar og kikkarar. Då vi sat i gruppe etterpå, var 3 av 7 på facebook. Resten ville ikkje. Dei hadde ikkje tid å bruke tid på slikt. (Hm lurar på ka dei gjer etter 19 om kvelden? Ser TV.... er det så mykje betre bruk av tid?..). Ein var typisk pludrar, ein kikkar. Den tredje var jo meg.  Eg var den einaste bloggaren og twitraren. 2 av oss hadde aktive heimesider for resultateininga. 2 brukte kommunen sin variant (den brukte skolane før. Elendig). Håpar ikkje kommunen rotar for mykje og fjernar oss frå http://www.minskole.no/ utan å ha eit endå betre tilbod. Vår side www.minskole.no/austratt er svært enkel å handtere og blir mykje brukt. Det er mange treff frå lesarane. Men det er altså ikkje tovegs...

Tilbake til Espen Grimmert. Koffor bør vi ha facebookside for firmaet? Jo, vi får tovegskommunikasjon. Men det krev at vi er tilstades. Ikkje bare legg inn ei side og gløymer den. Hm. Eg har lurt litt på å få skolen på facebook. Vil det vere ein tovegskommunikasjon mellom skole og heim? Korleis skal vi bruke sida? Greier vi å følge den opp?

Linkeldn. Det einaste eg ikkje er på. Har lurt på det lenge, men er usikker på ka eg skal bruke det til. Får sjekke litt ut på twitter. Der er det enkelt å få kjappe tilbakemeldingar, positive og negative.
Grimmert var interessant å lytte til.

Frå kommunen var det kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen som var klar til å setje i gang. Mykje var tydlegvis ganske så nytt for henne òg, men ho har sikkert sett i gang med ei bratt læringskurve som ho kjem til å fikse med glans. Ho presenterte eit forslag til retningsliner for sosiale medier i Sandnes kommune. Punktene som det er laga retningsliner for er:
  • Når enheter tar i bruk sosiale medier
  • Arkiv og saksbehandling
  • Etikk
  • Når du representerer Sandnes kommune i sosiale medier
  • Gode råd for privat bruk av sosiale medier
Eit punkt er "Bruk gjerne sosiale medier i arbeidstiden, hvis det er relevant for jobben din". Det blei diskutert i gruppa vår. Trengte vi oppfordre til det? Eg vil no seie: Hallo, IKT-avdelinga. No opnar de vel for tweetdeck på jobben? Eg saknar det og brukte det i jobben før de stengte det.
---
Ok. Denne dagen sa lite nytt til meg om sosiale medier, men får jo tankar i gang. Koffor er eg ein aktiv brukar. Ein skapar og ikkje bare ein kikkar? Det som kjem øvst, er vel at eg har eit sterkt behov for å uttrykke med skriftleg. Er taletrengt i skriftleg form. Når eg ikkje blei forfattar så får eg bli bloggar ;).

Facebook brukar eg som ein kanal for kontakt med vener og familie for det meste. Syns det er kjekt å skrive litt, få tilbakemelding og kunne gje tilbakemelding direkte. Eg hadde ikkje tenkt at facebook skulle bli ein kanal der eg blei kjent med mine sysken sine barnebarn. Det er ein solid bonus! Brått er min store familie nærmare.
Ei anna side er hobbygrupper eg er med i. Har vore med å stifte ei fotogruppe via facebook. Får inspirasjon om bøker å lese osb.. Kjempekjekt.

Twitter er det eg brukar mest. Her er eg ein sterkare blanding av fagmennesket og privatmennesket. Dette mediet er veldig direkte. Td. Lurte eg på om erfaringar med Linkeldn i ettermiddag. Det gjekk to minutt så begynte eg å få respons. Eg har kommentert skolepolitikk og fått respons frå @SVKristin (Kristin Halvorsen på twitter), eg får spreidd tankane mine frå bloggane og får respons fort. Og i blant er det tøys og tull. Det trengs òg :-)

Blogg har eg 3 av og for å halde dei på plass så har eg ei heimeside der du finn lenkje til dei http://www.oesterhus.net/.
Den bloggen som er eldst er hundetreningsbloggen. Den blir aktivt lese av treningskompisar og folk med hundeinteresse. Firbeintbloggen.
Neste blogg blei ein reiseblogg. Eg måtte bare fortelje om ka eg såg på reisene mine. Det var den taletrengte pedagogen som vakna. Sjekk Ferdaminne før du skal reise. For inspirasjon og tips.

Den siste bloggen kom ut frå behov frå resten av meg. Eg var jo skolemenneske, bokmenneske, hobbyfotograf, politisk interessert osb. Ein eller annan stad måtte eg få det ut. Då blei det bloggen Fritenkjar. Det er denne eg får mest respons på frå heilt ukjente menneske. Får interessante epostar og twittermeldingar. Spennande. Men det er òg den bloggen der eg grublar mest over lojalitet til arbeidsplassen. Har vel konkludert med at eg er så lojal at eg blir tannlaus i fht det som er dagsaktuelt for skoleleiarar i Sandnes. Må arbeide litt med det.

I tillegg er bloggane ein fin stad å lenkje til andre interessante bloggar. Gjennom desse får eg innspel og idear.

Det kjem nok meir om sosiale medier og bruken i Sandnes etter kvart. Får minne Marianne Jørgensen at politiet i Sandnes er på twitter alt...

Velkommen til å kommentere. Du kan registrere deg som open ID eller anonym (men skriv gjerne namnet ditt i meldinga :)).

onsdag 25. mai 2011

Little Bee - ein nedtur

Eg hadde høyrt så mykje vakkert om denne boka. Og vaskesetelen reklamerte stort. Dette var ei sterk historie om eit viktig emne. Å vere på flukt fordi du har sett. Å ikkje bli trudd at du er i fare fordi den staten du har kome til har bestemt at det er trygt i landet ditt. Jo, dette er historiar vi nok treng å få inn over oss.

Får så Cleave dette til?

Vi møter Little Bee som kjem seg til England 14 år gamal. Ho hamnar på eit interneringssenter og er der i 2 år. Kjem seg ut derfrå på eit lite truverdig vis, men ok. Finn fram til eit ektepar ho har møtt i Nigeria. Og etter det byrjar det jo å skje ein del.
Forfattaren har sterk trong for detaljar, veldig detaljerte til og med. Ôg når det ikkje  er behov for det i det heile. Td. når du leitar fortvila etter eit barn, ville du då tenkt på at den kvinna som sit på teppet der du spring forbi har farga håret og har flisete tuppar??? Kanskje Sarah, men veldig få andre...

Little Bee sine formuleringar og tankar slit eg med å godta som ein 16 åring med sterke traumer. Verkar meir som forfattaren sitt behov for å fortelje kor flink han.

Slutten, nei den skal eg la vere å seie noko om.
---
I starten tenkte eg at det nok er eg som irriterer meg over dei to kvinnene som les. Har dei barnslege røyster, er det den lyse austnorsken? Etter kvart så blei eg meir og meir overtydd om at det ikkje er stemmen til Petronella Barker eller Heidi Gjermundsen Broch som irriterer. Det er språket.

Så altså ikkje ei bok eg vil seie LES om. Finn deg ei anna bok. Eller les og fortell meg ka du opplevde.

søndag 15. mai 2011

Må vi sy puter under armane på dei som ikkje tør å sjå vala sine i augo?

Ser i Aftenposten.no at SV vil ha sambuarlov. Kvinnene er den økonomisk tapande i eit sambuarforhold. Mannen eig heimen og ho betalar maten.. Min første tanke var at vi ikkje trengte ny lov, vi har jo ekteskapslova. Ja, og sjølvsagt sambuaravtalar.

Kvifor vel ein sambuarforhold? Sikkert mange grunnar til det. I min ungdom (no kjente eg at eg byrjar eldast) var det protest med det formelle ekteskapet. Par ville prøve seg fram. Men målet var ekteskapet. Så var det nokre godt vaksne som hadde ekteskap og ungar frå før og syntes denne forma var greiast for då måtte dei ikkje blande familiane så tett.
No møter eg desse variantane:
  • Ungt kjærestepar som syns det er greit at ho flyttar inn til han sidan han har eige husvære og ho bur heime hjå mor og far. Enkelt og romantisk. Han stiller med huset og ho med pynteputene. Så lever dei gode dagar. Ho kjøper stæsj og han betaler husgjelda. Etterkvart (alt frå nokre månader til eit par år) blir det slutt. Ho pakkar stæsjen saman og flyttar heim til mor og far. Og så gjentar ho refrenget ein, to, tre gonger til. Er det desse som treng sambuarlov? Eller treng dei opplysningskampanje? Og føresette som seier stopp.
  • Ungt kjærestepar som har dårleg råd og bur i leigd leilegheit i lag. Her blir dei fleste utgifter jamnt fordelt. Ryk det så står begge likt.
  • Kjærestepar som  flyttar saman og skal etter planen gifte seg på sikt. Det er bare så dyrt og så passar det ikkje akkurat no. Og så kjem barna. Dei kjøper hus, bil osb. Dei går aldri til advokat og ordnar det juridiske slik at det er ryddig, for dei skal jo gifte seg snart....
  • Kjærestepar som flyttar saman og der den andre leiger ut leilegheita si den første perioden. Sånn for å vere på den sikre sida. Etterkvart kjøper ho seg inn i husværet han eig. Dei skriv sambuaravtale som er gyldig. Og ser til at alt er i orden etterkvart som dei kjøper meir og får barn.
  • Vaksne par der ho flyttar inn til han. Han har jo hus og ho leilegheit. Overskotet frå hussalet går til ny bil, nye møbel og ei kjensle av å ha litt pengar ei stund. Så ryk forholdet.... Eller ho tør ikkje la det ryke for alvoret har gått opp for henne.
Skal samfunnet ordne opp for dei som har brukt den fridomen dei har fått til ikkje å tenkje med både hjarte og hjerne? Når eg ikkje gidd å skaffe meg reiseforsikring, må eg ta ansvar for det som skjer om eg blir sjuk. Det er faktisk det same. Tilbodet om avtalar ligg der og er til for å gjere deg trygg, men du vel å ikkje bruke det. At jenter framleis går rundt i rosa, romantisk tåke, kan bare dei nærmaste og livet hjelpe dei ut av. Vi har lovverk som kan brukast og er det så vanskeleg å ta opp slike problemstillingar med han dei vel å leve med, ja då var det kanskje litt for tidleg å gå inn i eit sambuarforhold?

Ja, så fins jo framleis ekteskapskontrakten. Kanskje det er smartare å lure seg til byfogden ein dag i staden for å vandre rundt med den store draumen og bli fattig i mellomtida?

tirsdag 3. mai 2011

Fotokurs med kremkarar.

Vi er blitt ein gjeng fotoglade folk i i Facebookgruppa "Fotoglede". Vi har til og med starta fotogruppa "Fotoglede" med møter 1 kveld i månaden. Og i helga opplevde vi ein skikkeleg "høydare" for fotoglade, nemleg kurs med Eivind Røhne og Stig Schioldborg. Fantastisk inpirerande kurshaldarar! Vi humra og lo, vi blei klokare, vi fekk prøvd oss og vi blei betre kjent.

Eg sit igjen med mange idear, med ny lærdom mm. Eg kjem nok til å skrive meir om det etterkvart, men eg har ikkje heilt greit å samle tankane enno. Det første eg skal fokusere på er lukkartid så det kjem sikkert nokre motiv her der ulike lukkartider har fokus. Så ting og tang i rørsle blir populært. Og eg skal jo jakte på sexy diagonalar, "jævlar" i bilete og levande "fuglar" ....

På praksisdelen blei vi skikkeleg utfordra. Skulle fotografere på Hellestø i steikande sol. Og på slike dagar skal vi eigentleg bare drikke vin og nyte livet i følge kurshaldarane. Men vi skulle altså fotografere. Om det var for å friste oss til å skaffe oss litt meir utstyr eller ei, veit eg ikkje ;-), men lysta på nokre segl dukka opp...

Oppgåva vi fekk var portrett. Her er det eg tok fram då vi skulle velge eit å vise dei andre:
Eg hadde gleda av å ha ei fotogen modell :)
Andre glimt frå timane på Hellestø:


Kursleiarane viftar med solskjerming :) Hjelper i lyssettinga
Fotomodellen vår (konfirmant)

søndag 1. mai 2011

Livlegens besøk

"Livlegens besøk" av Per Olov Enquist var neste bok ut av lydbøkene mine. Spennande bilturar blei det.
"Den 5.april 1768 ble Johann Friedrich Struensee ansatt som den danske kong Christian den syvendes livlege, og fire år senere ble han henrettet"

Dette er starten på romanen. Det fins neppe betre måte å bli kjent med historien på enn å få den i romanform. Her kjem vi på innsida av ei radikal tid i den nordiske historia. Struensee gjorde endringar som ligg føre den franske revolusjonen.

Her møter vi makt, navmakt, revolusjonære idear og galskap. Å bli fødd til ein tittel og å bli brukt i den. Det er spørsmål vi kan undre oss over i dag òg....

Romanen fasinerte meg. Den var spennande, morsom og tankevekkande. Rart å vite korleis det går og samstundes håpe at det ikkje går slik.

Per Olov Enquist fekk forresten fleire prisar for denne boka.

søndag 24. april 2011

Hotellet på hjørnet av bitter og søt

Seattle, Andre verdenskrig
Henta frå http://www.jamieford.no/
I sommar var eg på Ellis Island i New York. Her viser dei immigrasjonen til USA. Men eit rom handla om den historia eg ikkje hugsa frå historieopplæringa i skolen, men hadde eit vagt minne om etter å ha lese boka "Sneen på sedertrærne" av David Guterson, var japanerane sin historie i USA under 2.verdskrigen. Eg veit ikkje om dette er ei fast utstilling, eller bare for ein kortare periode.

Boka Hotellet på hjørnet av bitter og søt av Jamie Ford er ei tankevekkande, trist, god og nydeleg historie om kinesiske Henry og japanske Keiko i 1942. Og Henry i 1986. Vi får eit sterkt bilete av det å vere asiat i Seattle. Tradisjonar, makt og menneske som vågar gå eigne vegar.
Sit att med spørsmålet: Kor mykje veit amerikanarane om denne delen av krigshistoria? Er den gløymt? Koss ville vi reagert om vi levde i Seattle då?

Ei bok verd å lytte til. Gjorde meg litt klokare.

søndag 27. februar 2011

Hundene i Thessaloniki

Eg har kjøpt nokre lydbøker i vinter. Godt med tilbod. Det er ekstra kjekt å lytte medan eg kjører. Lydboka: "Hundene i Thessaloniki" av Kjell Askildsen gjev meg til og med røysta til Askildsen. Veldig bra. "Det er forfattaren sjølv som les" som det heiter.

Askildsen får skikkeleg fram det monotone. Sa han. Sa hun. Han får fram dei korte setningane som vi seier til kvarandre. Ord som i seg sjølv ikkje er viktige, men det ligg noko bak. Etterkvart forstår ein kvifor novellesamlinga heiter Hundene i Thessaloniki.

Eg blei fasinert over novellene, men òg trist. Så tomt det kan bli mellom menneske som ein gong hadde noko saman.

Nokre lenkjer om Askildsen og forfattarskapet:

lørdag 26. februar 2011

Døden, skal vi danse

Til jul fekk eg boka: Døden, skal vi danse? av Per Fugelli og har filosofert saman med Fugelli etter det. Han stiller mange spørsmål om helsevesenet og ka helse er. 
Vi blir med Fugelli gjennom kreftbehandlinga, Gjennom tankane på døden. Tankane rundt effektiviseringa i helsevesenet. Redsla for nærleik pga smitte, samstundes som det ikkje er reint på sjukehusa. Alle legane som ser deg som ein av mange. I løpet av eit år hadde han minst 37 legar som han møtte ca 6 min.... Blir ikkje den sjuke ganske einsam då?

Og ka er no døden? Ka ville livet vore om vi ikkje hadde døden? Gjev døden livet meining?

I intervjuet med Aftenbladet skreiv Fugelli ein resept:
  • Bruk salmebøker
  • Pass på å synde litt
  • Finn deg en flokk
  • Godta dine feil
  • Husk du skal dø
Ein god resept å ta med seg på vegen. Eg blir sterkt minna om Benny Andersen sine ord når eg les boka:
Vi ved ikke hvem af os
der først vil blive til ingen
eller noget ufatteligt andet
men i dag kan vi nå hinanden
og høre hinandens latter
Det må vi benytte os af
Drik ud
       men langsomt
            opmærksomt
Spar ikke på angst og venlighed.
Boka har ein nydeleg historie om englehår. Om gleda over livet. Og tusen kloke ord om vår effektive verd, der det ikkje har verdi å vere utanfor arbeidslivet. Kvifor ikkje? spør Fugelli.
Det er farlig med et for friskt samfunn. Samfunnshelsen trenger de syke. De syke gjør samfunnet ærligere, klokere og rausere - hvis vi ser dem og godtar dem.
Eg kjenner at den sida av meg som er skeptisk til utviklinga i det norske helsevesen får næring gjennom boka. Vi blir så effektive (og kanskje brukar pengane på feil stader) at vi gløymer at et er menneske som treng omsorg og kjærleik vi skal behandle, ikkje maskinar. Då far hamna på sjukehuset pga hjarta og i sin visdom ville nytte høve å vise dei såret som ikkje vil gro på foten, blei han avvist med at det var ei anna avdeling. Hjarta er hjarta og fot er fot. Eg trudde blodet sirkulerte rundt i heile kroppen, eg....

Eg har liten erfaring med helsevesenet så frisk som eg har vore til no, men det er noko i meg som ikkje stoler heilt på dei. Det er for mange feil, for mange brev mm som forsvinn, for mange detaljar utan å sjå heile mennesket. Er det blitt så effektivt at det bare er rot?
Sånn tenkjer eg altså medan eg les. Eg trur vi treng folk som Fugelli som pasientar. Folk som ser og som har tyngde nok til å seie frå.

søndag 6. februar 2011

Ringer i vann - konferanse 2011 dag 2

Det blei eit langt innlegg om dag 1. Kanskje eg greier å bli kortare på dag 2. Litt usikker for eg syns heile dagen var full av matnyttige tips.

Dag 2 hadde fått hovudtittelen: LÆR AV DEI BESTE
Første mann ut var kommunalsjef i Førde kommune, Helge Sæterdal. Han kalla innlegget:
Førdeskulen 2000-2010. Ei reise i betre elevresultat og høgare elevtrivsel
Enkelt og greit handlar kvalitet i skolen om at
  • Per kan lese
  • Per fungerer sosialt og trivest på skolen
I Førdeskulen skal alle born erfare at dei kvar dag får sagt noko som både barn og vaksne lyttar til.
Det skal ikkje vere flaks eller uflaks i Førdeskulen

Og kva gjorde dei så i Førde som gjer at resultata stadig går oppover?
Sæterdal viste til at det må felles kulturbygging til på alle nivå. Det må vere tydelege mål. Og det må vere fokus på resultat og vurdering.
Kommunen starta med kvalitetssatsing i barnehagane. Skole- og barnehagebesøka hadde fokus på vurdering. Brukarundersøkingar kom fast inn. Arbeid med vurderingskultur og felleskultur. Leiarane blei lært opp til å vurdere resultata. Osv.

Skolebesøk m/ tilbakemeldingar frå kommunaldirektøren. Vurderingssamtale. Eg blei imponert over at det var kommunalsjefen som var ute både i samtalen med leiarane, lærarane og elevane. Vel er kommunen liten, men det tek tid å følge opp.

Vi må bli meir opptekne av læring i staden for undervisning! Den typiske teikneserien her er han som lærer hunden å plystre. Kameraten høyrer ikkje at hunden kan plystre. Då svarar førstemann: eg sa at eg hadde lært han, ikkje at han hadde lært seg!
Men læring og undervisning er ikke alltid det samme. Læring er noe som skjer med og i eleven. Undervisning er noe som blir gjort av en annen. Generell del s 19
Sentrale spørsmål til alle tilsette i skolen:
  • Kvifor er vi her?
  • Kven er vi til for?
  • Har vi ein organisasjon som er tilpassa dei vi er til for, eller er den tilpassa organisasjonen sitt indre liv?
Vurderingsulturen skal vere bygd på forsking og resultat. Vi må sikre oss at alle går i same retning. For skolesjef at skolane gjer det, for rektor at personalet gjer det, for lærar at elevane gjer det.
Dei studerte nøye - kva var grunnen til at det var forskjell mellom skolar?

Det fins ingen gunstig vind for den som ikkje veit kor han skal.

Førde kommune skårar høgt på fagleg rettleiing, utfordring, trivsel med skole og lærarar på elevundersøkjingane kvart år.

Alle tilsette må kjenne planan godt (td generell læreplan...). Fellesmøte må bli arena for utvikling. Diskusjonar, prosessar, gruppearbeid. Ha fokus på utviklling, ikkje detaljar. Skap fellesopplevingar. Alle må vere forplikta på verdiar og dokument. Leiinga må vere tydeleg, stille krav, forplikte og støtte.

Alle elevane skal vere deltakande i eiga læring. Altså ikkje ansvarleg for eiga læring, men deltakande. Kommunen har sett seg heilt konkrete mål. Innan 2014 skal det vere under 15% av talet på elevar på nivå 1 (5.trinn). På 8.trinn skal trinn 1 og 2 tilsaman vere under 14%.
Det må vere læringstrykk på alle nivå.
Kva rutiner har vi etter nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar mm? Blir dei brukt vidare av foreldre, elevar og lærarar for å betre læringa til den enkelte elev?

Den som sluttar å bli betre, sluttar å vere bra!
---

From good to great - Älta skole sitt utviklingsarbeid
Jag kan, jag duger
Jag vil, jag kan, jag duger.
Dette står det på veggen på Älta skole.
Skolen er oppteken av å halde på sine kjerneverdiar, men samstundes vere operative i forhold til pmverda. Kunnskapsdeling i personalet veldig viktig. Personalet bruker 5-6 timar i veka til samarbeid og møter.
Still elevane spørsmålet: Kan eg bli betre? Gjerne som ein spegel: Kan eleven bli betre? Kan eg som lærar bli betre?
Læraren skal gå inn på kvar enkelt elev, Kva er det han ikkje kan? Gå i detaljane.
Skolen har ei utviklingsklokke - det vil seie dei har faste punkt der sider ved skolen blir evaluert/vurdert. Det er viktig å skape ein kultur for deling av erfaring. Lære av kvarandre.

Eleven må få tydlege mål:
  • Måla må vere kjente av eleven då arbeidsoppgåva startar
  • elevane må kjenne til kva forventningar som blir stilt til dei
  • Eleven skal vite ka mål som er i læreplanen og ka som er vurderingskriteriene.
Det er svært viktig at læraren har klart for seg:
  • Kva er målet for emnet/læringa?
  • Kor skal eleven?
  • Kor er eleven no?
  • Ka har eleven utvikla av reiskap/hjelpemiddel? (kan han tolke, analysere, reflektere, løse problem...)
På Älta skole brukar dei òg PDCA skjemaet:
Nå analyse - plan - gjennomføring - analyse av resultat - setje nye mål. Dette er ein sirkel som må gå om igjen og om igjen.


----
No begynte eg å bli trøytt og hjernen var full av tankar på ka vi må gjere vidare. Ser av notata at eg skriv mindre og mindre. Lyttar og lar tankane fyke av stad.

Sist ute var
Rommen skole med: Gode resultat kjem ikkje av seg sjølv.
Rommen skole er ein skole med 840 elevar, 130 tilsette, 1-10.trinn, to mottaksklassar mm. 95% av elevane er barn av innvandrarar.
Skolen var den av Osloskolane som hadde størst positiv resultatutvikling på eksamen frå 2009 til 2010.
Skolen ligg over Oslogjennomsnittet på dei kommunale prøvane i lesing og rekning.
Skolen har auka elevtalet i norsk, matematikk og engelsk. Leksehjelp blir gjeve av lærarane (kor mykje pengar har dei?? Er det dei ekstra midlane til mottaksklassar som gjer dette mogleg?. Eg berre undrast)
Det settes høge krav til personalet. Vil du ikkje jobbe slik vi gjer her, ja så har du ingenting her å gjere. Leiinga set mål på ka dei vil ha som resultat og saman med personalet skal dei oppnå det. Det som blir vedtatt brukt, blir kontrollert (LUS, stasjonsundervisning, kartleggingsprøvar..)

Korleis blir utviklingssamtalane med elevar/føresette? Er det kosesamtalar eller samtaler som gjev effekt. Tenkjer då på målformulering, måloppnåing og trykk. Spiss måla!
Læraren skal òg spisse måla. Dei skal setje seg mål ut frå tema i strategisk plan

Leiinga hadde årshjul for oppfølging av lærarane:
(slik eg oppfatta det så var det avdelingsleiarane og assisterande rektor som stod for det meste av dette)
3 skolevandringar (aug/sept, okt/nov, mars/april) 2 punkt ein konsentrerte seg om på kvar vandring. logg.
3 individuelle samtalar. Oppfølging.
Teamsamtalar med avdelingsleiar etter behov
2 teamsamtalar med rektor pr år
3 medarbeidersamtalar. Den andre kort. Kun justering av mål og oppfølging. Her skal det skrivast logg med mål
Skolevandring:
Dette syntes eg var interessant og har lyst til å plukke opp:
Dømer på mål og fokus ved ein skolevandring:
  • Morgonrutine: Korleis blir elevane tekne i mot? Korleis startar dagen? Disponering av tid til ulike rutiner
  • Tidleg innsats Early Years: Oppstart med gjennomgang av dagens tema og læringsmål, gjennomgang av stasjonen, rutine og struktur på organiseringa,
Svara bir ført i loggskjema med tilbakemelding.
Andre emne under skolevandringa: klasseleiinga, rutine, ro og orden, stemmebruk,.....

Early Years
Dei filmsnuttane du finn her, gjev god informasjon ka "Tidleg innsats - Early Years" (TIEY) er.
  • systematisk organisering med korte og effektive læringsøkter
  • fokus på variasjon på ulike stasjonar ved innlæring
  • ulike lesestrategiar som gjev innhaldsforståing, omgrepslæring og aktiv munnleg deltaking
  • tydelege og nivårelaterte oppgåver
  • hyppig kartlegging av læringsutbytte til kvar enkelt elev
  • lærarstyrt stasjon: spesifikk undervisning, oppfølging og rettleia lesing
  • stort utval og varierte lesebøker tilpassa ulike leseutviklingsnivå
  • leksehjelp med rettleiing frå lærar.
Læringsstasjonane:
  • lærarstyrt stasjon
  • oppgåvestasjon
  • lesestasjon
  • datastasjon
  • forming/spelestasjon
Ved oppstart i 1.trinn er det foreldremøte med obligatorisk oppmøte. Her snakkar ein om TIEY og ka forventningar dei har. Skolen skriv kontrakt med føresette. Dei skal jobbe 15 min med elevane kvar dag. Skolen driv aktiv rettleiing av føresette i koss dei skal hjelpe barna.
Lærarane må stole på kvarandre. Vi er avhengig av at alle følgjer det som er bestemt. Nokre lærarar er leselærarar. Dvs dei er blitt dyktige på TIEY opplegget. Alle øktene i TIEY på 1-2.trinn er på 12 min. aukar til 15.minutt på 3-4.trinn. Det skal vere variasjon i innlæringa og stasjonane skal vere sjølvdrivne. Det er det viktig å drille elevane i ved skolestart.

Dei deler ein klasse på 30 inn i 6 stasjonar, ein på 25 er på 5 stasjonar. Gruppeoppgåvene på stasjonane er nivådelte.

Alle kartleggingar blir fulgt opp i skolevandringa, samtalar osb. Testane skal analyserast og det skal tiltak i gang der vi ikkje er nøgde.

-----
Så var det slutt. Flotte og interessante dagar på Quality Hotel 33 i Oslo. Ringer i vann traff blink denne gongen òg (minus eit føredrag). Det eg ikkje har skrive om er workshop i matte med Mona Røsseland. Her var tilbakemeldinga frå skolen sin representant svært så positiv!

lørdag 5. februar 2011

Ringer i vann - konferanse 2011 dag 1

24. og 25. januar var eg på Ringer i vann sin konferanse i Oslo. Gleda meg for det plar alltid vere mykje inspirasjon og idear å hente. "Den som sluttar å bli betre, sluttar å vere bra!"
Alt under er det eg oppfatta av det som blei sagt. Det som står i kursiv, er spontantankar undervegs medan eg lyttar til føredraga.

Kristin Halvorsen, kunnskapsminister:
Første kvinne ut var kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV). Ho var, som alltid, glødande engasjert. Veit mykje om skole og har tydeleg snakka med skolefolk og veit ein del om kor skoen trykkjer. Eg greier ikkje heilt å bli overtydd, men det har med dei vala dei har gjort dei siste åra: leksehjelp og fysisk fostring. To ting som kvar for seg er ok, men som dei lagar så krøkete i ressurs at administrasjonen har fått svært mykje arbeid for å få kabalen til å halte vidare. Samstundes skriv dei fine rundskriv om at vi bør ha små grupper for å få dette til. Var planen å tilsette ei mengd med assistentar for nokre timar pr dag? Nei, auk heller skoledagen og kutt leksene.
Ho starta med at det ikkje er olje og gass som reddar oss. Det er bare 10% av realformua. Så nemnte ho nokre til som var låge prosentar. Men den største prosenten var human kapital. Og i skoleverket er vi dei viktigaste formueforvaltarane. Lurar på om Statoiltoppane har forstått det? Eg er einig med Halvorsen i det, men syns det viser lite igjen i satsinga i samfunnet.

Halvorsen var oppteken av at det er for mange som ikkje greier å gjennomføre vidaregåande skole. Desse blir fort ein del av sosialstatistikken og fengselstatistikken. Ungdom som har fullført vidaregåande finnest ikkje som unge sosialklientar, uføre osb. Vi må få dei til å lukkast. Få læringa på deira nivå (No ventar eg spent på neste utspel frå ministeren...)

I 2006 var vi land nr 19 av 29 i lesing, no nr 9 av 33. Det har altså vore ei positiv utvikling hjå oss. Sverige er inne i ein negativ trend. Dei var betre enn oss i 2000. Kvifor? I Sverige har ein opna for privatisering og spesialisering. Det er ikkje kor du bur som gjer at du er på den skolen, men ka foreldra dine ville. Mange med same bakgrunn på same skole. Meiner Halvorsen. Eg opplevde det ikkje heilt slik på dei barneskolane eg har besøkt, men så sjekka eg det ikkje så nøye heller.

Det som  Pisa viser, er at vi har heva dei svakaste, men ikkje strekt dei flinkaste. Det vi såg på dei to siste tekstane i Pisaprøven, var at denne siste testen hadde keisam tekst i fht året før. Det verkar som om dei flinkaste gav seg fortare når teksten ikkje tende dei.

Ka veit vi at vi har gjort riktig?
  • Vi har tydelege vaksne
  • arbeidet er variert
  • oppgåvene tilpassa
Kva ser vi at må arbeidast med:
  • Vurdering/tilbakemeldingskulturen i skolen. Dette gjeld frå topp til botn. Vi har begynt arbeidet med å endre det.
  • Det skal arbeidast meir med skoleleing. Mellom anna skal det gjerast ei samanlikning mellom rektorar og andre like leiarar i andre sektorar. K. Halvorsen var tydeleg i at trengte vi større leiingsprosent så var ho den første til å støtte det. Det blir ikkje meir byråkratisering av å auke leiinga i norsk skole.
  • Ny lærarutdanning er på gang (har dei ikkje halde på med det lenge?) Søknaden til lærarutdanninga har gått opp med 30% på 2 år. Og fleire menn søkjer.
Det er matteskrekk i det norske samfunnet. "I vår familie kan vi ikkje matte" - er altfor vanleg uttrykk i landet. Vi må kome oss vekk frå denne redsla. Vi jobbar meir einsformig med matte her i landet enn i andre land. For monotont (hm. dette var spennande og musikk i mine øyrer. Spent på fortsetjinga)

Forsøket med alternativ opplæring i ungdomsskolen har vore ein suksess. No treng ikkje alle ta eit språkfag i tillegg til engelsk (og pendelen går... skjønar ikkje at det skal vere så vanskeleg å høyre på skolefolk for desse politikarane. Her sviktar alle regjeringar. Den altfor teoretiske skolen er det vel bare politikarar som har ønska seg?)

Kvaliteten på lærarane er det viktigaste i skolen, ikkje talet på elevar i klasserommet. Men det er betre med 20 enn 30. Statsråden vil jobbe for at det skal bli eit makstal pr lærar. Ho trur det er klokast å byrja med ungdomstrinnet fordi dei har dei største klassane.

Ein god lærar= Robin Hood+ Moder Teresa+ Petter Stordalen+ Einstein...........

Vi manglar forventningspress. Elevane har låge forventningar, føresette hugsar altfor godt nederlaga i eigen skoletid og har heller ikkje forventningar. Greier vi å få positive foreldre som forventar noko av barnet sitt, er vi på god veg. Eit godt læringsmiljø påverkar òg spesialundervisninga.

På slutten kom det to spørsmål frå salen:
  • Lærarane og arbeidstidsavtalen? Statsråden viste til at det er kommunane som avgjer arbeidstid og løn.
  • Leksehjelp: Ho ønskjer SFO timar inn i skoledagen, slik at det kunne bli meir heilskapsskole. Det er forsøk som verkar bra, men ho tar dette med seg og vil gjerne ha innspel i fht ny dag i skolen (svaret verka tamt på meg)
---

Vilkår for læring i skolen v/ Terje Manger, UIB.
(Manger er òg medforfattar saman med T. Nordahl)
Han starta med å nemne John Hattie. Han har eg høyrt namnet på ein del gonger no og innser vel at det er på tide å lese litt. John Hattie: Visible Learning. Kanskje i studiepermisjonen? Kort resyme av Hattie si bok finn du i Bedre skole 4/10. Veldig oversiktleg og god

Kva er det ved læraren som fremjer læring?
  • At han kan legge nivået litt over det dei kan frå før
  • at han kan gje elevane rett tilbakemelding. Den gode lærar knyttar tilbakemeldingane til dei små utviklingane i læreprosessen.
  • Lærar og elev kjem presis til timen
  • Den autorative vaksne= ein lærar som skårar høgt på evna til å setje seg inn i elevane sin behov, har omsorg og evne til å styre klassen. Dette er den beste læraren.
Skoleleiar og læring:
  • Skoleleiar må ha klare mål
  • Ha høge forventningar til lærarar og elevar
  • skapar trygt miljø for lærarar til å kritisera, stille spørsmål og støtte kollegaer
Kva ved skulen har lite eller ingenting å seie for læring (her bruker han Hattie)?
  • Klassestorleik har ingenting å seie. Uansett klassestorleik underviser vi på same måte. Det har vore lite fokus på undervisning i små grupper.
  • Læraren  sin fagkompetanse slår ikkje spesielt ut i forskinga. Det kan tenkjast at det er ein indirekte effekt: Fagtyngda kan gjere at dei gjer alt det andre (sjå over) riktig. Fagkompetanse er såpass høg at det vesle forskjellen ikkje viser.
  • Å dele elevar inn i evnegrupper. Dette viser seg å ha effekt i realfag der dei fekk jobbe saman med folk på same nivå og med lærarar som tar dei vidare frå dette nivået.
  • Opne/ tradisjonelle skolar skil seg ikkje frå kvarandre i undersøkjingane
  • Små skolar påverkar ikkje. Det er heller større fare for at elevar kjenner seg utanfor.
  • Aldersblanda grupper
Nasjonale prøvar gjev motstridande signal på om det påverkar læringa

Det som slår negativ ut:
  • å overlesse lærarane med nye emne å undervise i
  • elevmobilitet (einskild elevflytting). Bruk mykje tid på å ta i mot nye elevar. Dei treng nye nettverk for å vere klar for ny læring.
Meistringsopplevingar:
Miljø- åtferd - person.
Miljø: heim, skule, fritid
Åtferd: leseåtferd, matteåtferd, idrettsåtferd, musikkåtferd, uroleg åtfer, høfleg åtferd.....
Person: biologiske, kognitive og affektive forhod

Det viktigaste kognitive forhold er barnet si forventning til å kunne løyse oppgåva. Urolege ungar må lære å lese tidleg, slik at dei får meistringsopplevingar. Det er viktig å knytte sjølvverd til læring, Set konkrete mål på kort sikt. La måla ver litt over det nivået dei er på i dag.
  • Del opp aktivitetane til meistringsmoglege underaktivitetar
  • Identifiser spesielle dugleikar du vil at eleven skal utføre ved slutten av timen/perioden
  • Gje eleven rask tilbakemelding på prestasjonen
  • Hjelp eleven til å setje eigne mål der det er mogleg
Det viktigaste for lærarane å konsentrere seg om:
  • Relasjon
  • læring
  • trivsel
Klasserommet - det viktigaste og det mest lukka rommet.

--
Neste føredragshaldar kan eg sikkert hente noko frå når eg får tenkt meg om, men her er så mykje å hente frå konferansen så Cathrine Filstad og ordrikdommen hennar får kvile i fred i denne omgang.
---
Running All the Red Lights v/ Brenda Clark, USA:
Dette var ei spennande dame. Ho har vore kåra til årets rektor i Florida, har hatt dei fleste rollar mm.

Ho hadde møtt skolar som hadde dårleg læringsmiljø. Det meste var negativt, men personalet var bra. Ved å setje inn sterke leiingsgrupper kunne dei endre.
Start med:
  • Underveissjekk: Ka har elevane lært? Gå så vidare, eller stopp opp: Må eg finne andre måtar å gjere det på.
  • Sjå på resultata. Finn ut ka som ikkje verkar og gjer noko med det!
  • 99% av elevane skal få med seg det du lærer dei. Då har du lukkast. Det er ikkje ungen sin feil at føresette ikkje stiller opp, så ikkje gøym dykk bak det.
  • Veit eg at elevane har lært det eg ville dei skulle lære? Eller byggjer eg på at eg kan undervise i staden for at eg kan lære bort? Lær dei å lære!
  • Å klage på alle andre, fører ingen stad.
Vi må dyrke fellesskapet.
Vi skal alle bli betre for kvar dag - målet i klasserommet!

For å få til ein betre skole/ ein lærande skole:
  • Hugs alle barn kan lære
  • Sett ned få nøkkelprioriteringar
  • Ha tydeleg leiarskap. Stå fast ved det vi er einig om
  • Det må vere disiplin i troppene
  • Strategiane må ha presisjon
  • Hold folk ansvarlege for å gjere rett jobb
  • Med alle meiner ein ALLE:
Spør ungane: Kvifor er du her i dag? Spør kvar dag til dei er så innprenta at dei er her for å lære at det er det dei svarar. Og still dei spørsmålet: Ka har du lært denne timen? I dag?

Bruk data du får inn til å sjå på det som ikkje verkar og fiks det!

Vi vil jo at elevane skal ha suksess (no merkar eg at det er amerikansk. Ville ikke vi sagt at alle elevane skal lukkast?) Ingen vil på jobb for å mislukkast, så gje dei suksess!

Same spørsmål til deg sjølv som lærar: Kvifor er du her? Kvifor er du her for å undervise? Fordi du er glad i barn? Er det nok?
Vi må bygge ein kultur: Kvifor er vi her saman? Ka kan vi skape av læring saman?

Plan- do- study (check) - act. (PDCA). Dette skal du ha i bakhovudet alltid og jobbe etter.

Ka er det viktigaste for barna? Å gå litt i djupna eller overflate? Alt du meiner er slik, skal bevisast. Kom med data.

Ho slo eit slag for klasseromsvandring. Alle skulle bli betre, ikkje bare eleven. Vi må arbeide med det vi har lite data i.
Elevane blei på hennar skule måla kvar månad. Kvar 4.månad av høgare instans. I klasserommet blei dei måla kvar veke
Når du skal planlegge endringar/ undervisning, bør all planlegging starte med data. Ka veit eg om læring, denne type læring, elevane mine... Ver aktivt engsjert i kunnskap om kvart barn.

Eit team må trenast i å vere team. Vi må definere oppgåvene deira.

søndag 30. januar 2011

Å jubilere

Å vite at ein rundar halvt hundre, fører òg til tankar som skal eg feire  det? reise bort? Stor fest? Liten fest? Jentefest? Og er det nå noko å feire?

Eg bestemte meg tidleg for at feirast skulle det. Livet er trass alt verd både ein og to festar.
Det starta med at alle elevane feira meg. Eg blei oppdressa i antrekk passande for ein 50-åring meinte inspektøren... Elevane var heldigvis ærlege og kom fram og sa at eg var finare før :).

Feiring nr 2 var med søsken. Det å vere nest yngst med mange godt vaksne søsken, gjev jo refleksjonar. Koss vil eg bli? Ka for nokre former vil eg stivne i, ka for redsler vil eg dyrke.... Eg meiner jo eg har val om eg er bevisst. Men blir ein vaksen når ein i dei eldste sitt ordforråd tilhøyrer "småjentene heime"? Kjenner meg vaksen på ein annan måte. Mine vegar gjekk annleis enn deira og det gjorde noko med det å vere vaksen.

På sjølve dagen hadde eg laga eit festbord for spesielt inviterte. Å få spele brettspel med ungdommen, ha pakkeleiken, le og kose meg er akkurat slik eg vil ha det. Og når det heile blir toppa av ein fantastisk tale av to 16-åringar, kunne eg ikkje fått ei betre feiring.

Men 50. Ka er no det? At eg er moden, har eg heilt klart for meg. Håret er grått, rynkene mange, men det er vel det som stemmer med bilete av 50. Tenkjer på ka det er, medan eg spring nedover bakkane med hunden i helane, er hard på gassen eller ligg ut i skogen som figurant. Syns dei "barnslege" sidene er blitt sterkare. Eller skal eg heller kalle dei, dei trygge sidene? Er blitt så trygg på meg sjølv at leiken er nære, at eg spring over plenen og krev retten min om det trengs?

Eg var jo ikkje ferdig med å feire: 22.januar inviterte eg ca 40 vener til fest. Det var ein fryd å få presentere dei for kvarandre og oppdaga at livet mitt hadde gjeve meg mange spennande menneske med på vegen. Mange blir blaff som ein har noko felles med i studietida, jobb ol, men innimellom dukkar det opp diamantar som blir med på reisa vidare. Vi ser kvarandre ikkje så ofte, kanskje, men vi veit om kvarandre og kjenner kor godt det er å vere saman når vi er det. Det er dei menneska ein veit står der og kan ta deg opp igjen om det trengs. Å kjenne styrka frå dei, gjev meg gode røter. Og med gode røter , kan eg fortsetje å strekkje meg framover. Eg bles ikkje av. Røtene er der.
Eg er så heldig at mange ektefeller til veninner òg er blitt gode vener slik at dei ikkje er invitert fordi dei er ektefelle, men fordi vi er vener. Det kjenner eg er ein ekstra rikdom. Ein annan rikdom er at dei er ulike, men med fellestrekket: Ekte vare.

Ein sang måtte vi synge, nemleg "Song for fred" av Garborg: "Ja, lat oss strida og lat oss tru og byggja med tankar ei bivrande bru. Til den heilage høge framtid" Den teksten er sterk og seier vel det meste om ka eg trur på. "Ånd skal vinna på troll til sist". Godt å tenkje på når alle trolla boblar fram. Både i den store og vesle verda.

Mottoet mitt for kvelden, hadde eg henta frå boka til Johannes Møllehave og Benny Andersen: "Det skal merkes at vi lever":
Vi ved ikke hvem af os
der skal blive til ingen
eller noget ufatteligt andet
men i dag kan vi nå hinanden
og høre hinandens latter
Det må vi benytte os af
Drik ud
men langsomt
oppmærksomt
Spar ikke på angst og venlighed
Benny Andersen

Slik er gode møte og slik ønska eg at venene mine skulle møte kvarandre. Og det gjorde dei. Og eg fekk akkurat den kvelden eg ønska meg.

No er eg altså i gang med det 51. året og er varm om hjarta etter alle godord, kloke ord, lattermilde ord som eg fekk på vegen. Takk for at de gjer meg så søkkandes rik!